Hopp til innhold

Våre innerste tankar på nettet

Permane til Cathrine Louise Finstad er stappfulle av nordmenn sine inste tankar og løyndommar. Ho står bak nordmenn sin heilt eigen digitale skriftestol.

«Jeg vil ha tilbake jomfrudommen min»

Denne løyndomen tikka inn til Cathrine Louise Finstad klokka 08.10 onsdag morgon.

Den skjulte tanken frå ein anonym person er ein av om lag 40 som kjem til å hamne i innboksa til Cathrine i løpet av denne dagen.

– Både gode og vonde løyndommar

På nettstaden norskehemmeligheter.no sender nordmenn inn sine inste tankar og løyndommar, heilt anonymt. Illustratørane Cathrine Louise Finstad og Elise Sofie Østby tek dei imot, illustrerer så mange dei klarer, og publiserer dei.

– Det går mykje tid med i prosjektet. Målet vårt er å dele og illustrere løyndommar som folk sender inn, fortel Cathrine.

Cathrine Louise Finstad

FULLTIDSJOBB: Illustratør Cathrine Louise Finstad brukar mange timar på å illustrere nordmenn sine løyndommar.

Foto: Susanne Egset / NRK

Sidan oppstarten i 2009 har over 32.000 menneske bekjent seg til den digitale skriftestolen til Cathrine og Elise. Om lag 1300 personar har fått løyndomen sin illustrert og publisert.

– Vi får inn så utruleg mange forskjellige løyndommar. Folk held på både gode og triste ting. Det er spennande å sjå kva tankar folk går og ber på, fortel Cathrine.

Ideen fekk dei frå Frank Warren, som har hatt eit tilsvarande prosjekt i USA der folk kunne sende løyndomane sine på postkort. Cathrine og Elise har tilpassa prosjektet til eit norsk publikum.

– Det er låg terskel for å skrive inn nokre setningar på nett, seier Cathrine.

Jeg pleier å velge meg ut en tilfeldig person på gaten som jeg ber en bønn for og ønsker alt godt for videre i livet

Norskehemmeligheter.no

– Ikkje alt blir illustrert og lagt ut, men vi tek vare på absolutt alt vi får inn.

Er det nokre løyndommar som gjentek seg?

– Det er vanskeleg å seie kva som er ein typisk norsk løyndom, men det er stort sett snakk om kjensler som vi skjuler. Nordmenn blir ofte karakterisert som kalde og reserverte, men folk er utruleg rause i det dei deler på denne sida, fortel ho.

«Eg har vonde tankar»

Dei illustrerte løyndomane på Norske hemmeligheter handlar om alt frå seksualitet, eteforstyrringar og psykiske problem, til hemmelege planar om å skilje seg eller frykta for å gå på offentlege toalett.

Norske hemmeligheter-hemmelighet

Ein person har tilsett ein annan for å vere snill.

Foto: Norske hemmeligheter

I permane fulle av løyndommar som enno ikkje har sett dagens lys, finst det vedkjenningar som kan få kven som helst til å løfte eit augebryn eller to, til dømes dette:

«Eg elskar han. Han elskar ikkje meg. No skal vi ha barn. Han veit det ikkje».

Andre løyndommar er meir uskuldige, men er like fullt ein løyndom.

«Jeg har lyst til å bli lokfører. Det ser så kult ut»

Slik som tankane våre, handlar også løyndommane ofte om ting som skjer i nyheitsbiletet eller tida på året den blir sendt inn på.

– Vi ser mykje likt etter kva sesong vi er i. Om sommaren handlar mange løyndommar til dømes om kropp og bikinisesong. I jula er det mange som skriv om angst, og kjensla av å ikkje ha ei like fin jul som alle andre, fortel Cathrine.

I tillegg til sesongane, er det ofte andre ting i samfunnet som påverkar kva slags løyndommar folk sender inn til nettstaden.

– Til dømes då alle kunne sjekke skatten til kvarandre, og når likninga kjem, er det mange som skriv løyndommar om økonomien sin, fortel Cathrine.

Mengder av norske hemmeligheter

FULLE PERMAR: Til no har over 32 000 menneske sendt inn løyndommar, og alle som blir sendt inn blir tatt vare på.

Foto: Susanne Egset / NRK

Angst for terror

I tida etter 22. juli og under 22. juli-rettssaka merka illustratørane ein auka pågang av folk som kjenner på terrorfrykt.

