Heimkoma
av Lars Amund Vaage
Publisert 14.12.2006 09:25.
- Skriv ut
Dei galne er spake no når dei ikkje er så galne lenger
Dei galne har roa seg for det svarte har blitt skore vekk i dei. Det vonde har blitt etsa ut av dei
Samtalar har kanskje hjelpt
Varsamt kjem dei galne heim frå terapien
Smilande ser dei seg rundt i bygda
Slik var det her, tenkjer dei
kjenner seg ikkje att
Eldtunger heng ikkje ned frå himmelen
Dei møter ikkje slike som ikkje finst
langs vegen. Endeleg finn dei fram
til husa sine, leitar etter
lysbrytarar
Alt er slik dei forlét det
Ingen har endra på noko, seier folk
det er berre grønske
vokster, rotne bord
Kan dei galne greia seg sjølve no
vaska huset, finna seg mat?
Kva finst der galskapen ein gong var?
Eit umøblert rom?
Kvite felt etter bilete?
Stille sit dei galne i stolen
ser granskande på meg når eg kjem
frå diktsamlinga Utanfor institusjonen (Oktober Lyrikk 2006)

West Side Story, Kilden 2012



























