– Eg gjer meg veldig få tankar om grunnen til min suksess, eller korleis eg kan oppnå suksess, seier Stefan Herheim til NRK.
Stefan Herheim var torsdag i Oslo for å ta imot Anders Jahres kulturpris på 500.000 kroner.
Les:
– Ville vore utenkeleg for seks-sju år sidan
Herheim regisserte i sommar Wagner-operaen «Meistersongarane i Nürnberg» under festspela i Salzburg, og hausta raust med lovord mellom anna frå New York Times.
Mellom tilskodarane var Peter Gelb – operasjef ved Metropolitan-operaen i New York, verdas kanskje mest prestisjetunge operahus. Gelb har teke initiativ til å hente framsyninga til «The Met», og viss alle forhandlingar går i orden, går teppet opp for Herheims regi i løpet av 2019.
– Eg er ikkje sikker på om det berre er ein kompliment å bli kontakta av «The Met», ler Herheim.
– For seks-sju år sidan ville det ha vore utenkeleg – eg har vore sett på som ein enfant terrible som ikkje passar inn i det tradisjonelle teatersynet dei praktiserer der. Det verkar kanskje ubeskjedent, men det har ikkje vore nokon stor draum for meg å jobbe der – sjølv om det er eit fascinerande operahus.
Høyr heile intervjuet med Stefan Herheim i Spillerom søndag.
Du kan høyre Salzburg-oppsetjinga av «Meistersongarane i Nürnberg» i NRK sin nettradio.
Les: Mestersangerne i Nürnberg
– Eg går veldig musikalsk til verks
Stefan Herheim har dei siste åra fått mykje merksemd som ein av dei mest nyskapande operaregissørane internasjonalt. I haust debuterer han ved Londons operastorstue Covent Garden med Verdi-operaen «Les Vêpres siciliennes».
Les:
– Det som karakteriserer mitt arbeid, er at eg går veldig musikalsk til verks, fortel Herheim.
– Eg spekulerer ikkje i verknadane av det eg gjer, utover min eigen trong til å få noko til å fungere. Målet er å på vegner av komponisten gjere verket levande, få det til å tale til oss slik det var meint å gjere.
– I operasamanheng er teksten som vert sungen ofte sekundær i høve til musikken, som formidlar det som ligg bakom. Eg prøvar å formidle det den indre dynamikken i partituret utgjer for det vesentlege i historia. Det kan vere noko heilt anna enn det ein ventar seg ut frå handlinga, som berre utgjer eit slags spor.
Førebels siste Herheim-framsyning ved Den Norske Opera var «Salome» i vår. Nye samarbeid er på trappene, men førebels ikkje offentleggjort.
Les:
Les: