Blir sjef for NRK Super

Nils Stokke (Foto: NRK/NRK)

- Eg meiner med handa på hjartet at vi gjer den viktigaste jobben i NRK: nemleg å oppdra barn i dagens mediekvardag, seier Nils Stokke, ny kanalredaktør for NRK Super.

NRK Super er NRKs verd for barn. Både på nett,radio og fjernsyn.

- Kvifor ville du bli sjef for Super?


- Eg har eit enormt og bankende hjarte for NRK Super. Eg hadde ein lang runde med meg sjølv før eg søkte, fortel Stokke. Det avgjerande var at eg meiner eg vil gjere ein god jobb som programredaktør i NRK Super, seier han.

- Nils blei valt fordi han var den beste kandidaten til ein komplisert redaktør-jobb, der han vil styre alle tilbod vi lager for barn. Han har vist ekstremt gode leiareigenskapar og gjort ein fantastisk innsats, seier direktør i Marienlystdivisjonen, Per Arne Kalbakk.

- Han har dei beste føresetnadene til å konsolidere NRK Super og utvikle Super vidare, som framleis er ein ung kanal. Han har hatt viktige leiarjobbar allereie, og har mange gode, spennande tankar om vidareutvikling av Super som vi gler oss til å sjå han sette ut livet, seier Kalbakk om den nye kanalsjefen.

Vil vidareføre

- Kva vil du med NRK Super, kva slags visjonar har du?

- Eg har vore en del leiinga i Super sidan kanalen starta opp og har vært en del av alle avgjerslene vi har tatt. Det betyr at det ikkje blir noen radikal kursendring, akkurat. Vi skal lage enda tydelegare program. Det betyr å vidareføre ein suksess når han dukkar opp, men samtidig må vi tørre å legge ned eit program som ikkje fungerer slik vi ønskjer.

Stokke seier han mellom anna har som mål å auke produksjonen frå NRK-kontor utanfor Marienlyst.

- Norsk oppvekst og verkelegheit er mykje meir enn livet i Oslo og denne verkelegheita er det viktig at vi speglar, seier Stokke.

Han har arbeidd i NRK sidan 2003, då starta han som redaksjonsassistent. Seinare blei han produksjonsleiar og i redaktør i NRK Super. Han har ein master i medievitskap frå New York University og er også utdanna siviløkonom.

Innholdsoversikt