Hopp til innhold

Stavanger-artisten Svein Tang Wa

"Stavangerdialekten er og blir vidunderlig sangbar. «Toffa» er det mest gripende ekte jeg har hørt på lenge."

"Toffa", Svein Tang Was debutplate frå 1980, kom i nyinnspeling i 2008.

'Toffa', Svein Tang Was debutplate frå 1980, kom i nyinnspeling i 2008.

Dette skriv Geir Hovensjø i avisa Østlendingen om CD-en "Toffa", som kom ut i fjor og var ei nyinnspeling av debutplata til Svein Tang Wa frå 1980. Den plata var lenge utseld og vart eit samlarobjekt.

Songane på plata gir eit nært bilde av kvardagslivet i Stavanger på 1950-talet opplevd gjennom gutungen "Toffa". Det var den same perioden Svein Tang Wa voks opp i.

Trass i sitt eksotiske namn og sin kinesiske bestefar er Svein Tang Wa ein ekte stavangergut. Visene hans ber bod om at dette er byen opphavsmannen refsar og elskar på same tid. Tang Wa er utdanna ved Bergen kunst- og håndverkskole som grafikar, og har sjølv utforma omslaga på platene han har gitt ut. Han er elles ikkje minst kjend for samarbeidet med gruppa Stavangerensemblet i si tid.

"Det e morer. Det e morer"

– Me prøve å snakka, men eig ikkje ord. Kem e det så kan forstå? Me spise og rabe og skitn’ osser te, og det gjør me tidligt og seint. Ja, livet e møkkete. E de’kje det? Kem e det så holde det reint? Det e morer. Det e morer... Kem sko det ellers ha vært?

Denne hyllesta framførte Svein Tang Wa i gravferda til mora. Etterpå er han beden om å syngje i andre gravferder. Og denne songen er ein av dei du får høyre når Sigbjørn Nedland presenterer Svein Tang Wa som P2-artisten i veke 8.

Ukas 2-artist Svein Tang Wa presentert av Sigbjørn Nedland

  • måndag 16. til fredag 20. februar kl. 13.03 og 19.03 (torsdag 19.00)

Høyr P2-artisten denne veka i nettradio

Høyr NRK P2 direkte her