Når Kringkastingsorkestret sin konsertserie «Torsdags-live» har premiere på P2 i kveld, vil publikum kunne kome med innspel og spørsmål til musikarane på sms og sosiale medier, og publikum i salen får filme og dele frå konserten.
– Folk ønskjer å dele frå sine store opplevingar, og då er det naturleg at dei som er i salen skal kunne dele sine inntrykk med det norske folk, seier Ragnhild Veire, redaksjonsleiar for klassisk musikk i NRK radio.
Stjernecellist Truls Mørk skal rett nok få opne kvelden som solist utan at det vert oppfordra til å hente fram dei små smarte. Etter pausen er det derimot fritt fram når Kringkastingsorkestret spelar musikk av Jimmy Lopez og Igor Stravinsky.
Kringkastingsorkestret er i kveld tilgjengeleg via sms på 1987 (kodeord KORK), på Facebook, på Twitter som @KORKtweets og på Instagram som @KORKfoto. Bruk emneknagg #torsdagslive
– Folk er veldig glad i å dele musikkopplevingar
Mobilbruk på konsert skaper sjeldan overskrifter i pop- og rocksamanheng, men i klassisk samanheng har det vist seg problematisk, ikkje minst når ringetonar overdøyver musikken.
Tidlegare i sommar gjekk den polske pianisten Krystian Zimerman av scenen i protest mot ein publikummar som filma frå konserten. Andre musikarar har reagert på at fotografering forstyrrar musikkframføringa.
Les:
Ragnhild Veire understrekar at det vert gitt enkelte retningslinjer for mobilbruken, til dømes å slå av ringelyden, og er ikkje bekymra for at mobilbruken skal øydeleggje konsertopplevinga:
– Folk er blitt veldig glad i å dele, ikkje minst musikkopplevingar, så kvifor ikkje gjere det i kontrollerte former under ein klassisk konsert?
Den nye dirigenten er på plass
Konserten i Universitetets Aula er ikkje berre Kringkastingsorkestrets sesongopning, det er også innsetjingskonsert for deira nye sjefdirigent Miguel Harth-Bedoya.
– Førsteinntrykket mitt av orkesteret var at dei lytta med stor merksemd, sa Miguel Harth-Bedoya i eit TV-intervju med NRK sist vinter.
– Det er svært viktig for meg – full merksemd frå orkesteret og gode framføringar er mi beste løn som dirigent.
Sjå i nett-tv:
Den peruanske 45-åringen er også sjef for Fort Worth symfoniorkester i Texas, og har dirigert fleire av dei beste symfoniorkestera i USA. Sist Harth-Bedoya dirigerte Kringkastingsorkestret, var under Festspillene i Bergen i mai.
Les:
Kringkastingsorkestrets konsert frå Universitetets Aula vert overført direkte i NRK P2 frå kl. 19.30.