Hopp til innhold

Kings Bay - gruveulykka som førde til eit politisk jordskjelv.

5. november 1962 var det ein kraftig eksplosjon i gruva «Esther» i Kongsfjorden (derfor det engelske namnet på gruveselskapet Kings Bay) på Svalbard. 21 menneske miste livet i denne ulykka. Årsaka til ulykka er stadig litt uklar. Men dårlege tryggingstiltak og tilstand i gruvene, og ein alt for høg konsentrasjon av metangass er moglege årsaker. Denne ulykka fekk store konsekvensar for gruvedrifta på Svalbard, og for norsk politikk.

Stortingsdebatt i forbindelse med Kings Bay-ulykka. John Lyng (H) dannet ny borgerlig regjering, mens Einar Gerhardsen (med ryggen til) måtte gå pga mistillit.

Stortingsdebatt i forbindelse med King Bay-ulykka. John Lyng (H) danner ny borgerlig regjering, Einar Gerhardsen må gå pga mistillit.

Foto: Per Svensson, Scanpix

Stortinget vedtok i 1956 at gruvedrifta skulle gjenopptakast etter det hadde vore stans etter fleire ulykker i 1948,1952 og 1953. 43 mennesker hadde mist livet i desse ulykkene. Kravet var at drifta skulle vera heilt sikker ved nyopning av gruvene.

Politisk var det ein heilt annan situasjon i Stortinget. Ved stortingsvalet i 1961 minste Arbeiderpartiet for fyrste gong etter den andre verdskrigen det reine fleirtalet i Stortinget. Sosialistisk Folkeparti kom inn med to representantar. Arbeiderpartiet var avhengige av støtte frå desse to representantane, Finn Gustavsen og Asbjørn Holm, for å ha fleirtal mot den borgarlege opposisjonen.

Etter gruveulykka i Kings Bay blei det sett ned ein granskingskomisjon. Tønseth- rapporten kom i 1963,sommaren etter ulykka i november. Det blei avdekt fleire grove brot på tryggingsføreskriftene for drifta av det statlege gruveselskapet.
Dei ikkje-sosialistiske partia stilte mistillitsforslag mot regjeringa.Det var ikkje nok at industriminister Kjell Holler gjekk av. Forslaget blei vedteke med 76 mot 74 stemmer og regjeringa Gerhardsen måtte gå av. Det blei danna ei ny regjering av dei fire ikkje-sosialistiske partia, Høgre, Venstre, Senterpartiet og Kristelig Folkeparti, med Høgres John Lyng som statsminister. Regjeringa Lyng blei utnemd 25. august 1963. Dette var den fyrste borgarlege regjeringa etter krigen.

Regjeringa til John Lyng blei felt etter fire veker fordi den ikkje fekk fleirtal for regjeringserklæringa. I alle avrøystingane var Sosialistisk Folkepartis to røyster avgjerande – både når det gjaldt fleirtalet mot regjeringa Gerhardsen og fleirtal mot regjeringa Lyng. Regjeringa til John Lyng blei etterfylgd av ei ny regjering med Einar Gerhardsen som statsminister, også denne støtta av dei to frå Sosialistisk Folkeprati.


Gruveulykka på Svalbard fekk også konsekvensar for den vidare gruvedrifta, og ulykka fekk konsekvensar for embetsverket der fleire fekk avskjed frå stillingane sine.

I NRK Gull sender vi fleire program som handlar om gruveulykka i Kings Bay for 50 år sia og dei politiske konsekvensane av dette.

6. november: 50 år siden Kings Bay-ulykken. Program laga av Birger Amundsen og Kåre Johan Lund om ulykka. Dei har intervjua folk som arbeidde i gruvene og pårørande til dei som omkom. Dette programmet er sendt før i 1992. Her sender vi også Gustav Mobergs innslag frå Stortinget 28. februar 1963 då Jon Leirfall frå Senterpartiet reiste ein interpellasjon om Kings Bay-ulykka.

11. desember: Kings Bay-ulykken som førte til et politisk jordskjelv. Per Norvik har laga eit program om dei politiske fylgjene av gruveulykka i november 1962. Det var altså sommaren etter at regjeringsskifta kom etter Tønseth-rapporten blei lagt fram. I dette programmet høyrer vi industriminister Kjell Holler og dei to statsministrane Einar Gerhardsen og John Lyng. Dette programmet er sendt før 4. oktober 1975.

Skru på din dab- eller nettradio tirsdag 6. november og 11. desember kl. 07.00, 11.00, 15.00, 19.00 eller 23.00 og og hør Kings Bay-programmene