Ine Marit Torsvik Bertelsen er litteraturformidlar, og les nesten alt som kjem ut av norske ungdomsbøker.
- Norsk litteratur er meir tilbakehalden enn svensk litteratur. Ungdomslitteraturen i Sverige har kome lenger i både tema og kor langt ein går når ein skildrar grensesprengande emne, sier ho.
Om tenåringsgraviditet
Den svenske forfattaren Katarina von Bredow har skapt debatt med si siste bok, "Som jag vil vara". Ei ungdomsbok om ei 15 år gammal jente som blir gravid, og som vel å behalde barnet.
- Dette er det siste eg lukkast med å lage rabalder rundt, seier von Bredow.
- Eg var ikkje klar over at det kom til å bli så mykje ståhei om boka. Det slo meg heller ikkje at tolvåringane skulle ta boka til seg som dei har gjort.
- Kven er det som har blitt provosert?
- Den siste som var veldig sint var ein ung kvinneleg kulturjounalist som syntes boka var ein forbrytelse. Eg har ingen intensjonar om å oppfordre femtenåringar til å bli mødrer. Eg skreiv ei bok som berre handla om denne eine jenta, seier ho.
Pedofilidebatt
Von Bredow har tidlegare skrive ei ungdomsbok om forelsking mellom to søsken - også den skapte oppsikt. Men ungdomsboka som har skapt størst reaksjonar i svenske medier i år er "Nu heter jag Nirak" av Peter Pohl. Han utforskar grensene for incest ved å skildre ei 14 år gammal jente sine lyster overfor stefaren og stebroren, som ho begge innleier forhold til.
Ein ”gubbsjuk fantasi”, meiner nokre, medan andre meiner boka skaper debatt om pedofili.
- I Sverige tør dei. Dei viser at det er rom for det meste også innan ungdomslitteraturen. Norske forfattarar bør sjå til Sverige for å sjå kva som faktisk fungerer der borte, seier Bertelsen.
- Den gløymde litteraturen
Men det handlar ikkje berre om forfattarane. Bertelsen ser at ungdomslitteraturen blir teke meir på alvor i Sverige enn i Norge.
- Sjangeren som sådan har noko å lære av det svenske. Ein har ei anna oppfatning av barne- og ungdomslitteratur i Sverige enn i Noreg. Dette er noko som debatterast meir i Sverige enn i Norge. Ungdomslittaraturen har blitt den gløymde litteraturen. Ein tenker at ungdommen kan finne litteraturen sjølv. Dette er ei stor misforståing. Difor treng vi også tydelege kritikarar som set ungdomslitteraturen på dagsorden og tar ungdomslitteraturen seriøst, seier ho.
- Lite merksemd i media
Forfattar Arne Svingen har skrive fleire barne- og ungdomsbøker. Han er enig med Torsvik Bertelsen, og synes sammenlikninga med Sverige er interessant.
- Det er særs lite merksemd rundt denne sjangeren i Norge. Eg skreiv sjølv ein roman som kom ut i Norge i 2005, som heiter Svart Elfenben. Den handlar om barnesoldatar, og eg trudde den inneheldt ein del element som ville skape debatt. Men bortsett frå ein spalte i Aftenposten fekk den ikkje merksemd i mediene. I år kom Svart Elfenben ut i Sverige. Den blei anmeldt i alle avisene, og har skapt debatt på nettet, seier han.
- Ein usynleg sjanger
Litteraturkritikar i NRK, Anne Cathrine Straume, innrømmer at ungdomsboksjangeren er ein gløymd sjanger.
- Sverige har ein mykje lenger tradisjon for diskusjon om ungdomsbøker. Sjangeren har blitt usynleg her heime. Det handlar nok blant anna om at det er enklare å rette seg seg enten mot vaksne, eller barn. Når det er sagt synes eg ikkje det er så stor forskjell på kva forfattarar i Norge og Sverige skriv om, seier ho.