NRKs styre

Styret legg rammene for NRK si verksemd. Styret vurderar økonomiske tilhøve og strategiar, men legg seg ikkje bort i programverksemda. Styret tilsett Kringkastingssjefen og rapporterar til generalforsamlinga som er Kulturdepartementet.
Publisert 25.10.2001 15:37. Oppdatert 25.05.2009 16:31.
- Skriv ut
Styret i NRK AS har ni medlemmar. Leiar, nestleiar og fire medlemmar blir valt av generalforsamlinga, som er kulturministeren. Dei tilsette i NRK har tre representantar. Styret tilsett Kringkastingssjefen.
Styret blir valt for ein periode på to år i gangen. Styret for 2008-2010:

Styreleiar Hallvard Bakke
Foto:ScanpixStyreleiar: Hallvard Bakke.
Nestleiar: Valgerd Svarstad Haugland
Styremedlemmar: Karin Julsrud, Sif Vik, Stig Herbern og Kåre Lilleholt
Representantar for dei tilsette: Sidsel Avlund, Per Ravnaas og Steinar Aanesland
Varamedlemmar: Long Litt Woon og Per Kvistad Uddu
Om styret i NRK
Styret legg fram saker for generalforsamlinga, som er kulturministeren. Sakene gjeld mellom anna plan for verksemda i NRK inkludert datterselskap, NRKs hovudverksemder, økonomisk utvikling, vesentlige investeringar, forslag til kringkastingsavgift og vesentlige endringar i planer.
Sjå også: Vedtekter §9.
Tidlegare styreleiarar:
Eldbjørg Löwer 2004-2006
Aanne Carine Tanum 2001-2004
Torger Reve 2000-2001
Kåre Willoch 1998- 2000
Trygve Ramberg 1990-1998
Halvor Stenstadvold 1986-1990

