OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Toppbanner

Her er du: NRK > Undervisning > Journalistetikk

Oppdatert 20.06.2001 10:52

JOURNALISTETIKK

 

Kva betyr allmennkringkastaroppdraget for journalistikk og programsetjing?

Publisert 12.06.2001 10:15

Vi starta arbeidet med å gå til programmiljøa og be deltakarane setje ord på eigne erfaringar. Ei sentral tilbakemelding frå oppstartingskonferansen for arbeidet (30.05 96) til Referansegruppa var: Bli meir konkret .Kva er det de vil programmiljøa skal bidra med ?

For å kunne svare programmiljøa, måtte vi sjølv først setje ord på kva vi forstod som sentrale krav/verdier i allmennkringkastaroppdraget for journalistikken.
Vi tok utgangspunkt i dei måldokument som forpliktar NRK-medarbeidaren.

Vi gjekk til NRKs programreglar og til 'Mål og strategi 1996-2000' der det m.a. heiter at 'NRK ser på allmennkringkasteroppdraget som sitt fremste konkurransefortinn', og til NRKs formålsparagraf. Vi vektla som kjernen i allmennkringkastaroppdraget at NRK skal ‘konsekvent fremme ytrings- og informasjonsfrihet, de demokratiske grunnverdier og grunnleggende menneskerettighter og det enkelte menneskes frihet og verdighet. Programvirksomheten skal preges av allsidighet, upartiskhet og saklighet og skal legge vekt på det vesentlige’(§3)
Sentralt her er også Vær Varsom Plakaten som NRK (tilliks med dei fleste andre mediverksemder) er forplikta på gjennom medlemskap i Norsk Presseforbund.
Vår ambisjon var å konkretisere overordna målsetjingar (honnørord) slik at dei gjev meining og kjennest relevante for den kvardag programskaparen er i. Fordi media er ein arbeidsmarknad der journalistar ofte skiftar beite, er det viktig at NRK-medarbeidaren veit og kan gjere greie for kva allmennkringkastaroppdraget inneber og betyr for programarbeidet.
Vi 'operasjonalisere allmennkringkastaroppdraget' til
4-5 krav som vart framheva som sentrale for journalistikken i allmennkringkastaren. Vi vektla at journalistikken i NRK skal:
- leggje vekt på det vesentlege
- ta vare på menneskeverdet (det enkelte menneskes frihet og verdighet)
- vere uavhengig,
- ha truverde/tillit
- ta vare på saklighetskravet.
Kva er det å ivareta slike krav i programprosessen ? Referansegruppa for Etikkprosjektet bad dei deltakande programmiljøa drøfte og svare på kva slike slike krav betyr for det journalistiske arbeidet i allmennkringkastaren *** LINK TIL VEDLEGG 2
Nokre programmiljø konsentrerte seg om eitt eller to av spørsmåla (krava), andre miljø drøfta alle. Miljøa avgjorde sjølv korleis dei la opp arbeidet, somme stader var det ei gruppe som svara, andre stader deltok alle i programmiljøet. Det vart lagt vekt på at arbeidet skulle leggjast opp slik at det kjentest nyttig for deltakarane.
Nedanfor fylgjer eit kort samandrag av konklusjonar frå dette arbeidet.

'Vekt på det vesentlige'.
NRK Østlandet, NRK Nordland, Petre, ’Her og Nå’ og gruppa som arbeidde med forståings- og evalueringskriterier for programsetjing/programprofil har m.a. gitt innspel til forståing av vesentlighetskravet. ('Vesentlighetskravet' blir her brukt synonymt med 'viktighetskravet'.)
NRK-journalistens ståstad for å vurdere kva ‘vesentlighetskravet’ betyr, er det allmenne verdigrunnlaget som ligg i menneskerettar og demokrati (§3 formålsparagraf/Mål og strategi). Vesentlighetskriteriet er forankra i NRK's demokratioppdrag.
Erfaringsmaterialet viser at ‘vekt på det vesentlege’ blir forstått som eit meiningsfullt krav innan ulike programområde og genrar i allmennkringkastaren. Journalisten har på same tid ei intuitiv oppfatning av kva det er å leggje ‘vekt på det vesentlege’, og vanskar med å setje ord på og konkretisere eit slikt kriterium.
Vesentlighetskravet blir primært forstått som spørsmål til innhaldet i journalistikken, men blir dels også forstått som eit spørsmål til korleis jobben er gjennomført.
Vesentlighetskravet i NRK kan forståast og formulerast som ulike demokratioppdrag der ein kan skilje mellom eit allment demokratioppdrag og demokratioppdraget forstått som eit kulturoppdrag.

