Hopp til innhold

– Denne kondis-metoden fungerer betre enn den tradisjonelle

LILLEHAMMER (NRK): Idrettsforskarar har funne ein ny, meir aggressiv, og betre metode for å toppe forma inn mot konkurransar.

Ryttere på vei mot mål under Birkebeinerrittet 2017.

FORMTOPPING: Skal du sykle Birken? Du kan framleis gjere grep for å koma i så god form som mogleg.

Foto: Alexander Nordby

– På alle variablane som er viktige for uthald-prestasjon ser me at den nye metoden er betre enn den tradisjonelle, seier professor i idrettsfysiologi Bent Rønnestad ved Høgskolen i Innlandet (INN).

Han og fleire ved seksjon for helse og treningsfysiologi ved INN har forska på formtopping sidan 2015, og publiserte nyleg ein artikkel der dei presenterte den nye metoden.

Dei har samanlikna to grupper der den eine har trent på den tradisjonelle måten for å nå formtopping, der dei reduserer treningsmengda dei siste to vekene før eit viktig ritt, men beheld dei intensive øktene.

Den andre gruppa har trent fem hardøkter på rad og kvilt dei siste fem-seks dagane. Dette viser seg å vere betre.

– Data viser at dette er eit godt alternativ for å formtoppe. Dette gir større framgang enn den tradisjonelle måten, seier Rønnestad.

Formtopping

FORSKAR: Professor i idrettsfysiologi Bent Rønnestad ved Høgskulen i Innlandet føl med når Erik Hægstad skal teste forma. Hægstad (venstre) har vore testperson når Rønnestad forska på formtopping.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Gir «trøkk» i beina

Erik Hægstad trenar no mot VM i terrengsykling rundbane i Canada i slutten av august, og sit på sykkelen på testlaben på Høgskulen i Innlandet på Lillehammer for ein test.

– Målet er å bli topp 20, blant dei beste i verda, seier Hægstad.

Han har vore ein av testpersonane i prosjektet, og treningsopplegget han køyrer mot VM liknar det forskarane har kome fram til.

– Det går ut på å bryte seg ned, med mykje hard og tøff trening, og så samle overskot og sleppe opp, seier Hægstad.

Han forklarar at den nye metoden gir mykje betre resultat enn tradisjonell trening inn mot rittet.

– Det gir bra med overskot i kroppen og «trøkk» i beina.

Erik Hægstad

TEST: Erik Hægstad køyrer på i test før VM.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Ville brukt metoden på Birken

Hægstad køyrer på, og tar seg til slutt heilt ut, med ny rekord.

Dersom ein skal delta på Birkebeinerrittet, kan ein bruke denne metoden då?

– Det er mogleg. Dersom ein er kjapp og køyrer tre-fire, inntil fem hardøkter, og så slappar av mot den viktige laurdagen, så kan det hende det går betre, seier Rønnestad.

Det kan dei stole på?

– Det er iallfall det eg ville valt å gjere, seier Rønnestad som tidlegare i vår også publiserte ein studie som visar at trening i varme gir betre kondisjon.

Erik Hægstad

GITT ALT: Erik Hægstad kollapsa heilt etter å ha tatt seg ut på testen.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Villig til å prøve

Borghild Løvset vann Birkebeinerrittet i fjor, og har ikkje høyrd om den nye metoden når NRK kontaktar ho.

– Eg har trua på å periodisere treninga, og køyre ulike typar intervall i oppkøyring i sesong, skriv ho i ein SMS.

Ho skal ikkje sykle i årets ritt.

Kunne du tenke deg å prøve denne metoden?

– Om eg framleis hadde satsa, ikkje følte framgang, og «stoppa opp», kunne eg kanskje vurdert det, skriv Løvset.

Borghild Løvset vant Birkebeinerrittet

VINNAR: Borghild Løvset vann Birken i fjor. I år skal ho ikkje delta, men seier at ho ville ha forsøkt metoden dersom ho ikkje lenger hadde hatt framgang.

Foto: EILIN SPOLÉN JUVA / NRK

Flere saker fra Innlandet