Hopp til innhold

Ivar Aasen 200 år

5. august 1813 blei Ivar Aasen fødd i Ørsta på Sunnmøre. Dette 200 års jubileet blir markert med fleire program i NRK Gull 5. august 2013.

Ivar Aasen er omstridt, over 100 år etter hans død.

Ivar Aasen, nynorskens far

Foto: NTB / Scanpix

Ivar Aasen har sett sterke spor etter seg i norsk språkhistorie, og norsk historie i det heile. Han voks opp i fattige kår på garden Åsen. Han blei tidleg foreldrelaus og fekk då hovudansvaret for dei 8 syskena. Han hadde ingen kameratar på den isolerte garden. Då han hadde lært å lesa så las han mykje i dei få bøkene familien hadde. Ivar blei tidleg lagt merke til og presten skreiv rosande om han i kyrkjeboka til konfirmasjonen.


1 1831 byrja Ivar Aasen som omgangsskulelærar og seinare huslærar for presten Hans Conrad Thoresen. Han hadde då byrja å granske sin eigen sunnmørske dialekt og han studerte plantelivet i distriktet. Aasen reiste til Bergen for å få arbeidet sitt vurdert av biskop Jacob Neumann. Biskopen blei imponert over språkarbeidet, og delar av dette blei seinare trykt i to nummer av Bergen Stiftstidene i 1841.


Ivar Aasen sitt språkarbeid og gransking byrja altså svært tidleg. I 1836, berre 22 år gamal, skreiv han eit programmatisk essay «Om vort Skriftsprog». Artikkelen blei trykt i Syn og Segn 1900. Artikkelen blir av forskarar i ettertid sett på som grunnlaget for den språkreisinga Ivar Aasen seinare sette i gang. Støtta frå biskop Neumann og artiklane han skreiv førde til at Ivar Aasen fekk eit årleg stipend på 120-200 specidalar frå Vitenskabsselskabet i Trondhjem for å reise rundt om i landet og granske det norske folkemålet.


Frå 1843 til 1847 reiste Ivar Aasen 400 mil rundt i landet, i sør, vest, aust og så langt nord som til Helgeland. Han skreiv ned ord og utrykk og grammatikalske former frå dei ulike dialektane. Då han var ferdig med dei store reisene slo han seg ned i Kristiania der han budde til han døydde 23. september 1896. Han var også ute på samlarferder i 20 år etter han hadde busett seg i Kristiania, og han vitja over halvparten av kommunane i landet.


Ivar Aasen var ingen ivrig brevskrivar eller ein mann med stor omgangskrins som utleverte kjenslelivet sitt. I ettertid ser det ut som han livde eit stille og roleg liv som språkgranskar i Kristiania. Han viste likevel litt av kjenslene og livet utanom språkgranskinga i alle dikta han skreiv. Som vitenskapsmann skreiv han mest på dansk, men som lyrikar skreiv han fagre dikt, som har blitt populære i by og bygd , på landsmål.


I 1848 gav Ivar Aasen ut «Det norsk Folkesprogs Grammatikk», og to år seinare kom boka «Ordbog over det norske Folkesprog». Boka var på meir enn 25 000 ord, og den kjende historikaren P.A. Munch kalla det eit nasjonalt meisterverk. Seinare gav han ut tekster som viste korleis landsmålet kunne fungere med boka «Prøver af Landsmmalet i Norge» som kom i 1853.


Språkarbeidet til Ivar Aasen utvikla seg gradvis utover 1800-talet. Mange var einige med han og støtta han i arbeidet for å få til eit nasjonalt norsk språk til avløysing for det danske språket som alle, også Ivar Aasen, skreiv på den tid. Ein del prøva også å snakke dansk slik embetsmennene gjorde. Ivar Aasens språkreising var såleis ein språkrevolusjon som skapte strid. Ein strid som er aktuell også i valkampen i år 2013. I år handlar debatten om sidemålets plass i skulen. Det er også ei ettervirkning av Ivar Aasens arbeid.


I 1885 vedtok Stortinget at Landsmål og Riksmål skulle sidestillast i skulen. I 1889 kom Det nye testamentet på landsmål og Ivar Aasen landsmål fekk stadig nye bruksomåder både i kulturlivet og i samfunnet i det heile. Mange forfattarar var no svært aktive på nynorsk slik som Vinje og Garborg. Bjørnson prøva og lære seg landsmål for å bruke det i sitt forfattarskap. Han snudde og blei seinare ein strek motstandar av Landsmål, og ein av Riksmålet fremste faneberarar.


