Hopp til innhold

Kalven

Kalven står med sida til og et. Rifla kjem opp og i stilling. Løyser sikringen. Zeiss kikkertsiktet leitar seg fram.

Unghjort
Foto: Johan Trygve Solheim/Norsk hjortesenter

Dette postkortet er sendt inn av Ragnar Bull,Holmedal

Dette hende for nokre år sidan, og svarttrasta er framleis ein alliert i hjortejakta. Kanskje også ein reddhare og sladrehank? Verdfulle eigenskapar, - for meg. Eg trur ikkje svarttrasta likar rørsler i skumringa, då skvett han til. ”Tiks – tiks – tiks”, kvepp han ut av seg og bråvaknar på kveldskvisten.

Sjerper sansene

Eg vert også uroleg. Sansane skjerper seg. Gjespar høgt, ikkje fordi eg er trøyt, men for heilt å jamne ut trykket på øyra. Høyrer betre då. Pustar med halvopen munn. Stillaste måten å puste på.

Ein kvist knekk i den stille haustkvelden. Så står dei ved buskane der gjerdet tek til. Grønt gras lokkar. Kolla er varsam. Står lenge still og ser seg omkring. Øyra vender seg hit og dit. Kalven er meir uroleg. Ottast kanskje piggtråden?

Snart er dei på bøen. Eg studerer dei i den russiske handkikkerten, 7x50. Beste kombinasjonen. Lysinngangen på auga gjennom okulara er heile 7 millimeter. Same som pupillopninga no i skumringa. Tre vaksne dyr er skotne, ein kalv står att. Dei andre som skulle dele kjøtet hadde sagt at eg kunne gjere som eg ville.

Hjartet hamrar

Kalven står med sida til og et. Rifla kjem opp og i stilling. Løyser sikringen. Zeiss kikkertsiktet leitar seg fram. Skumringsljoset vert soge inn. Trådkrossen finn vegen rett opp for framfoten. I kammeret ligg ei 30-06 og ventar. Hjartet slår fortare, mest som den gongen eg skulle halde første innlegget i kommunestyret. Peikefingeren strammar seg. Trykkpunk.

Kalven har ete nok. No vil han drikke. Stikk nasen sin innunder kolla. Syg den varme mjølka i seg. Så spring han litt. Makelaus bø å springe på! Rasar fram og tilbake, tverrkastar på bakparten. Gler seg i den varme haustkvelden: ”Heile livet ligg framfor meg!” Syg på nytt. Kolla står roleg, snusar han litt på bakparten.

Jakta er slutt

Eg legg rifla ned. Sikringen på. Sit eit kvarters tid, ser, tenkjer og mjuknar. Snik eg meg varleg bort. Jakta er slutt for denne sesongen.