Mars og Venus

'Mars & Venus': Pia Tjelta som Ida og Thorbjørn Harr som Mathias.
Foto: SF Norge ASUnderhaldande, men for kvardagsleg om kvardagens samlivskvaler.
Publisert 16.02.2007 18:00.
- Skriv ut
Det er kome mange norske filmar som virrar mellom merkelappane dramakomedie, komedie og romantisk komedie. Dei skal få oss til å le av medieverda, singelverda, sameverda, landsbygda eller indre Oslo. "Mars & Venus" skal få oss til å le av det absurde i samlivet mellom mann og kvinne, tidsklemma og karrierestigen. Men for at latteren skal setja seg fast i halsen lyt ein først le.
Bråk om båt
"Mars & Venus" er ingen umorsom film, den er berre noko uforløyst. For det rår liten tvil om at forutsenaden for humor finst i kvardagen til ein småbarnsfamilie.
Mathias og Ida er eit par i byrjinga av tredveåra, med to små born, Emil og Selma. Ekteskapet deira verkar tilslynelatande lukkeleg, men problema oppstår i det begge to skal realisera seg sjølv – om ikkje heilt på same måte. Mathias vil kjøpa seglbåt og Ida vil gjera karriere i arkitektbyrået der ho jobbar. Og så kjøper Mathias båt. Og helvete er laus.
Mathias bryt dermed ned heile konseptet familielivet er tufta på, nemleg at ein tek avgjerdsler saman.
Kven er skurken?
Men det største problemet med "Mars & Venus" er at ein som tilskodar ikkje veit kvar ein skal plassere sympatien sin. I den eine augneblinken er Mathias den uforsonlege som flytttar for seg sjølv i den nyinnkjøpte seglbåten og kikkar ekstra lenge etter jenter på tjue.
I neste no er det Ida som på barnsleg vis søker lukken med ein kollega. Rundt dei to står to single vener som rådgjevarar. "Eg er glad eg er singel", seier Ida si venninne Agnete, "då kan eg ligga med kven eg vil".
Kvardagsleg til det keisame
"Mars & Venus" er ein tett og godt fortalt film, den har tidvis morosame scener det er enkelt å kjenna seg att i om ein nokon gong har hatt eit kjærleiksforhold til eit anna menneske.
Dersom ein skal dela medkjensla likt på Ida og Mathias lyt historein vera sterkare.

Tilsynelatande rosenraudt i 'Mars & Venus'.
Foto: SF Norge ASDet må stå meir på spel enn eit ekteskap. Kan ei kvardagshistorie verta for kvardagsleg?
Kunne vore viktigare
Torbjørn Harr er fin som ein rufsete, småforvirra, sårbar og tidvis egoistisk ektemann og far. Pia Tjelta har mindre å jobba med. Ho vert passeleg truverdig som arkitekt, for søt, og er for lite nyansert.
Innimellom er dei så nær kvarandre at ein ikkje heilt skjønar kvifor dei ikkje kan ta ei flaske vin og finna ut av det. Begge vil jo.
"Mars & Venus" kunne ha vore ein viktigare film om samfunnet sin fragmenterte og meir tilfeldige familiestruktur, men den er likevel underhaldande og poengtert. Men slutten kan Hollywood ha for meg.
(NRK)
NRKs sommerbåt er på vei


























