Sara Azmeh Rasmussen kom til Norge frå Syria for tolv år sidan, da var ho 22. Ho er masterstudent i Midt-Østen- og Nord-Afrika-kunnskap ved universitetet i Oslo, frilans skribent tilknytta Liberalt laboratorium, og er nettopp blitt debatt- og kronikkredaktør for Utrop, avis i papir og på nett som spesielt vender seg til innvandrarar og politikarar. Saman med sin svenske sambuar har ho to barn. Med kort sveis og vestleg klesstil er det i dag vanskeleg å sjå henne for seg i ein moské i Damaskus, der ho voks opp i ein vanleg muslimsk familie.
Vegen til gud
Da ho var tolv år skilde foreldra seg, og i denne vanskelege tida søkte ho religionen. Men ho fann ikkje noko gruppe ho kjende for å slutte seg til, og tumla med tankane sine åleine. Ho ba fem gonger for dagen, og ho las Koranen og dei heilage tekstene.
Etterkvart gjekk det opp for henne at ho sakna ein kjærleg gud. I den islamske læra brukar gud pisk og gulrot, er fjern, formalistisk og krev underkasting, seier Sara Azmeh Rasmussen. Ho hadde problem med kvinnesynet i Koranen, og med skildringane av paradiset: ho fann det ulogisk at det der fløymde elver av vin, medan muslimar her på jorda ikkje har lov til å drikke. Og kvinnediskrimineringa held fram i paradis: menn som lever fromme liv har meir i vente enn fromme kvinner.
Åleine og naken
Ho oppsøkte religiøse leiarar, ho las og grubla. Og bestemde seg for å vende moskéen ryggen. Men det vart ei hard tid, for ho hadde støtta seg til gud i mange år, og nå stansa den indre samtalen ho hadde ført med gud.
- Jeg hadde mareritt hver natt, det var høye bølger, svart hav, storm, og jeg var på stranden naken, alene og livredd. Det var tøft å stå alene, etter å ha støttet seg til en gud i mange år. Jeg var uten noen å ha en samtale med, den indre samtalen stanset. Det tålte jeg svært dårlig. Jeg tror jeg trengte å knytte meg til en gud på nytt. Men det måtte være en annen gud enn den muslimske guden.
Livsfarleg
Med fare for sitt eige og den kristne prestens liv let Sara Azmeh seg døype. Å forlate islam kan straffast med døden, og kristne har ikkje lov å misjonere i muslimske samfunn. Ho gjekk med eit gullkors under klærne, men fortalte ikkje nokon om kva ho hadde gjort. Å gå over til kristendomen var også ei politisk handling – ho tar sterk avstand frå blandinga av religion og politikk, som skjer i Syria og i dei fleste muslimske land.
Kunnskapens tre
Da ho kom til Norge, tok ho til å studere religionshistorie – for som ho seier ”å forstå gud bedre”. Men ho kom til å forstå religion betre, og når religionspsykologien kom i tillegg, vart tvilen så stor at det ikkje var rom for tru lenger. Først kjende ho det tomt rundt seg. Og ho måtte lære å føre ein indre samtale med seg sjølv – korleis er det?
- Det er herlig! For det første er det å være ærlig overfor seg selv, og ikke behøve å ha en fantasivenn. Det er å ta seg selv på alvor. Man kan føre en veldig dyp samtale med seg selv. Det har gjort at jeg er blitt mer og mer selvstendig og klar over hvem jeg selv er.