Forfattaren Thorvald Steen debuterte i 1983 med diktsamlinga "Hemmeligstemplede roser". Sia har det blitt nesten tretti utgivingar, dikt, romanar, skodespel, noveller, barnebøker og essay. Han er omsett til meir enn tjue språk og har fått prisar i inn- og utland.
"Jeg er veldig skeptisk til å gå inn i andre menneskers følelsesliv, og særlig historiske skikkelser," seier Steen. Han var lenge formann i Den norske forfatterforening. Frå 2003 har han statsstipend.
Saladindagene
"I vår tid er vi så kunnskapsløse at vi ofte glemmer at både islam og kristendommen er to religioner som stammer fra Abraham." I det siste har Thorvald Steen fått mykje merksemd for sin fascinasjon for den muslimske hærføraren Saladin. Han har skrive skodespel om Saladin og tok også initiativet til Saladindagene i Oslo.
Saladin var populær i mellomalderen, fordi dei den gongen var imponerte over hans evne til forsoning, poengterer Steen. Saladindagene presenterer seg slik på Internett:
Ein nøkkel til framtida?
Thorvald Steen, selskapsløva denne veka i RadioSelskapet i NRK P2
- torsdag 19. mars kl. 11.03
Jan Guillous foredrag under Saladindagene