23.11.2014

Dette er en arkivert nettside

Disse nettsidene blir ikke oppdatert. NRK Gull gikk over til å bli NRK P1+ 2. oktober 2013.

    Det norske teatret 100 år

    Det norske teatret. Foto: Wikipedia

    Det norske teatret. Foto: Wikipedia

    Det norske teatret feirar 100-årsjubileet heile året i 2013. Teatret blei grunnlag av Hulda Garborg hausten 1912, men dei fyrste teaterframsyningane kom i 1913. I NRK Gull markerer vi dette jubileet med fleire program 1. januar 2013.

    I samband med 50 årsjubileet i 1963 laga Johs Aanderaa eit program som vi sender på nytt. Her fortel fleire av dei som var med på å starte teatret korleis dei fyrste åra var. Det var fleire teaterslag og pipekonsert i samband med dei fyrste framsyningane Det norske teatret hadde i Oslo og rundt om i landet. Edvard Drabløs var med frå byrjinga og han minnest teaterslaga med glede. I ettertid meiner mange at kampen mot og rundt teatret har vore bra. Det har vore ein styrke som har ført til at Det norske teatret etter 100 år står som eit av våre fremste teater.

    Hulda Garborg
    Veteranen Edvard Drabløs fortel om Hulda Garborg – Det norske teatrets mor. Ho hadde ikkje direkte bakgrunn frå målfolket og norskdomsrørsla, men blei likevel den fremste pådrivaren for dette teatret. Det var fleire av pådrivarane for teatret som hadde ein annan bakgrunn enn målrørsla, som Paal Berg og Toralv Øksnevad. Etterkvart blei nynorskteatret også godteke av riksmålsfolk. Arnulf Øverland, ein av riksmålets fremste forkjemparar, var med på å stifte laget "Vener av Det norske teatret".

    Arne og Hulda Garborg (NRK)

    Hulda og Arne Garborg

    NRK

    Strid om teatret
    Det har naturleg nok vore strid og debatt om språket på dette teatret heilt frå starten. 9. oktober 1913 hadde teatret si aller fyrste framsyning ,"Jeppe på Berget" omsett til nynorsk av Arne Garborg. Kong Haakon VII var til stades i salen og kunne oppleve slagsmål mellom riksmålsungdomar og nynorsktilhengarar.

    Peer Gynt
    Strid og kritikk blei det også då teatret fyrste gong spela Peer Gynt på nynorsk i 1948. Motstandarane meinte Peer Gynt og bøndene i Heggstadtunet burde snakke riksmål, engelsk eller tysk, men absolutt ikkje dialekt eller nynorsk. Seinare har teatret hatt ei rad med vellykka Peer Gynt-oppsettingar. Den siste var så vellykka at det blei gjestespel i New York. I NRK Gull sender vi opptak frå Det norske teatrets oppsetting av Peer Gynt i 1962. Rolf Søder spelar «Peer», Astrid Sommer «Mor Åse», Liv Ullmann «Solveig» og Ruth Tellefsen spelar «Anitra» og fleire andre kvinneroller. Joachim Calmeyer er også med i fleire roller, og instruktør er Tormod Skagestad, som seinare blei teatersjef i mange år.

    Henrik Rafaelsen i Robert Wilsons Peer Gynt (Foto: Nyborg, Kristine (Scanpix)/SCANPIX)

    Henrik Rafaelsen i Robert Wilsons oppsetting av Peer Gynt

    Foto: Nyborg, Kristine (Scanpix)/SCANPIX

    Eige hus
    Det norske teatret arbeidde sterkt for å få eige hus i dei fyrste 50 åra av si levetid. Framsynte støttespelarar sikra teatret tidleg tomt midt i Oslo ved Karl Johan. Det var ein stor dag for teatret og teatrets vener då kong Olav v innvigde nybygget 6. mai 1985. Vi sender utdrag av kong Olavs opningstale ved innviinga. Opningsframsyninga var Romeo og Julie med Svein Tindberg og Liv Bernhoft Osa i tittelrollene.

    Kong Olav åpner Det norskte teatret i 1985 (Foto: Løchen, Per/NTB scanpix)

    Kong Olav åpner Det norskte teatret i 1985

    Foto: Løchen, Per/NTB scanpix

    Verdsdramatikk
    Det norske teatret har frå starten spela norsk og verdsdramatikk vekselvis av Ibsen, Shakespeare, Beckett og Jon Fosse. Teatret er det teatret i Europa, ja kanskje i verda, som har spela mest av Samuel Beckett. Vi sender eit lite utdrag frå den svært kjende og populære oppsettinga av «Mens vi ventar på Godot». Det norske teatret hadde også verdspremiere på Henrik Ibsens «Kejser og Galilæer». Duun, Vesaas. Prøysen, Falkberget og Braathen har blitt ofte spela her i huset.

    Musikalar
    Det norske teatret er no vårt fremste musikkteater. Musikalar som har vore verdssuksessar har også blitt det her- Cats, Piaf, Les Miserables og Evita. Fleire av opphavsmennene har sagt den norske versjonen er minst like bra som originalen i London eller New York, slik Leonard Bernstein sa då han såg «West Side Story» på «Det norske». Dei seinare åra har teatret spela fleire musikalar, eller musikkspel ,som dei også blir kalla, basert på norske bøker. Trost i taklampa, Bør Børson jr. og Ungen er gode døme på det. Lasse Kolstad, Sølvi Wang, Britt Langlie og Rolv Wesenlund har hatt store roller her. Vi sender fleire kutt frå musikalar på Det norske teatret i NRK Gull 1. januar 2013. Egil Monn-Iversen har vore musikalsk ansvarleg og vore ein sentral person bak desse oppsettingane.

    Heidi Gjermundsen Broch som Evita i 2012 (Foto: Christensen, Marte/NTB scanpix)

    Heidi Gjermundsen Broch som Evita i 2012

    Foto: Christensen, Marte/NTB scanpix

    I dei programma vi sender om hundreårsjubilanten – Det norske teatret – har vi også eit intervju med dagens teatersjef, Erik Ulfsby. Det er Åsulv Edland som er intervjuar og programleiar for programma vi sender i NRK Gull.

    Sendetider 25. desember:

    00.00, 8.00 og 16.00: Program frå 50 års-jubileet
    01.00, 09.00 og 17.00: frå opninga av nybygg og 75 års jubileet
    01.50, 09.50 og 17.50 : frå Peer Gynt-framsyninga i 1962
    03.00, 11.00 og 19.00: om Hulda Garborg og kutt frå ulike framsyninger