Hopp til innhold

Ti år med teikn

- Døve er lisensbetalarar som alle andre. Dei skal også ha eit tilbod, seier Siri Antonsen som leiar Tolkekanalen. I haust har NRKs «ukjente kanal» tiårsjubileum.

NRK Tegnspråk

Siri Antonsen

«Noko for alle, alltid»: Siri Antonsen er leiar for Tolkekanalen og her midt i «alltid».

Foto: Marit Holmquist Fenne

Tolkekanalen er lite kjent, men tilbodet er svært viktig for dei det rettar seg mot. Tilbakemeldingane er klare: Kvelden blir heilt annleis, og mykje betre med eit tv-tilbod.


- Når du sitt i sofaen framfor tv-en med ein nær og elska familiemedlem, då ønskjer du ikkje å ekskludere vedkommande. Det kjenst ikkje særleg bra. Antonsen er sikker på at Tolkekanalen også betyr mykje for dei som er rundt dei døve.

I Noreg finst det rundt 5-6000 menneske som er utan hørsel.

Følg NRK Teiknspråk på Facebook
Tolkekanalen på nett

For alle

- Universell utforming.

Antonsen smakar på ordet og liker det. I mars i år blei biletet bak tolken gjort langt større, slik at ikkje berre tolken, men også det som vert tolka, kjem godt fram. Tidlegare var biletet svært lite, noko som gjorde sendingane lite attraktive for dei som ikkje forstår teiknspråk.

Tonje Henriksen tolkar Aktuelt

Tonje Henriksen tolkar her Kjell Lars Berge i Aktuelt. Ein tolk får med alt som blir sagt, og kan opplyse om stemmeleie og andre uttrykk som berre høyrande får med seg. Derfor er tolking av debattar og intervju særleg verdsett.

Foto: Marit Holmquist Fenne


Tøff tolkejobb

- Den tøffaste tolkejobben er Dagsrevyen. Den går direkte, det er høgt nivå, du skal ha god kjennskap til både norsk språk så vel som til norsk teiknspråk, forklarer Antonsen. I tillegg må tolken ha følgt med på nyheitene og ha gode samfunnskunnskapar.

- Du kan ikkje oversette noko du ikkje har forstått.

I Dagsrevyen og Sporten dukkar det også opp mange lange, utanlandske namn, som tolkane må bokstavere. Då gjeld det å vite korleis Mahmoud Ahmadinejad stavar namnet sitt. Og når Christian Borch er ekstra tilfreds med ei finurleg formulering med ordspel eller dobbel meining, er fortvilinga desto større i Tolkekanalen. Dei må finne ei konkret og presis meining for alt som blir sagt.

- Ingen betre enn NRK

I år tolka tenesta også Eurovision (ikkje sangane) og OL. Antonsen kjenner ikkje til andre allmennkringkastarar som tilbyr meir for døve enn det NRK gjer.

- Eg tør påstå at NRK er den beste allmennkringkastaren i verda når det gjeld tolketilbod.