OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Toppbanner

Her er du: NRK > Undervisning > Journalistetikk

Oppdatert 20.06.2001 10:52

JOURNALISTETIKK

 

Mandatet-arbeidsmåte

Publisert 12.06.2001 09:59

Etikkprosjektet starta våren 1996 og vart avslutta i desember 1998. Arbeidet i Etikkprosjektet var ein del av arbeidet med å utvikle NRKs Allmennkringkastingsregnskap.
Mandatet for prosjektet vart formulert av Hanne Løchstøer på oppdrag frå Kringkastingssjefen:


Prosjektet Medietikk, allmennmedia og radio og fjernsynsjournalistikk (NRKs Etikkprosjekt) skal
- Bidra til å øke NRKs kunnskap og kompetanse om medieetikk og allmennkringkasting.
- Bidra til å utvikle forståelses- og evalueringskriterier for radio- og TV-journalistikk.
- Bidra til å utvikle forståelses- og evalueringskriterier for programsetting/programprofil i en allmennkringkasting

Leiar for NRKs forskingsavdeling, Sissel Lund, har vore leiar for prosjektet. Audgunn Oltedal har drøfta framdrift og opplegg for prosjektet med henne og med leiar for NRKs Opplæringsavdeling, Anne Tveitan, og har hatt den daglege kontakten med programmiljøa. Redaktørar i radio/fjernsyn har vore med i Referansegruppa for prosjektet som har hatt 4-6 møte i året. Programmiljøa som var med i prosjektet vart valde ut dels av Referansegruppa for prosjektet, dels gjennom ‘lina’ i organisasjonen. Det vart lagt vekt på at dei som var med hadde lyst til å delta.
På ein årleg dagskonferanse i november/desember (der kontaktpersonar i dei deltakande programmiljøa deltok) vart resultatet av arbeidet presentert for leiinga med tilrådingar om oppfylgjing. Audgunn Oltedal samla og redigerte tilbakemeldingane frå programmiljøa som var med i prosessen i tre rapportar frå Etikkprosjektets arbeid (1996/1997/1998).
Kristin Clemet, Helen Bjørnøy og Dagfinn Føllesdal har gitt viktige innspel til etikkdiskusjonen gjennom deltaking på seminar og dagskonferansar. A.Oltedal brukte etter avtale materiale frå programmiljøa i hovudoppgåva om medieetikk 'I sitt arbeid skal journalisten ta vare på menneskeverdet' (Universitetet i Oslo våren 1997), og i essayet 'Vekt på det vesentlege - forståing av vesentlighetskravet i journalistikken' (august 1999) til Rådet for anvendt medieforsking (RAM).
Ved ligg oversikt over programmiljø (kontaktpersonar) som deltok i Etikkprosjektet og kven som sat i Referansegruppa for prosjektet. (Vedlegg 1), og spørsmål til programmiljøa om ’Kva betyr
allmennkringkastaroppdraget for journalistikken?’
Del 2

Kva betyr NRK's oppdrag for journalistikken?
Det sentrale spørsmål i Etikkprosjektets arbeid har vore: Kva betyr NRK's mandat for journalistikken i allmennkringkastaren? For å få svar på denne problemstillinga gjekk vi til programmiljøa. Metoden vi valde var å be medarbeidarar /programmiljø vere med i eit utviklingsarbeid. Vi oppfordra dei til å ta fram etiske dilemma,og setje ord på kva dei opplever som konfliktfylte avvegingar i det journalistiske arbeidet i allmennkringkastaren.

Arbeidet i 1996
10 programmiljø frå radio og fjernsyn deltok i arbeidet i 1996. Arbeidet starta med at representantar frå dei 10 programmiljøa deltok på ein oppstartingskonferanse for prosjektet (3.mai 1996). Til konferansen vart deltakarane bedt om å ha med seg døme på programinnslag der det hadde vore diskusjon og usemje om kva som er gode vurderingar eller prioriteringar ut frå NRKs oppdrag som allmennkringkastar. Deltakarane på konferansen gav viktige innspel til kva problemstillingar og spørsmål som vart prioritert i Etikkprosjektets arbeid. Nokre område peika seg tidleg ut som særleg viktige; sponsing og kommersielt press, kriminal- og ulykkesjournalistikk, bruk av bilete i TV,allmennkringkastarens dagsordenfunksjon, og ynskje om tettare oppfylgjing frå leiararmht til rettleiing/svar i faglegetiske spørsmål (leiarar og etikk).

Arbeidet i 1997
Ein del fleire programmiljø deltok i arbeidet i 1997. Tverredaksjonelle grupper arbeidde med felt som vart opplevd som problemområde, med krim- og ulykkesjournalistikk, med sponsing og kommersielt press og med PRbyrå og journalistikk. NRK Østlandet og NRK Nordland gjennomførde ei undersøking om kva som blir forstått med 'å setje dagsorden' og å ivareta 'vesentlighetskravet' i sendingane. ’Her og Nå’ prøvde ut måtar å få etikk enno høgare opp på dagsorden i sin faste programkritikk
Arbeidet i 1998
I Etikkprosjektets arbeid i 1998 vart hovudvekta lagt på å bruke og innarbeide erfaringsmaterialet frå programmiljøa i Opplæringsavdelingas kurs. I arbeidet i 1998 var det mindre direkte kontakt med programmiljøa, men ei gruppe med deltakarar frå U, Brennpunkt og Radiodokumentaren arbeidde med spørsmålet om etiske krav til journalistikken i dokumentarprogram. Ei gruppe med deltakararar frå radio og fjernsyn arbeidde(1998) med spørsmålet om kva NRKs allmennkringkastaroppdrag betyr for programsetjing/programprofil. Denne gruppa gav fleire innspel til arbeidet med NRKs kjerneverdier.
Del 2


 
 
SØK

VERKTØYSIDER
Tanketorget [Ekstern]
10 SISTE JOURNALISTETIKK
18.06.2001 07:27
Journalistrolla

Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   03.01.2009 04:25