Arven etter Ivar Aasen nådde sitt høgdepunkt i 1943 då halvparten av skulekrinsane brukte nynorsk ,og nynorsk var også svært utbreidd i lokalforvaltinga og brukt i kulturlivet og i kyrkja. I dei seinare åra har nynorsk stadig gått tilbake som bruksspråk i skule og samfunn. Dette er også bakgrunnen for debatten i valkampen i år, 200 år etter Ivar Aasen, om det skal vera obligatorisk opplæring i sidemål. I kulturlivet står nynorsk sterkare. Det Norske Teatret, som i år er 100 år, er sentral her, men også fleire av våre fremste forfattarar brukar det språket Ivar Aasen la grunnlaget for.

I NRK Gull er Ivar Aasen hovudpersonen i fleire program på 200 årsdagen for hans fødsel, 5. august 2013.

Ivar Aasen

Foto: NTB/Scanpix


Program 1: Ivar Aasen 200 år. Mennesket, diktaren og målgranskaren.


Tarjei Vesaas som var ein av våre fremste nynorskforfattarar skreiv ein prolog om «Arven etter Ivar Aasen. Vesaas las prologen som vi sender eit opptak av frå eit festmøte i universitetets Aula i Oslo i 1950.


I 1946, 50 år etter Ivar Aasen døydde, sende NRK eit minneprogram om diktaren og målgranskaren frå Sunnmøre. Arthur Klæbo var programleiar. Her høyrer vi mineord av Herman Wildenvey som sette Ivar Aasen høgt både som målgranskar og diktar. Wildenvey kjenner seg nærmast i familie med Ivar Aasen ettersom også Wildenvey er fødd på ein Åsen gard. Rørosforfattaren Johan Falkberget hadde også stor sans for Ivar Aasen og hans livs verk.


Program 2: Ivar Aasen 200 år. Ørstastemna 125 år etter hans fødsel.


Ivar Aasen har hatt ei stor stjerne på Sunnmøre. I Ørsta har det vore årleg stemner til minne om den store sonen frå bygda. I 1938 var det 125 år sia Ivar Aasen blei fødde, og då var det stor grunn til å feire han. Feiringa blei kringkasta, og vi sender det 75 år gamle radioprogrammet. Her høyrer vi taler av Anders Vassbotn, Henrik Straumsheim og ein av dei store «Aasen-kjennarane» Olav Midttun som seinare blei riksprogramsjef i NRK. Vi høyrer også samtale med Jon Aasen, ein nær slektning av Ivar Aasen. Arne Digernes syng frå Aasens diktverk Ervingen.


Program 3: Ivar Aasen 200 år. »Sangtime» med Ivar Aasens tekster og opplesing frå hans dagbøker.


Hans Olav Tungesvik hadde programmet «Sangtimen» 21.april 2013 og der var alle songane som blei framførde dikt av Ivar Aasen. Fleire av dikta til Ivar Aasen har blitt med våre meste populære songar slik som «Mellom bakkar og berg» og «Dei vil alltid klaga og kyta». I dette programmet høyrer vi også utdrag frå Ivar Aasens dagbøker. Det er Olav Vesaas som har gjort utvala, og det er Svein Erik Brodal som les. Programmet er frå 1996.


Program 4: Ivar Aasen 200 år. »Bylivet behager meg aldeles ikkje».


I dette programmet høyrer vi Ivar Aasen «bli intervjua» av Yngvar Ustvedt. Godt gjort å få intervju med ein person som døydde i 1896,seier du. Ja det er det. Ustvedt har bygt på tekster, brev og liknande som Ivar Aasen har skrive. Og her får han svar på dei spørsmåla han stiller. Svara frå Ivar Aasen er lagt i munnen på Hartvig Kiran, ein annan ordkunstnar frå Sunnmøre. Dette programmet blei sendt fyrste gong i 1996. I del to av dette programmet sender vi eit program frå serien «Bøker som forandret Norge». Det er Arnulf Grut og Sverre Nyrønning som laga dette programmet. Og bøkene det handlar om er sjølvsagt, Ivar Aasens Ordbok og hans Grammatikk.

Skru på din dab-eller nettradio og hør de fire programmene om Ivar Aasen i NRK Gull mandag 5. august, kl 04:00, 12:00 og 20:00