Hopp til innhold

Miljø-Arnold på plass i Oslo

I dag kom Arnold Schwarzenegger til Noreg for første gong. Her skal han delta på miljøkonferansen «Zero11» på Gardermoen måndag.

Arnold Schwarzenegger skal delta på ein miljøkonferanse i Noreg.

Arnold Schwarzenegger er engasjert når han snakkar om global oppvarming.

Foto: JUAN MEDINA / Reuters

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Informasjonsansvarleg i miljøorganisasjonen Zero , Anne Jortveit, seier til NRK.no at det er eit tungt tryggingsoppbod rundt Schwarzenegger , men at arrangøren ikkje veit kor mange vakter den tidlegare filmstjerna og California-guvernøren har med seg.

Landa laurdag

Statue av Arnold Schwarzenegger i heimbyen Thal i Austerrike.

Denne statuen av Arnold Schwarzenegger står utanfor barndomsheimen hans i Thal i Austerrike. Huset er no eit Schwarzenegger-museum.

Foto: HEINZ-PETER BADER / Reuters

Ifølgje kommunikasjonssjef Anne Jortveit i Zero kom kom Schwarzenegger filmskodespelaren til Oslo Lufthamn Gardermoen i dag.

Programmet er elles ukjent, men det som er klart er at 64-åringen skal innta talarstolen på Zerokonferansen kl. 14.10 førstkomande måndag.

Han har etter programmet ein time og fem minutt på seg før neste post på programmet, og så har han sett av 30 minutt til å møte journalistar. Så er det i det blå kor vidt celebriteten reiser direkte tilbake til USA, eller om han har andre planar.

Eventyrleg karriere

Arnold Schwarzenegger har hatt ein eventyrleg karriere sidan han starta som kroppsbyggjar i heimbyen Thal ikkje langt frå Graz i Austerrike. Han vart kåra til Mr. Universe i åra frå 1966 til og med 1969) og Mr. Olympia sju gonger (1970-1975 og

Arnold Schwarzenegger, Sylvester Stallone og Bruce Willis.

Arnold Schwarzenegger (t.v.) saman med to andre actionheltar, Sylvester Stallone og Bruce Willis (t.h.)

1980). Han har ope vedgått å ha brukt anabole steroid før det vart ulovleg.

Dei mange kroppsbyggingstitlane førde austerrikaren til USA og Hollywood. Først var det nokre små filmroller som muskelmann og seinare også medverknad i dokumentarfilmen «Pumping Iron» i 1977, ifølgje Store Norske Leksikon.

Så følgde ei hovudrolle i eventyrfilmen om «Conan Barbaren» i 1982, og så tok han steget inn i superstjerneklassa i «The Terminator» i 1984, med oppfølgjarar i 1991 og 2003. Han hadde også store roller i actionfilmane «Predator – den usynlege fiende» i 1987, «Total Recall» i 1990 og «The Last Action Hero» i 1993.

Som superstjerne i Hollywood gifte han seg i 1986 med Maria Schriver, som høyrer til den vidkjende Kennedy-familien, det nærmaste USA har hatt ein kongefamilie. Mor hennar var Eunice Kennedy, gift Schriver, syster til dei legendariske politikarbrørne John, Robert og Edward Kennedy.

LES OGSÅ: Schwarzenegger: Jeg var utro

LES OGSÅ: Arnold is back - i drama

– Økonomisk vanstyre

Trass i at Kennedy-familien alltid har tilhøyrt Det demokratiske partiet, gjekk Schwarzenegger inn i Det republikanske partiet. Og i 2003 utfordra han overraskande den sitjande guvernøren i California frå Det demokratiske partiet, Gray Davis, og han vann.

Arnold Schwarzenegger har stjerne på Walk of Fame i Hollywood.

Arnold Schwarzenegger har sjølvsagt si eiga stjerne på Walk of Fame i Hollywood.

