Hopp til innhold

Slik unngjekk nazistane straff

Ei ny bok avslører korleis nazistar fekk hjelp til å rømme til det gode liv i Sør-Amerika etter andre verdskrig.

Josef Mengele, foto 1944

RØMTE: Josef Mengele (nummer to frå venstre) er ein av fleire profilerte nazistar som rømte til Sør-Amerika etter krigen, og aldri blei straffa. Her på biletet frå 1944 saman med fleire nazistar som arbeidde i konsentrasjonsleiren Auschwitz.

Foto: HO / AFP

Den tyske historikaren Daniel Stahl har skrive boka Nazi Hunt: South America's Dictatorships and the Avenging of Nazi Crimes.

Daniel Stahl har basert boka på eit grundig gravearbeid i både europeiske og søramerikanske arkiv.

Forfattaren er komen til den skamfulle konklusjonen at nøkkelpersonar på begge kontinent, både rettsinstansar, politi og regjeringar, var motvillige til å jakte ned krigsforbrytarane, og at dei til og med brukte fleire tiår på å hindre at dei blei tatt.

Boka avslører korleis regjeringar rundt om kring i verda hjelpte profilerte nazistar å sleppe unna, og kvifor dei gjorde det.

Styresmakter frykta søkelyset på seg sjølv

Ifølgje dokument som Stahl viser til i boka, frykta mellom anna Frankrike at strafferettssaker ville avsløre at dei dreiv eit omfattande samarbeid med nazistane. Sør-Amerika frykta at søkelyset ville bli retta mot deira eige harde regime, og Vesttyskland ville hjelpe «gamle kameratar» med å kome seg unna.

Verda i dag hugsar framleis dei grufulle hendingane frå krigen og konsentrasjonsleirane.

LES: Herman fikk et nytt liv i Norge

LES: Jødebarnas ukjente redningskvinne

Josef Mengele

DØDSENGELEN: Josef Mengele, også kalla dødsengelen, er kjend for å ha utført umenneskelege eksperiment på fangane i Auschwitz. Han flykta til Argentina og Brasil.

Foto: Scanpix

Stahl si nye bok har no blotta korleis mange av mennene bak Holocaust var i stand til å sleppe unna straff i fleire tiår, og som i mange tilfelle levde komfortable liv, ustraffa, heilt fram til dei døydde ein naturleg død.

«Dødsengelen» Mengele levde det gode liv

Og det var ikkje berre ukjende «småskalanazistar» som fekk hjelp til å kome seg unna.

Mellom dei som slapp unna, var den kjende «Dødsengelen» Josef Mengele, kjend for å ha utført ekstreme og umenneskelege eksperiment på fangane i konsentrasjonsleiren Auschwitz.

LES: «Dødsengelens» dagbøker solgt

LES: Edith overlevde "dødsengelen"

Mengele flykta til Argentina og levde eit godt liv først i Buenos Aires og deretter i Brasil under skydd frå den brasilianske regjeringa. Det blei spekulert i at han døydde i ei symjeulukke i Brasil i 1980, men ifølgje Stahl er det usikkert kva som eigentleg skjede med Mengele til slutt.

Brasil frykta politiske motstandarar

Stahl konkluderer i boka si at Mengele aldri blei tatt fordi franske politifolk ved Interpol nekta å søke etter han, fordi dei skal ha samarbeidd med nazistane.

Grunnen til at brasilianske styresmakter ikkje ville utlevere Mengele, var at dei frykta politiske motstandarar ville byrje å stille krav som kunne svekke autoriteten deira. Ifølgje boka til Stahl frykta styresmaktene at motstandarar ville krevje at alle lovbrot i Brasil skulle kome for retten, inkludert dei som blei utført av militæret og politiet.

