Hopp til innhold

20-åring sikta for drapsforsøk med øks

Etter at ei kvinne vart slått i hovudet med øks i Ringebu, har politiet onsdag kveld endra siktinga mot den 20 år gamle gjerningsmannen til drapsforsøk.

Ringebu lensmannskontor

DRAPSFORSØK: Det var ved denne staden politiet sikra spor onsdag, etter at ein 20-åring angreip ei kvinne med øks. Mannen er sikta for drapsforsøk.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Det var like før klokka ni onsdag at politiet fekk melding om ei alvorleg valdshending i Ringebu sentrum. Ei kvinne hadde blitt slått i hovudet med ein gjenstand.

– Der var det ei valdshending der ein person har angripe ei ung kvinne med øks slik at ho vart skadd, seier politiadvokat Tom Gjestvang til NRK.

Det var avisa GD som først melde om siktinga.

Politiet fekk kontroll på gjerningsmannen, og pågripinga skal ha skjedd utan dramatikk.

Fornærma vart tatt hand om av helsepersonell og vart frakta til sjukehuset på Lillehammer.

Torsdag opplyser politiet om at den fornærma og sikta ikkje kjende kvarandre.

Har erkjent forholda

Mannen er sikta for drapsforsøk, og sat onsdag kveld i avhøyr på Hamar politistasjon.

– Han har erkjent dei faktiske forhold. Han har ikkje konferert med forsvararen sin, så me kan ikkje seie noko om han erkjenner straffeskuld, men han har erkjent dei faktiske forhold, seier Gjestvang.

Gjestvang kjende onsdag kveld ikkje til kva tilstand den fornærma var i, men ho skulle då vere på sjukehus.

Tidlegare onsdag skreiv politiet i ei pressemelding at tilstanden til fornærma var uavklart, og at vedkommande var medviten.

Blir framstilt for varetektsfengsling

Så langt veit politiet ikkje om det skal vere snakk om rus.

Dei vil ikkje seie noko om motivet på det noverande tidspunktet.

– Sikta blir framstilt for varetektsfengsel i torsdag klokka 12.00 i Hedmarken tingrett. Me har bedt om fire veker fengsling, seier Gjestvang.

Drapsforsøk

Flere saker fra Innlandet