Hopp til innhold

Lars Amund Vaage i Poesitid

”Endåtil husa dei budde i er rivne eller ombygde og mangelen på galskap slår imot meg…” Lars Amund Vaage les frå diktsamlinga ”Utanfor institusjonen” i Poesitid.

 

Lars Amund Vaage då romanen "Tangentane" vart presentert i 2005
Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Kva såg dei med sine oppsperra augo

Kva kan dei ha observert inst i augnekroken

Kva såg dei galne utan å sjå

Kva står igjen etter dei i det ufattelege

landskapet i landskapet

Sitatet er frå diktet ”Eg vender tilbake til landskapet”. Kirsti Mathilde Thorheim skreiv blant anna dette i sin omtale av samlinga i Dag og tid:

”Utanfor institusjonen er ei sjeldan kjenslevar diktsamling som opnar rom som gjer oss klokare, rausare og meir klårsynte … Poetisk og velskrive ... Meiningsberande og gripande lesnad … Dette er eit poetisk prosjekt det står stor respekt av.”

Og slik blir forfattaren og boka presentert av forlaget, Oktober:

LARS AMUND VAAGE (f. 1952) skriv om galskap i den andre diktsamlinga si. Korleis er det å leva med det uforklarlege? Han skriv også om blafringa i fallskjermar, motorbrøl og hunden med tre augo. Lars Amund Vaage debuterte i 1979 og har skrive romanar, noveller, skodespel, dikt og barnebøker. Han har mellom anna mottatt Kritikarprisen, Aschehougprisen, Gyldendalprisen og P2-lyttaranes romanpris, og vore nominert til Nordisk Råds litteraturpris.

 

Poesitid i NRK P2 med Harald Overå som programleiar

  • fredag 12. januar kl. 13.03 og
  • søndag 14. januar kl. 07.03