Silje Helen Sæterdal

Silje Helen Sæterdal

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Silje orka ikkje jobben lenger

Heimesjukepleiarar fortel om auka arbeidspress og situasjonar på grensa til det uforsvarlege. Etter berre eit halvt år i jobb, møtte nyutdanna Silje Helen Sæterdal (26) veggen.

I slutten av mars sit Silje Helen Sæterdal heime i kjellarleilegheita i Bergen. Det er sundag ettermiddag, og den ferske sjukepleiaren skal snart reisa på kveldsvakt i heimesjukepleia i Fana bydel.

I interngruppa på Facebook kjem det ei melding om at det er mangel på folk. 26-åringen tek til å skjelva og kjenner seg uvel. Utan å heilt forstå kva som skjer, får sjukepleiaren eit anfall.

Silje kjem seg ikkje ut av døra den kvelden. Høgt arbeidspress over tid og fleire tilfelle av samanbrot på jobb kulminerer i angstanfall og sjukmelding frå legen.

– Kjennest vondt og pinleg

26-åringen hadde fått fleire meldingar om låg bemanning den siste tida.

– Eg forstod me kom til å få det svært hektisk. Eg frykta at eg ikkje ville ha nok tid til å gjera jobben på forsvarleg vis, seier ho.

Den kvelden var det stopp, etter berre eit halvt år i jobb heimesjukepleia.

– Det kjennest vondt og pinleg å vera sjukmeld, fordi eg veit at dei tilsette må klara seg med ein pleiar mindre, fortel Silje.

Skal eg forlata pasienten eg sit med? Somme tilfelle er heilt på grensa til det uforsvarlege.

Silje Helen Sæterdal

Har ikkje tid

NRK har snakka med fleire som fortel same historie: Nyutdanna sjukepleiar er sjukmelde frå jobben i heimesjukepleia på grunn av stress og angst.

Den korte tida ein har til rådvelde til kvar pasient, er det største samtaleemnet på jobb.

– Ein bruker tid på å forklara den demente pasienten kven ein er og kva ein gjer i deira heim. Og viss pasienten i tillegg græt når du kjem, er det ikkje menneskeleg å snu i døra, seier ein sjukepleiar som ikkje ynskjer å stå fram med namn.

Silje fortel at ho har gråte på jobb av di ho vert stressa og utmatta av lange arbeidslister og trong bemanning.

Heimesjukepleiaren forlét pasientar utan at ho føler ho har gjeve dei den omsorga og pleia som krevst. Ofte er det ikkje tid til å ta matpausar.

– Fleire gongar kjenner eg på stress og uro over at jobben er så uføreseieleg. Andre taklar truleg stresset på ein betre måte, men eg veit om fleire som slit.

Heidi Gautun

UROA: NOVA-forskar ved Høgskulen i Oslo og Akershus, Heidi Gautun, har publisert fleire rapportar om tilstanden i norsk eldreomsorg. Ho er uroa over situasjonen.

Foto: NOVA / StudioVest

Heimesjukepleia er overrepresentert

– Det er frå denne tenesta det kjem flest rapportar om tidspress, stor arbeidsbelastning, manglande kompetanse og press på kvaliteten, seier forskar Heidi Gautun.

Ho er tilknytt NOVA velferdsforskningsinstitutt ved Høgskulen i Oslo og Akershus har skrive fleire sentrale rapportar om norsk eldreomsorg. Undersøkingane hennar har avdekka manglar og ulikskapar i pleie- og omsorgstenestene i kommunane.

Heimesjukepleia skil seg negativt ut, og Gautun er uroa over det ho ser. Høgt arbeidspress gjer at fleire rett og slett bryt saman på jobb.

– Dei klandrar seg sjølv for at dei ikkje gjer ein god nok jobb for pasienten, fortel Gautun.

Rettleia ufaglært over telefon

Silje fortel om eit konkret eksempel frå i vinter, då ho var på kveldsvakt. Sjukemelde tilsette var ikkje erstatta, og det var berre to på vakt.

26-åringen tok hand om ein brukar som var dårleg, og ho meinte det var uforsvarleg å forlata vedkommande. Den andre sjukepleiaren var ute på eit anna oppdrag.

Då ringjer telefonen. Ein ufaglært assistent ringer om ein brukar som brått var blitt dårleg. Assistenten var utan erfaring, stressa og spurte om råd.