– Eg hugsar særleg ein person som skreiv at han var redd for å bli sprengt i filler når han gjekk på gata. Slike ting var det fleire som skreiv den tida, seier ho.

Nokre løyndommar gir lite rom for tolking. Andre får Cathrine gjerne til å lure litt på kven som står bak.

Skal eg døy utan å ha sagt Eg elskar deg?

Norskehemmeligheter.no

– I går var det ein som skreiv «min draum er å kunne unne andre suksess». Slike ting får ein til å lure på kven det er, kva det betyr. Det er ei enkel setning, men ofte ligg det mykje bak orda som gir rom for å spekulere i omstenda rundt det, seier ho.

– I tillegg er det interessant å sjå på klokkesletta dei blir sendt inn. Når dei fleste søv, så viser det seg at nokon nettopp har ete opp eit heilt peparkakehus og fortel at dei slit med overspising, fortel ho.

Skrivefeil fortel noko

Både skrivemåte og tema kan også seie noko om kven det er som står bak den insendte løyndomen.

– Vi redigerer aldri tekstane vi får inn, med unntak av enkelte tastefeil. Difor er det både løyndomar på dialekt og med grammatikkfeil som blir publisert. Det er eit poeng i seg sjølv at måten folk skriv på, til dømes om det er på dialekt, kan seie noko om kven dei er og kvar dei kjem frå, seier ho og legg til:

– Det meste som kjem inn er på bokmål, men vi skulle gjerne ha fått inn litt meir på nynorsk.

Overspising

Peparkakehuset forsvann den natta.

Foto: Norske hemmeligheter

Skapar eit samhøyr

Cathrine syns det er spanande å få vite kva folk tenker på i sitt indre sinn.

Mange trur dei er åleine om enkelte tankar eller kjensler. Norske hemmeligheter kan vere ein arena for folk til å oppdage at det finst andre med same løyndomane som seg sjølv, meiner Cathrine.

– Folk får eit innblikk i korleis andre tenker, både om gode og vonde ting. Ofte får vi tilbakemeldingar og kommentarar til løyndommar som er publisert, og dei går ofte ut på at ein kjenner seg att i det, fortel ho.

Både Cathrine og Elise er utdanna illustratørar frå Norges Kreative Fagskole. Prosjektet er ein god måte for dei å få vise seg fram som illustratørar.

– Det er fint å få arbeide med det eg er utdanna som. Å drive med Norske hemmeligheter er god markedsføring for oss som illustratørar, og så er det så engasjerande å halde på med det, seier Cathrine.

Ei motvekt til «Facebook-lukkebobla»

Det er unekteleg mykje trist å lese på Norske hemmeligheter.

Cathrine syns det er viktig å få fram at folk ikkje er åleine med å kjenne seg einsame eller mislukka når dei samanliknar seg med korleis andre framstiller liva sine i andre bloggar og på Facebook.

– Når vener på Facebook legg ut bilete og statusoppdateringar av at dei bakar kaker og går på fjellet og er tilsynelatande verdas lukkelegaste menneske, er det lett for andre å føle seg einsam og utanfor, seier ho.

Cathrine Louise Finstad les gjennom norske hemmeligheter

SPANANDE: Cathrine Louise Finstad ser gjennom eit utval av dei 32.000 løyndomane ho har fått inn.

Foto: Susanne Egset / NRK

– Det er fort gjort å tru at ein er åleine om å tenke slik, men det er overraskande mange som kjenner det på den måten, og fortel om det til oss, seier Cathrine.

– Det blir eit slags samhøyr, og eg trur det er med på å fjerne fordommar når folk ser kva andre deler her inne.

Vil utvide prosjektet

I 2011 blei dei illustrerte løyndomane samla og utgitt i bokform. Debutboka Norske Hemmeligheter inneheld 200 løyndommar, illustrert i den same collagekunsten som løyndomane på nettstaden.

I tillegg har prosjektet blitt stilt ut på fleire kunstutstillingar. Håpet for framtida er å kunne utvide prosjektet endå meir, og å få på plass sponsorar slik at det er mogleg å illustrere fleire løyndommar i døgnet enn dei kan no.

– Hovudfokuset no er å få tid til å illustrere flest mogleg løyndommar. Bunkane veks og veks, og vi jobbar stadig med å få inn økonomiske midlar til slik vi forhåpentlegvis kan utvide prosjektet.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober