Monteith er best kjend for si rolle som Finn Hudson i den amerikanske TV-serien Glee.
Han blei funnen død på rommet sitt i 21. etasje av Fairmont Pacific Rim Hotel ved hamna i Vancouver laurdag, ifølgje kanadisk politi.
Han blei 31 år gamal.
Ikkje mistanke om kriminell handling
Det er ingen teikn til at det har skjedd noko kriminelt, opplyser visepolitisjef Doug Lepard.
– Me har ikkje særleg mykje informasjon om dødsårsaka, seier rettsmedisinar Lisa Lapointe, som er sitert av nyheitsbyrået AP.
På Twitter-kontoen sin presenterte Corey Monteith seg som «høgreist, klønete, kanadisk, skodespelar, trommeslagar, person».
Monteith var open om at han sleit med rusmisbruk. Han har tidlegare fortalt at misbruket var så ille at han var heldig som framleis var i live.
I april i år la han seg inn på ein avrusingsklinikk og bad via ein talsperson om å få vera i fred medan han kjempa seg ut av avhengigheita. Rusproblemet var langvarig. Den kanadiske TV-stjerna var også inne til avrusing som 19-åring.
Golden Globe
Serien Glee er ein hybrid av musikal-, komedie,- og dramasjangeren.
Karakteren til Monteith, Finn Hudson, er ein amerikansk high school-fotballspelar som risikerer statusen og populariteten sin ved å bli med i glee-klubben, eit show-kor med dei upopulære og utstøytte på skulen.
LES OGSÅ: Filmpolitiet vurderer første sesong av Glee
Første sesong vart nominert til ei rekkje prisar, blant anna 19 Emmy Awards og fire Golden Globe. I 2010 vann den Golden Globe-statuetten for beste TV-serie i kategorien musikal eller komedie.
Monteith har også hatt mindre roller i filmar som Final Destination 3 og Whisper, og gjesteroller i seriar som Smallville, Supernatural og Stargate Atlantis.