Hopp til innhold

- Tenk så dumme me var.

Kvifor slutta kvenene å snakke på morsmålet til borna sine? Kven og språkforskar Pia Lane var vaksen før ho skjøna at heimstaden var tospråkleg.

Bugøynes i Finmark

På slutten av 60-talet gjekk kvenene i Bugøynes over til å snakke norsk med borna sine.

Foto: Pia Lane, UiO

- Heile min foreldregenerasjon snakka norsk til meg. Besteforeldra òg.

Pia Lane, språkforskar ved Universitetet i Oslo, er fødd og oppvaksen i Bugøynes i Finmark. På slutten av 60-talet slutta Bugøynesværingane brått å snakke kvensk til borna sine.

Kvifor?

Dette spørsmålet vil Pia Lane finne svaret på, og takka vere eit gammalt forskingsprosjekt har ho eit uvanleg godt utgangspunkt.

Fann ein skatt

Pia Lane

Språkforskar og kven Pia Lane skal samanlikne haldningar før og no.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

I 1975 vart det gjennomført ei undersøking i Bugøynes. 69 personar blei intervjua om språkval og framtidsutsiktene for det finske språket deira, eller kvensk, som det gjerne blir kalla i dag.

Då Pia Lane tilfeldigvis kom over desse opptaka, vart idèen til eit nytt forskingsprosjekt fødd. 20 av dei 69 intervjuobjekta lever framleis, og no skal dei intervjuast på nytt.

- Dei gamle opptaka er veldig interessante fordi dei blei gjort rett etter språkskiftet, 5 til 10 år etter at alle tok til å snakke norsk med borna sine. Dette gjer opptaka unike, seier Pia Lane.

Les meir om prosjektet på Forskningsrådet sine sider

Norsk best for borna

- I dag seier mange at dei gjorde det dei meinte var best for borna. Nokon fortel at dei ikkje ville utsetje borna sine for eit språklaust møte med den norske skulen.

Pia Lane finn store skilnader i kvenene sine språkhaldningar før og no.

- Ei av dei seier i dag: Tenk så dumme me var, som berre snakka norsk med borna våre.

Korleis ser kvenene på sitt språk og sin kultur i dag? Høyr meir i Språkteigen , søndag 30. mai på NRK P2 klokka 9.30.

Sendinga går òg mandag klokka 12.30, og den ligg ute som podkast alt fredag ettermiddag.

Du finn oss òg på Twitter og på Facebook .