Som allmennkringkasting har NRK eit demokratioppdrag i samfunnet ved å gje kunnskap og informasjon,og vere garantist for kritisk og uavhengig journalistikk overfor makt og interessegrupper.
Som allmennkringkasting har NRK eit kulturoppdrag i samfunnet gjennom møte med det mangfald av tradisjon og nyskaping som tilsaman er norsk kultur.

Demokratioppdraget blir forstått å femne vidare enn til å avsløre og informere, det inkluderer eit kulturoppdrag som inneber program med vekt på oppleving innan ulike genrar som t.d. film/teater/musikk av ulikt slag, underhaldnings- og infotainmentprogram. Kulturoppdraget utvidar journalistens synsfelt til å omfatte meir enn 'vaktbikkjeperspektivet', og gjer det gjennom program som på ulikt vis set fokus på 'det gode liv', - på vilkår for menneskeleg samver og samliv som ikkje øydelegg eige og andres liv.

Fordi allmennkringkastaroppdraget er eit demokratioppdrag, er det avgjerande for NRK at programma blir sett og høyrt av mange. Dette er med i programmiljøas forståing av 'vesentlighets/viktighetskravet'.

Forslag til forståingskriterium for VESENTLIGHETSKRAVET
Sentralt i forståinga av vesentlighetskravet:
1) at saka angår mange, får konsekvensar for mange
2) at saka er prinsipielt viktig/avdekker politisk usemje/avdekker veikskapar i systemet
3) at sendinga kan vere ein' spegel' for menneskeleg identifikasjon og utvikling
4) at innhaldet er noko å by folk,viktig nok til å bruke sendeplass på.
5) at programma har mangfald og breidde
6) at program når sine målgrupper
7) at programmet har kvalitet

NRKs forståing og bruk av vesentlighetskravet kjem til uttrykk i sendeskjemaet, og blir ivareteke av den einskilde programmedarbeidar, av programansvarleg og av leiinga for medieverksemda.
Oppsummert slik av ei gruppe som deltok i prosessen: 'Å være vesentlig betyr å være viktig for mange, - gi innsikt og refleksjon - holde høy kvalitet.'

Det enkelte menneskes frihet og verdighet
Denne formuleringa (kravet) i NRKs formålsparagraf vart i prosjektet omtalt med formuleringar som 'å ta vare på menneskeverdet/respekt for enkeltmennesket/respekt for medverkande'. Dette vert forstått både som eit krav til journalistikkens arbeidsmåte og til journalistikkens innhald, - krav til god etikk er meir enn å halde seg innafor regelverket (programreglar og VVP). Respekt for enkeltmennesket inkluderer det juridiske begrepet 'personvern', men er samstundes eit krav som femner vidare enn til eit juridisk spørsmål om å unngå erstatningskrav. Fleire sider vart vektlagt i prosessen;
- skilnader mellom etermedier og aviser. Etermedia gir mulighet til personifisering/møte med menneske som aviser ikkje har.
- journalistens forståing av eiga makt og eiga rolle i møte med enkeltmennesket.
- korleis ivareta 'skurkens' menneskeverd?
- korleis forstå og anvende kravet om 'respekt for enkeltmennesket' i NRKs krim- og ulykkesjournalistikk? I utgreiinga frå NYDI-gruppa vert det vektlagt at nøkkelord i NRKs dekking av krim- og ulykkesjournalistikk er vekt på det vesentlege og det enkelte menneskes rettigheter og verdighet .
I rapportane ligg det materiale å utvikle forståings- og evalueringskriterium for kva som blir forstått med 'det enkelte menneskes frihet og verdighet' i NRKs journalistikk. (M.a.i materialet frå Refleks, i forslaget til policy for krim-og ulykkesjournalistikk for NYDI, og i A. Oltedals hovudfagsoppgåve.)

Saklighetskravet
Journalistikken i NRK skal vere prega av saklighet,upartiskhet og balanse. Desse krava ligg nær opp til det gamle objektivitetskravet. Bak dette ligg ei forståing av at det finst ei sanning som kjem fram når alle sider ved ei sak vert belyst. M.a. vektlagt her;
- Saklighetskravet gjeld faktakravet, -at det går an i journalistikken å seie at noko er sant.
- Å vere sakleg,upartisk og balansert er ikkje eit krav om å vere nøytral.
- Saklighet/balanse/upartiskhet og journalistisk engasjement er ikkje motstridane storleikar, men høyrer saman.
Det ligg eindel erfaringsmateriale om saklighetskravet i rapportane frå programmiljøa. Det ligg innspel til utvikling av forståings- og evalueringskriterium for 'saklighetskravet/balansekravet' frå kurs i Journalistisk etikk (Volda april 99), der NRK var medarrangør saman med Høgskolen i Volda, RAM og Etikkprogrammet i Norges Forskningsråd.