LES: Avvist av Norge – havnet i dødsleire
LES:
Den siste overlevende

Dømt til døden, Brasil nekta å utlevere

Også Gustav Wagner, ansvarleg for 150.000 drap i utryddingsleiren Sobibor, rømte til Sør-Amerika. Wagner blei dømt til døden in absentia, men klarte å kome seg til Brasil, der regjeringa fleire gongar nekta å utlevere han.

Han blei funnen i Sao Paulo med ein kniv i brystet i 1980.

LES: CIAs nazi-arkiver frigitt
LES: Nazi-lege funnet i live

Walter Rauff, ein berykta SS-oberst som var sentral i å skape nazistane sine berykta mobile gasskammer, blei halden personleg ansvarleg for drapet på minst 100.000 menneske under andre verdskrig.

Lagde mobile gasskammer – aldri stilt for retten

Dei tilsynelatande ufarlege varebilane han hjelpte til å utvikle, byrja å dukke opp på mentalsjukehusa i Det tredje riket i 1940. Offera hans blei skyssa inn i hermetisk forsegla rom bak i bilen, der dei innelåste menneska døydde av eksosforgifting.

Hovudtyngda av offera til Walter Rauff var kommunistar, jødar, romfolk samt fysisk og psykisk sjuke.

LES: Hitlerstatue provoserer
LES: Hitlers nevø tryglet om å kjempe mot nazistene

Sjølv om han blei halden personleg ansvarleg, klarte han likevel å flykte til Sør-Amerika etter krigen. Derfrå reiste han fleire gongar, ustraffa, tilbake til Tyskland som ein representant for eit selskap gjennom heile 1950-talet.

Saka held fram under biletet

Eichmann rettssak

RETTSSAK: Adolf Eichmann blei kidnappa av israelske styresmakter og dømt til døden. Biletet frå 1961 viser Eichmann under rettssaka, i eit glasbur omringa av vakter.

Foto: Ap

Tyskland sendte ut ei arrestordre i 1961, men Rauff blei aldri stilt for retten. Stahl har funne bevis i tyske arkiv som viser at eit medlem av utanriksministeriet i Tyskland utsette forsøka på å få han utlevert med vilje i heile 14 månader, slik at han skulle få tid til å flykte.

Han døydde i Chile i 1984 og hundrevis av gamle nazistar samla seg til gravferda hans i hovudstaden Santiago.

Ifølgje boka til Stahl var saka til Rauff typisk. Adressa hans i Santiago var kjend, gjerningane hans var kjende, men dei søramerikanske styresmaktene nekta å utlevere nazistane.

Måtte kidnappe han for å straffe han

Fleire og fleire bevis dukkar opp, og bevis som Stahl har samla avslører korleis ein «koalisjon av villige», offentleg tilsette og regjeringar, bevisst hindra Hitler sine menn frå å ta imot straffa si.

For berre to år sidan blei tyske etterretningsfiler lekkt ut, som avslørte at den vesttyske regjeringa visste i eit tiår at SS-offiseren Adolf Eichmann gøymte seg i Sør-Amerika.

Den israelske etterretningstenesta Mossad spora han opp til slutt og kidnappa han i Argentina i 1960. Han blei frakta til Israel der han blei dømd for lovbrot mot menneskeslekta og hengt i 1962.

Det måtte ein ny generasjon til

Stahl skriv i boka at den tyske og franske motstanden mot å stille nazistar for retten byrja å svinne tidleg på 1980-talet, då ein ny generasjon byrja å prege både politikken, politiet og rettsinstansane.

LES: Politiet ber jøder om unnskyldning

LES: Tyskland kan be om forbud mot naziparti i 2013

Han skriv mellom anna om arrestasjonen og rettssaka mot Klaus Barbie, den berykta Gestapo-sjefen i Frankrike, og påpeikar at både Tyskland og Frankrike saman gjekk etter Barbie for å få han utsendt frå Bolivia.

Han blei sendt til Frankrike i 1983 og først då stilt for retten for lovbrota han gjorde 40 år tidlegare.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober