OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK toppbanner516x5064

Her er du: NRK > Undervisning > Skole > Natur- og miljøfag

Oppdatert 08.05.2001 11:05

 

Nettverk for miljølære

Program 5: Lisjeelva

Publisert 19.03.2001 09:36



Sæbø skule ligg i nærleiken av bekken Lisjeelva. Skulen har brukt Lisjeelva i prosjektarbeid sidan våren 99. Kva kan vere av interesse i og langs elva?



Både 9. og 10. klasse ved Sæbø skule har prosjekt om Lisjeelva. 10. klasse registrerar kulturminne langs elva. Registrering av kulturminne er ein del av Nettverk for miljølære, og elevane legg det dei registrerar av kulturminne inn i databasen Nettverk for miljølære.Lisjeelva

Langs Lisjeelva fins det fleire kvernhus frå gammal tid. Bente Iren intervjuar pensjonist Tore M. Årskog som veit mykje om desse husa. Han kan fortelje korleis kvernhusa vart brukt.


Kvernhusa langs Lisjeelva var i bruk til 1945. I dag er det berre sjølve husa som er bevarte. Vassrenna som førte vatn til kvernhuset, er borte. Årskogkvernhuset vart brukt av to naboar. Dei delte på bruken og kunne bruke det tre dagar i veka kvar.

Tore M. Årskog og Bjørg Iren tar oss med til eit av dei andre kvernhusa, Holen-kvernhuset, og der får vi vere med inn. Årskog forklarar bruken av kvernhuset med møllesteinen som dei brukte til å male mjøl med. Det var eit grovt mjøl som kunne brukast til brød og graut.Vatnet som kraftkjelde

Klassen har registrert kvernhusa langs Lisjeelva og nummerert dei. Dei har og funne fram gamle bilete, teikna kart over området og skrive historien til Lisjeelva.

FINN FAKTA: Kan du finne ut om det fins kvernhus eller restar av kvernhus i området der du bur?

FINN FAKTA: Kan du finne andre kulturminne i nærområdet ditt?

9.klasse har registrert funn i sjølve bekken. Dei har målt vassføringa. Kor fort renn bekken? Alexander fortel korleis dei målte bredde og djupne. Marius forklarar kva reiskap dei hadde med seg då dei målte straumfart og vassføring. Dei brukte linjal, kalkulator, tau, stoppeklokke, ei fjøl med strek, ein treklosse og fann ut at vassføringa var 79 liter i sekundet. Alle registeringane er lagt inn i databasen.Vassføring

Kva andre funn gjorde 9. klasse i Lisjeelva?

Alexander fortel at dei fann smådyr. Dei fanga smådyra i ein hov og tok dyra med til naturfagrommet. Der prøvde dei å finne ut kva slag dyr det var ved å undersøkje dei i mikroskop. Ved å finne ut kva dyr dei hadde funne, kan dei finne ut om elva er forureina.Smådyr i ferskvatn

Marius og Mats går inn på nettsidene til Slemmestad ungdomsskole og sammenliknar kva elevane der har funne ut om Bøbekken. Har Slemmestad like bra sider som Sæbø? Dei finn at Slemmestad har gjort mykje av det same. Men Sæbø har funne fleire dyr i Lisjeelva enn Slemmestad har registert i Bøbekken. Betyr det noko?
Sæbø fann bl.a. marflo. Det har ikkje Slemmestad funne. Lærer Johannes Halland kan fortelje at det er eit dyr som blir fort borte dersom vatnet er forureina. Det kan tyde på at Lisjeelva er reinare enn Bøbekken.

Elevane har også registrert søppel. Lisjeelva er svært forureina ved campingplassen, og skulen har som mål at dei skal reinska elva der.
Sæbø har ein partnerskule i Oberwesel i Tyskland, Hauptschule Oberwesel. Elevane på Sæbø utvekslar informasjon og kunnskap om miljøprosjekt med elevar der. Difor må dei omsette funn og registreringar til tysk og engelsk. Sæbø har ein link til Hauptschule Oberwesel.

Elevane er veldig opptekne av musikk, og Marius brukar datamaskinen til å lage musikk. Den først låten han laga, kalla han ”Worthless”, og den laga han fordi kjæresten hans hadde gjort det slutt, og han var lei seg.
Vi blir også med Kay Are og bandet når dei øver på grendehuset i Bondalen.

På heimesida til Sæbø skule kan du sjå meir om kva dei har gjort, korleis dei har det og korleis dei bur.Sæbø skule


_______________________________________________________

Ansvarlig for nettsidene er Solveig Helvik.
Nettsidene er utviklet i samarbeid med Universitetet i Bergen og med økonomisk støtte fra Læringssenteret.
E-postadr.: solveig.helvik@nrk.no





LENKER
  • Lisjeelva Vassprosjekt
  • Vassføring Kor fort renn bekken?
  • Vatnet som kraftkjelde Kvernhus og bruer
  • Smådyr i ferskvatn Registrering
  • Sæbø skule Heimeside


  •  
     
    SØK

    NETTVERK FOR MILJØLÆRE

    HISTORIEN OM DDT

    10 SISTE NATUR- OG MILJØFAG
    07.05.2001 10:40
    Mirakelgiften
    14.02.2001 13:19
    Nettverk for miljølære

    Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   03.01.2009 00:52