Speglar Noreg gjennom postkort

Jan Eggum har sagt ja til å skrive musikk ut frå bilete og historiar som folk sender inn til NRK.
Foto: Line Forsmo/NRKNRK vil samle bilete og historiar frå heile Noreg, så skal kjente norske artistar forme nye melodiar ut frå det som kjem inn.
Publisert 11.04.2012 15:23.
- Skriv ut
– Målet er å binde saman heile landet på bakgrunn av bilete og historiar frå folk og låtar og musikk frå våre fremste artistar, seier prosjektleiar Elisabeth Strand Mølster i NRK.
NRK samarbeider med Norsk Forening for komponistar og tekstforfattarar (NOPA) om «Postkort 2012 – Sangen om Norge».
Inspirert til å skriva ny musikk
- Det er meininga at låtskrivarar og artistar skal bli inspirert til å skriva ny musikk, på bakgrunn av bidraga som kjem inn frå publikum, fortset Strand Mølster.
Les meir og les korleis du kan ta del: «Postkort 2012 – Sangen om Norge».
Jan Eggum tek del
Jan Eggum er ein av dei som har sagt ja til å skrive musikk ut frå det som vert sendt inn.
- Dette høres veldig spanande ut. Det er litt på same måten som eg arbeider. Ideana er der, men eg treng ei historie å knytte dem til, seier Jan Eggum.
Med ei spesiell historie og eit godt bilete, kan alle gi kjente norske artistar inspirasjon til å skrive ein spiltternorsk melodi.
Liknande prosjekt i 2008 ga elleve nye norske låtar
NRK gjennomførte eit likande prosjekt i 2008. Dette prosjektet heitte Postkort fra livet og resulterte i elleve nye norske låtar. I alt kom det inn over 200 bidrag frå folket.
No har du igjen sjansen til å bidra med materialet som kan resultere i ein ny norsk hit.
Spegle Noreg i 2012
Eit bilete er alt som skal til, men publikum blir og bedt om å fortelje kvar bilete er tatt og nokre ord om historia bak biletet. Målet er å spegle breidda i Noreg i 2012.
Kven som helst kan delta. - Vi ønskjer oss deltakarar frå alle aldersgrupper og nasjonalitetar, seier Strand Mølster.
Det kan vere ei historie frå eit skatemiljø eller ei historie frå kjøkkenet ditt. Uansett historie, skal det spegle året vi er inne i og bli eit dokument for framtida om kvar vi står og korleis vi har det i 2012.
Undervegs i arbeidet kan publikum kommunisere direkte med både artistar og redaksjonen på bloggsida til «Postkort 2012 – Sangen om Norge» .
Norgesglasset i NRK P1 og nrk.no
Både i Norgesglasset i NRK P1 og på nrk.no/postkort vil «Postkort 2012 – Sangen om Norge» bli presentert i tida framover. På nettet kan du sjølv laste opp di historie og ditt bilete.
Ny norsk musikk
NRK P1 er Noregs største radiokanal og ein viktig formidlar av musikk.
– For oss er det særleg viktig å løfte fram den nye norske musikken, og på denne måten er vi og med på og gjer vårt til at nasjonen held seg vital, musikalsk sett, seier musikksjef i NRK P1, Terje Qvam.
