Hopp til innhold

Her er nye P2

No kan du høyre på ein nyoppussa radiokanal! NRK P2 har utvida tilbodet og sender nokre program på nye tidspunkt.

NRK P2- fordypning og refleksjon.

Denne gjengen vil i 2009 vere med på å sikre deg innhald.

Foto: Kaland, Ole / NRK

– Målet er å bidra til endå meir fordjuping og refleksjon, seier P2-sjef Herborg Bryn.

Eitt av dei nye programma er Bok i P2. Programmet skal sendast måndag til fredag klokka 17 og 23. Litteraturtilbodet i NRK P2 er såleis fornya og utvida.


- P2 skal bidra til fordjuping og refleksjon. Vi nordmenn er glade i å lese bøker. Derfor er det naturleg for oss å tilby Bok i P2 kvar dag, seier kanalsjef Herborg Bryn.

Bok i P2 skal omtale bøker, intervjue forfattarar og analysere dei klassiske verka. Programmet skal sjølvsagt ta for seg både norsk og internasjonal litteratur.

Start dagen med musikk

Kvar morgon klokka ni inviterer vi lyttarane til Mozart og Madonna. Kvar veke skal dette nye programmet ta opp ulike tema som skal illustrerast med relevant musikk frå sjangrane klassisk, jazz, verdsmusikk, folkemusikk og viser. Les meir om det nye musikkprogrammet her.

Mange av dei kjende programma i P2 får også ny sendetid. Eitt av dei er Radioselskapet. Det populære programmet blir frå nyttår sendt på føremiddagen med utvida sendetid måndag til fredag klokka 11 til 12.30. Kvar ettermiddag frå klokka 16 til 17 serverer Kulturnytt siste nytt frå kulturfronten.

Harald Are Lund


Den mangeårige musikkjournalisten Harald Are Lund får to timar sendetid på P2 kvar veke. Han blir å høyre torsdag klokka 14 og fredag klokka 23. Han skal også ha program på P3. Denne delinga var bestemt tidlegare i haust, men drukna i omtalen av endringane på P3.
Les om misforståingane her

- Målet med fornyiinga er å gjere programtilbodet i P2 meir komplett. Det er også lettare å finne fram i det nye sendeskjemaet, seier Bryn.
Finn du ikkje igjen favorittprogrammet ditt? Sjekk det nye sendeskjemaet vårt her.