Hopp til innhold

– Eg gløymer at eg sit i fengsel når vi har korøving

Denne helga får Karim (32) fri frå Bastøy fengsel der han sonar ein niårig narkodom. Han skal nemleg til Trondheim og syngje på NRK si 60 timar lange salmesending.

Randi Gunhildstad og Karim

FÅR ALLTID KLEM: – Damene i koret har hjelpt meg gjennom både gode og vonde tider, fortel Karim (t.h.). Han sit i Bastøy fengsel, men ein gong i veka får han fri for å øve med Våle kirkekor og dirigent Randi Gunhildstad (t.v.).

Foto: Våle krikekor

– Eg har aldri vore med på noko slikt før, og eg fall jo pladask for alle desse fantastiske damene og herrane som er med i dette koret. Du kjem hit, og dei tar i mot deg med opne armar og du får ein klem.

FØLG SENDINGA HER:

Salmeboka minutt for minutt

FØLG SENDINGA HER!

Det seier Karim (32) frå Oslo. Han er ein av fire innsette ved Bastøy fengsel i Vestfold som er med i Våle kirkekor. I helga har dei fått permisjon frå fengselet for å reise til Trondheim med koret og syngje salmar under NRK sin salmemaraton som blir direktesendt på NRK2.

Ferda over fjorden

Innsette frå Bastøy fengsel har sunge i Våle kirkekor i 20 år. Det er den som til ei kvar tid er fengselsprest på Bastøy som har som oppgåve å organisere korøvingsturane.

– Det er til ei kvar tid to til seks innsette med i koret. På desse turane får dei i gradvis tilnærming til samfunnet, og vore i lag med folk utanfor fengselet. Vi har berre positive opplevingar med denne ordninga. Dei innsette set stor pris på det, og koret får jo fleire mannlege medlemmar. Det er det jo ofte mangel på, fortel Bårnes.

Karim har no vore med i koret i halvanna år.

Eg er jo muslim, men fødd og oppvaksen i Noreg og praktiserar det ikkje så mykje. Så eg klarar å sjå forbi at eg er i kyrkja og syng "Halleluja, Jesus er min frelsar". Det gjer meg ingenting.

Karim

– Eg var så heldig å få vere med på ei øving ein gong berre for å sjå, og eg synest det var så kjekt. Om eg har korstemme veit eg ikkje heilt, men eg trivst iallfall og gjer mitt beste, og det er det dei forventar av deg òg.

Kvar måndag tar karane frå Bastøy ferja over til fastlandet. Der blir dei møtt av ein betjent som fraktar dei i bil til kyrkja.

– Av og til så rekk vi innom butikken og får kjøpt oss ein brus eller ein sjokolade eller noko slikt. Så er det opp i kyrkja, varme opp, syngje, drikke kaffi og kose seg. Så er det same ruta tilbake, fortel Karim.

LES OGSÅ: Sørkoreansk superstjerne vil synge salmer på NRK

Normalitetsprinsippet

I Bastøy fengsel har dei innsette nokså frie tøyler. Dei har mange typar jobbar å velje mellom, til dømes med landbruk, skog, på båten til fastlandet eller i butikken. Dei har eit normalitetsprinsipp der dei prøver å gjere livet i fengselet så normalt som mogeleg slik at overgangen til samfunnet blir så lett som mogeleg.

– Det er folk som kjem ut av fengsel og som ikkje eingong klarar å gå på eit kjøpesenter etterpå. Det er for mykje folk overalt, og du klarar ikkje føre ein samtale med vanlege menneske, fortel han.

Samarbeidet med Våle kirkekor er ein del arbeidet med å gjere det lettare for dei innsette når dei kjem ut av fengselet.

(artikkelen held fram under biletet)

Våle kirkekor

GLEDE VIKTIGARE ENN SONGEN: I Våle Kirkekor er det å ha det bra viktigare enn songen.

Foto: Våle kirkekor

Får kos av koret

– Eg likar å kalle det eit gospelkor i staden for eit kyrkjekor. Eg er jo muslim, men fødd og oppvaksen i Noreg og praktiserar det ikkje så mykje. Så eg klarar å sjå forbi at eg er i kyrkja og syng «Halleluja, Jesus er min frelsar!». Vi syng alt mogeleg, og det er mykje av det som ikkje er så veldig kristeleg. Det er det som gjer det veldig kjekt!, seier Karim

I Våle kirkekor er dei ikkje fordomsfulle. Ingen har spurt Karim kva han sit inne for, men han har sjølv valt å fortelje det til dei.

– Om to år er eg ferdig med dette kapittelet i livet, og då er det å prøve å ikkje miste seg sjølv på vegen. Damene i koret har hjelpt meg gjennom tunge og tøffe tider. Eg kan kome dit og fortelje dei kor kjip kvardagen min er, og dei lyttar, kjem med råd og gjev meg ein kos, og det er slik det skal vere!

Gjennom 20 år med korsamarbeid har det vore mange innsette inn og ut av Våle kirkekor, men dei har heldt kontakten med fleire av dei.

– Eg har jo sjølv eit mål om å kome hit på korøving når eg er ein fri mann. Det tar jo litt tid å reise frå Oslo, men det skal eg prøve å få tid til. Og så har eg tenkt å ta med sambuaren min, då, og så blir det vår kosekveld i løpet av veka, smiler han.

LES OGSÅ: Samiske kor deltar på sangdugnaden

– Eg er litt nervøs

I helga skal Våle kirkekor vere med på Salmeboka minutt for minutt på NRK2 og nrk.no. Laurdag mellom kl.21.30 og 22.30 syng dei i Vår Frue kirke i Trondheim.

– Det er litt ubehageleg å skulle stå der framme og syngje salmar på TV. Eg er ikkje så glad i kamera og mikrofonar, så eg er litt nervøs. Men eg gler meg òg, og eg har reklamert masse for det på øya her, så dei kjem til å sjå på. Dei må vel sjå om eg drit meg ut, ler han.

I tillegg til Våle kirkekor er 190 andre kor frå heile landet med og syng salmeboka minutt for minutt. Sjå oversikta her: Hvilke kor synger hva i NRKs salmemaraton?

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.