Hopp til innhold

Slik vil Apple knuse Spotify

Apple vil strøyme musikk til ein langt billegare pris enn Spotify og Wimp. Det kan artistane tene på, trur musikkjournalist.

Spotify og Apple i priskrig om musikk

FÅR UTFORDRAR: Spotify er den største straumetenesta for musikk i Norge, men i mars 2015 så kjem Apple med sin utfordrar.

Foto: DADO RUVIC / Reuters

Neste år så vil alle som har ein iPhone eller iPad automatisk få installert musikktenesta Beats Music. Dette vil bli Apple si storsatsing for å ta opp kampen med Spotify og for å kome på banen for alvor med musikkstrøyming. Alle som har ein iPhone eller iPad vil automatisk få programmet:

– Denne konkurransen vil skjerpe aktørane, og eg trur dette vil kome forbrukarane til gode, seier musikkjournalist Trine Jørgensen Aandahl i NRK P3.

Alle med Ipad eller Iphone får Beats

ALLE FÅR: Frå mars 2015 så vil alle som kjøper nye iPhone eller iPad eller oppdaterer dei ein har automatisk få Beats Music.

Foto: DENIS CHARLET / Afp

Forhandlar med platebransjen

Apple skal no prøve å ta opp konkurransen med pris. Spotify kostar 99 kroner for betalingsversjonen i Norge. Når Beats kjem så vil dei ikkje ha ein gratisversjon med reklame slik som Spotify har.

Beats vil ein måtte betale for. Ifølge New York Times så prøvar no Apple og Beats å forhandle fram ein avtale med platebransjen slik at dei skal koste 50 kroner månaden.

– Kan skjelve i buksene

Beats Music blei kjøpt opp av Apple frå blant andre rapparen og business-mannen Dr.Dre for 3 milliardar dollar.

Journalist i Din side og Dagbladet , Kirsti Østvang, seier at Apple har eit godt utgangspunkt:

– Det er 800 millionar som har iPhone eller iPad i dag. Det er ikkje sikkert dei vil lukkast. Men, om dei har ein konkurransedyktig pris så trur eg dei vil det. Spotify har i dag 10 millionar betalande brukarar. Om då Apple vil få 100 millionar, så trur eg Spotify vil skjelve i buksene.

Dr. Dre starta Beats Musci

SELDE: Businessmann og rappar Dr. Dre selde Beats Music til Apple for 3 milliardar dollar.

Foto: Andy Kropa / Ap

Trur artistane vil få meir

Fleire artistar har halde tilbake den nye musikken dei slepp frå strøyming, i håp om å selge meir på CD og at folk skal laste ned og betale for musikken.

Taylor Swift trakk nyleg all musikken sin frå Spotify fordi ho meiner ho tente for lite.

Journalist i NRK P3, Trine Jørgensen Aandahl trur at konkurranse mellom strøymetenester vil gje meir pengar til artistane:

– Om Beats veks seg like stor som Spotify så vil det auke konkurransen. Det igjen fører til at musikktenestene må by over kvarandre, då kan det vere at artistane kjem betre ut av det. Det håper eg fordi i dag er det åpenbare utfordringar med at artistane tener lite på strøyming, seier Jørgensen Aandahl.

Les også:

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.