Foto: MARK RALSTON / Afp

Han uttalte seg friskt mot det han kalla økonomisk vanstyre frå den sitjande guvernøren, og han lovde å ikkje ta ut lønn som guvernør, dersom han vann. Og han fekk overraskande sterk støtte.

Han fekk raskt tilnamnet «The Governator», og han vart møtt med stor skepsis både i det politiske establishmentet og i media. Men Schwarzenegger overraska også her.

Han kom kjapt i konflikt med dei demokratiske politikarane i delstatsforsamlinga, og han kalla dei blant anna for jentemenn «girlie men». Frå 2005 gjekk han mot det politiske sentrum og la seg på ei ny line med mindre konfrontasjon overfor delstatsforsamlinga, ifølgje Wikipedia.

«The Governator»

Ved guvernørvalet i 2006 vann han ein klar siger med 56 prosent av røystene, og han sat som guvernør i California heilt til den andre perioden hans gjekk ut tidlegare i år.

Arnold Schwarzenegger som Conan Barbaren i 1984.

Arnold Schwarzenegger som Conan Barbaren i 1984.

Foto: Ap

I tida som guvernør i delstaten California, som er den største i USA og faktisk den niande største økonomien i verda, har «The Governator» engasjert seg sterkt som miljøpolitikar. I hans regjeringstid i guvernørhovudkvarteret i Sacramento har han fått gjennom nokre av dei strengaste lovene mot klimautslepp i verda.

– Det som gjer Schwarzenegger så spennande er at han fekk til konkret klimahandling i samarbeid med næringslivet. Derfor skal han snakke om grøn økonomi og kva moglegheiter som ligg i det i framtida, seier leiar av organisasjonen Zero, Einar Håndlykken.

LES OGSÅ: Frykter "Terminator-tilstander" i krig

LES OGSÅ: Arnold blir tegneseriehelt

Solenergi og hydrogen

Håndlykken peikar spesielt på «The Global Warming Solutions Act» frå 2006 som eitt av fleire viktige klimatiltak i California under Schwarzenegger sitt styre. Han fekk også gjennom «The Million Solar Roofs Plan», eit program som har som mål å etablere 3000 nye megawatt med solenergi innan 2015.

Einar Håndlykken, daglig leder Miljøstiftelsen ZERO

Einar Håndlykken i Zero meiner Schwarzenegger er eit førebilete for politikarar og næringslivsleiarar i arbeidet med å kutte utslepp av klimagassar.

Foto: Morten W. Røkeberg / NRK

Eks-guvernøren slo også eit slag for klimavennleg transport då han etablerte prosjektet «The California Hydrogen Highway».

Det gjorde inntrykk då Schwarzenegger snakka rett frå levra om den globale oppvarminga på ein måten som ikkje var vanleg for republikanske politikarar i USA.

LES OGSÅ: Hasta la vista, Arnold

LES OGSÅ: Amerikanerne stemmer for klimaet

– Debatten er over

– Vitskapen er klar. Debatten om global oppvarming er over. Vi må gjere alt som står i vår makt for å stanse den globale oppvarminga før det er for seint, sa han blant anna.

Seinare har den tidlegare Hollywood-stjerna snakka om global oppvarming i FN, der han oppmoda dei politiske leiarane i verda om å arbeide for ein avtale som kan støttast både av rike og fattige land.

Det er den store utfordringa før den store miljøkonferansen i Durban i Sør-Afrika i slutten av denne månaden, der nettopp interessekonflikten mellom rike og fattige land truleg vil hindre at det blir semje om ein forpliktande klimaavtale.

Barndomsheimen til Arnold Schwarzenegger i Thal i Austerrike.

Barndomsheimen til Arnold Schwarzenegger i Thal i Austerrike er no Arnold-museum.

Foto: HEINZ-PETER BADER / Reuters

LES OGSÅ: Schwarzenegger teken i eid