Kravet om tillit/truverde/uavhengighet
Uavhengighet i journalistikken er ein føresetnad for at NRK kan oppfylle sitt oppdrag.Uavhengighet er vilkår for ivaretakling av demokratioppdraget. For å ha tillit og truverde hos lyttarog sjåar krevst det av NRKmedarbeidaren at han/ho må kunne motstå både politisk og kommersielt press. Utan truverde og tillit kan ikkje NRK utføre si oppgåve som allmennkringkastar. NRKs tillit kviler på journalistens integritet og standard.
To tverredaksjonelle grupper (sponsing/kommersielt press og PR byrå og journalistikk) har m.a.stoff til utvikling av forståings- og evalueringskriterium for desse krava.

Kriterium for programsetting/programprofil
Arbeidet med programsetjing blir meir aktivt enn før styrt ut frå dei overordna mål og planar som blir lagt for programprofilen i radio og fjernsyn. Dette er ei endring som synleggjer behov for felles forståing av kva kriterium som vert brukt i arbeidet.
Radio og fjernsyn har forskjellig utgangspunkt for si programsetjing. Radioens allmennkringkastarprofil blir uttrykt gjennom 3 heildekkande kanalar (P1, P2, Petre), fjernsynet skal nå alle målgrupper i den eine kanalen (NRK1) som alle kan sjå.
Ei gruppe med deltakarar frå radio og fjernsyn, distriktsorganisasjonen og forskningen arbeidde med forståings- og evalueringskriterium for programsetjing/programprofil.
Å ta utgangspunkt i måldokument/formålsparagraf og spørje 'kva betyr allmennkringkastarmandatet for programsetjing/programprofil ', - vart opplevd som ei uvant og ganske vanskeleg problemstilling. Arbeidet med forståings- og evalueringskriterier for programsetjing/programprofil bør fylgjast opp som ein del av arbeidet med å utvikle Allmennkringkastingsreknskapet.

Kjerneverdier
Gruppa som arbeidde med programsetjing/programprofil gav viktige innspel til arbeidet med kjerneverdier . Sentralt var ' vesentlighetskravet', - spørsmålet om forståing av 'allmennkringkasting', - spørsmålet om kva som blir forstått med 'kommersiell', og korleis ein kan forstå skilnader mellom kommersiell kringkasting og allmennkringkasting .
Med utgangspunkt i gruppas forslag hadde Referansegruppa for Etikkprosjektet fylgjande forslag til kjerneverdier for NRK: 'Fordi NRK skal være viktigst skal NRK gjennom sine programprodukter, som bedrift og arbeidsplass,være ,oppfattes.og ha en posisjon i samfunnet som: troverdig ,vesentlig, mangfoldig, engasjerende, respektere menneskeverdet, norsk.'
Diskusjonen om kjerneverdier vart ført vidare etter at Etikkprosjektet var avslutta,og det endelege forslaget til leiinga (notat Petter Moshus 25.05 99) var: 'Det er et mål for NRK å skulle være Norges viktigste kringkastingsselskap. Derfor ønskerNRK å oppfattes og å ha en posisjon som mangfoldig og gjenkjennelig, dristig og troverdig, engasjerende og utfordrende, norsk og nyskapende. Fordi NRK skal være viktigst, skal disse verdiene være førende for NRKs programproduksjon, for NRK som bedrift og arbeidsplass .De skal prege NRK-adferden’.
Det blir brukt noko ulike ord i dei ulike prosessar, men innhaldet i diskusjonen dreier seg mykje om dei same verdier/krav. Med 'dristig og troverdig' blir det m.a. forstått at NRK må framstå som 'troverdig', 'uavhengig', 'sannferdig' og 'vise respekt for medvirkende'.
Det ligg nyttig materiale i Etikkprosjektet til bruk i prosessen med å innarbeide kjerneverdiene i organisasjonen.
*** LINK TIL DEL 3


 
 
SØK

VERKTØYSIDER
Tanketorget [Ekstern]
10 SISTE JOURNALISTETIKK
18.06.2001 07:27
Journalistrolla

Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   03.01.2009 04:25