Frå afrobeat til heavy-joik

Ojos de Brujo: Flamenco blanda med katalansk rumba, hiphop, fuunk, tango, salsa, reggae...
Foto: Julia MontillaAlt frå afrobeat til heavy-joik og 300 artistar frå heile verda er med: Gilberto Gil, Khaled, Tony Allen, Tinariwen, BLK JKS… Oslo World Music Festival er her igjen.
Publisert 02.11.2009 15:16.
- Skriv ut
Og som alltid blir det rik dekning i P2: vorspiel i sendetida til Jungeltelegrafen onsdag ettermiddag (14.03-15.00) den 4. november med gjester og musikarar i studio hos Sigbjørn Nedland og Arne Berg,som same kveld og dei to påfølgjande kveldane ryddar plass i P2 mellom 22.05 og midnatt for å la lyttarane ta del i det som skjer på nokre av dei ulike konsertarenaene, som er Oslo konserthus, Blå, Cosmopolite, Rockefeller, Kulturkirken Jacob og Parkteatret – seinare i veka også Sentrum Scene, Grønland kulturstasjon, Asylet. og Kulturslottet Soria Moria.

Ferro Gaita frå Kapp Verde - med trekkspel i sentrum - til Noreg for første gong
Foto: Olav AalbergTangokurs og familiekonsertar

Tangokurs: Gabriel Angio & Natalia Games
Foto: RikskonserteneOg då har vi ikkje teke med tangokurset på Royal Christiania, familiekonsertane på Ellingsrudåsen, Trosterud og Furuset skolar forutan spesielle evenement på The Villa og Litteraturhuset.
Spesielle forventningar er sjølvsagt også knytte til finalen i talentkonkurransen Debut 09, som P2 overfører frå Blå onsdag kveld. Finalistane er: The Captain And Me, Rakija, Eplemøya Songlag og Ivan Mazuze Group.
Jungeltelegrafen på laurdag (14.03-15.00) gir ein slags status i forkant av finalehelga.
Det offisielle festivalprogrammet 3.-8. november
Meir om Oslo World Music Festival
Oslo World Festival i NRK P2 - på direkten:
- Jungeltelegrafen onsdag 4. november kl. 14.03-15.00
- Kveldssendingar onsdag 4., torsdag 5. og fredag 6. november kl. 22.05-24.00
- Jungeltelegrafen laurdag 7. november kl. 14.03-15.00
Siste: NRK P2
Vitenskapens verden
Radioens populærvitenskapelige magasin med intervjuer, reportasjer og temaprogram.
Musikalsk frislipp
Hele spennet fra populærkultur til avantgarde i ett og samme program hver fredagskveld.
Formiddagstreffet
Munter og dagsaktuell pratestund om sakene som former kultur- og samfunnslivet, -nå på formiddagen!
Mytene dag for dag
Hør Terje Nordbys Mytekalender hver dag hele året på P2. Eller last ned som podkast!
Verdensmusikken
Musikalsk vidsyn, intervjuer og konsertopptak med artister fra hele musikkens verden.
Den klassiske musikken
Nyhetene og spillelistene finner du her. På P2 når som helst, og garantert hver kveld fra kl 19.30.

Museum: Arkeologisk utgraving i stu


























