– For meg blir det ikkje jul utan denne songen, seier Tine Thing Helseth om «O helga natt», songen med fransk melodi og svensk tekst som har blitt ein juleklassikar også her til lands.
– Eg har spelt den i kyrkja heime på Vålerenga kvar julaftan sidan eg var ti år gammal, og det byrjar å bli ei stund sidan. Eg skal gjere det i år igjen!
Tine Thing Helseth har denne hausten vore programleiar i NRK Klassisk. Ho presenterte radiokanalens julekonsert på The Thief i Oslo saman med programleiarkollega Per Sundnes.
Ding Dong Merrily On High
– Eg fekk med meg gutta på å lage ein Gillian Welch-inspirert versjon, sa Tine Thing Helseth om kveldens arrangement av «Ding Dong Merrily on High», som har melodi frå 1500-talet og tekst frå 1920-talet.
River
Joni Mitchells låt «River» frå 1971 handlar ikkje om jula, men har funne sin plass på julerepertoaret likevel, med handling lagt til førjulstida og lånte tonar frå «Bjelleklang».
Maria Wiegenlied
Max Reger er komponisten bak «Maria Wiegenlied» eller Marias voggesong. I denne versjonen er det Isa Katharina Gericke, norsk sopran og Tines nabo i Berlin, som syng.
When You Wish Upon A Star
Til slutt i konserten overraska Tine Thing Helseth publikum med å legge bort trompeten og synge ein låt sjølv: Disney-klassikaren «When You Wish Upon A Star» frå 1940.
Du kan høyre heile julekonserten i NRKs nettradio, eller på P2 julaftan kl. 19.30.