Havaristen

I sin sjølvbiografi fortel Thomas Bernhard, ironisk nok, at det var tuberkulose som fekk han til å starte å skrive som 19-åring. Han vart då lagt inn på eit tuberkulose-sanatorium. Håpet hans var at skrivearbeidet kanskje kunne gjere han frisk. Men alt i 1989 var det slutt. Han vart berre 58 år gamal.
Publisert 11.03.2002 19:17. Oppdatert 12.03.2002 16:07.
- Skriv ut
Takk, Carl Frode Tiller
Det var den ferske vinnaren av P2-lyttarane sin romanpris i år som nyleg, i eit avisintervju, minte meg på ei bok eg hadde gått glipp av. Alle som elskar Bach's musikk og ikkje minst "Goldbergvariasjonane", måtte berre lese "Havaristen" av Thomas Bernhard. (Originalen, "Der Untergeher" kom ut i 1983)
"Kunst og kunst herr Steinway"
"Glenn Gould hadde hele livet selv villet være "Steinway", han hatet tanken på bare å være mellom Bach og "Steinway'et" som musikkformidler."
Og "Havaristen" fortsetter:
"Det ideelle ville være at jeg var "Steinway'et", så ville jeg ikke ha bruk for Glenn Gould. Jeg kunne gjøre ham fullstendig overflødig."
Spilletime

Vi møter dei tre hovudpersonane i boka under eit klaverkurs i New York. Det er den vidgjetne pianisten Horowitz som underviser i to Bach-verk, "Goldbergvariasjonane" og "Kunst der Fuge". Som elevar møter vi Glenn Gould frå Canada og dei to austerrikarane, Wertheimer og den namnlause eg-forteljaren i boka.
Det går ikkje mange "takter" av det litterære variasjonsverket før vi får fortalt at stilt overfor kunsten, den verkelege og den store, gjennom Glenn Goulds spel, må dei to middelhavsfararane, Wertheimer (Wittgenstein?), som Glenn Gould gir namnet "Havaristen" og eg-forteljaren (TB), som Gould tiltalar som filosofen, begge to gi opp musikken.
Wertheimer sel sitt Bösendorfer på ein auksjon og melder overgang til dei åndelege vitskapane og blir ein heller svak aforisme-skrivar. Medan forteljaren gir bort sitt Steinway til ei 9 år gamal jente, og stig inn i det han kallar ein nedgåande, fatalistisk sjukdomsspiral.
Ord kan gjentakast
Eg hadde ikkje lese mange sidene før den norske forfattaren Jon Fosse dukka opp på netthinna. Og i hans essaysamling, som kom ut i 1999, "Gnostiske essay", fann eg provet på at Thomas Bernhard må ha påverka vår norske dramatikar og romanforfattar. Men rett nok fortel Fosse at han først hadde oppdaga denne åndsfrenden i ein nekrolog etter hans død. For Fosse vart det ei stor glede å møte Bernhard sitt repeterande, svarte, sterkt rytmiske språk.
Goldbergvariasjonane
Barokkens meisterDet knyter seg mange historier til Bach's geniale klaververk. Og Bernhard bruker den mest populære versjonen. Bach reiste i 1741 frå Leipzig til Dresden der han ved hoffet fekk bestilling på eit klaververk som skulle lindre søvnplagene til grev Karl von Keyserlingh. Og verket var det Bach-eleven Johann Gottlieb Goldberg som skulle foredra for greven, som var Russlands ambassadør ved hoffet.
Og dette verket, som skulle gi helsebot til stakkars Karl, er det som i "Havaristen" 200 år seinare, tar livet ev eit menneske utan håp:
"Hadde Wertheimer for åtteogtyve år siden ikke gått forbi rom nummer treogtredve i annen etasje i Mozarteum, husket jeg, nøyaktig klokken fire om ettermiddagen, ville han ikke ha hengt seg i Zisers ved Chur åtteogtyve år senere, tenkte jeg. Wertheimers skjebne hadde vært å gå forbi rom nummer treogtredve i Mozarteum akkurat i det øyeblikket da Glenn Gould spilte den såkalte aria i dette rommet".
Eit litterært partitur
Å lese "Havaristen" er som å gå på konsert. Ei av mine største konsertopplevingar i dei seinare år, var nettopp å lytte til dette geniale Bach-verket i Concertgebouw i Amsterdam, der Andreas Schiff var tolkaren. Og ei av plateinnspelingane han har gjort av "Goldberg" måtte eg sette på medan eg fortærte Thomas Bernhard. No blir eg, sjølv om eg også har ei innspeling med Rosalyn Tureck, nødt til å gå ut å kjøpe Glenn Goulds versjon også, til neste gong eg skal lese "Havaristen".
Harald Overå

Punkutstilling




