– Eg opplevde det som fortvilande og ekkelt å måtte spørja om assistenten hadde gjort naudsynte målingar, utan sjølv å kjenna tilstanden til pasienten. Bemanninga gjer at ein må ta avgjerder som er vanskelege: «Skal eg forlata pasienten eg sit med?». Somme tilfelle er heilt på grensa til det uforsvarlege, meiner Sæterdal.

Pasienten den kvelden vart innlagt på sjukehus, og det enda til slutt bra. Sæterdal er likevel uroa for at dårleg bemanning på kveldstid kan få alvorlege følgjer.

Heimetenesta skapar hjelpesløyse

I desember i fjor endra Bergen kommune normtidene sine. Dei rettleiande tidene styrer kor mykje tid den tilsette skal bruka på kvar enkelt brukar.

Dei tilsette NRK har snakka med seier arbeidspresset har auka det siste halve året. Julie Borge frå Arna er nyutdanna sjukepleiar og jobbar i heimesjukepleia, men byter jobb i mai. Ho var ukomfortabel med det stadig aukande tidspresset.

– Slik ordninga er, med høgt tidspress, skapar heimetenesta hjelpeløyse, og ein legg ikkje opp til førebygging. Pleiarane gjer det dei må på den tida dei får, og spring vidare, meiner Borge.

22-åringen opplevde at ho ikkje hadde høve til å følgja opp kvar enkelt pasient i den grad ho sjølv ynskjer, og at arbeidsdagen ikkje lèt henne vera den sjukepleiaren ho har utdanna seg til å vera.

Borge understrekar at ho er godt nøgd med arbeidsplassen og miljøet i heimesjukepleia, og at ho veit at alle etatar i omsorgstenesta er travle. Men 22-åringen meiner rammevilkåra i heimetenesta ikkje legg til rette for heilskapleg sjukepleie.

Melder ikkje frå om avvik

Silje Helen Sæterdal er einig i at innføringa av nye normtider har vore merkbar.

– I starten gjekk det bra, men me merka at det vart fleire oppførte turar på listene og at ein måtte springa inn og ut. Brått er det fleire brukarar å vitja, og brukarane er svært geografisk spreidde, fortel 26-åringen, som altså møtte veggen etter berre eit halvt år i heimesjukepleia.

I staden for å melda frå til tillitsvalde, har Silje gjeve beskjed til dei som lagar arbeidslistene. Som regel har dei ikkje hatt høve til å hjelpa. I staden har Silje vore fast bestemt på å gjera jobben betre neste gong.

– Eg tenkte at eg var den einaste som sleit med å gjera det eg skulle. Men det skuldast for lite tid og låg bemanning, meiner 26-åringen.

Silje meiner kulturen for å melda frå er dårleg i deler av omsorgstenesta.

– Me snakkar med kollegaer om tilhøva, men eg trur folk er redde for å melda frå. Og i ein hektisk kvardag får ein ofte ikkje tid til det, heller, seier sjukepleiaren.

Trur det kan vera mørketal

Der får ho støtte frå NOVA-forskar Heidi Gautun. Anonyme undersøkingar utført blant sjukepleiarar i kommunar over heile landet, syner at pleiarane meiner det stadig aukande tidspresset går ut over kvaliteten på tenestene, og gjer innhaldet fagleg uforsvarleg.

Men sjukepleiarane innrømmer det sjeldan i personlege intervju.

– Tilsette har fortalt at dei har slutta å melda avvik fordi det ikkje vert følgt opp. Dei oppfattar det som bortkasta, seier Gautun, som meiner det kan vera store mørketal når det gjeld innrapporterte avvik.

– Eg trur at strammare tidsskjema, som Bergen har innført, kan vera uklokt. Fleire tenester har allereie problem med å rekruttera sjukepleiarar. Det er heilt klart heimesjukepleia som gjev størst grunn til uro, seier Gautun.

Rebekka Ljosland

Helsebyråd i Bergen kommune, Rebekka Ljosland, seier ho tek historia til Silje på største alvor. Byråden meiner bemanninga i heimetenesta er forsvarleg, og oppmodar tilsette om å melda avvik.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Handlar ikkje om å finna syndebukkar

Helsebyråd i Bergen, Rebekka Ljosland (KrF), har sjølv arbeidd som heimesjukepleiar.

Ho seier ho forstår godt at det kan vera vanskeleg å finna tid til føra avviksmeldingar i ein hektisk arbeidsdag, men understrekar at det er viktig at dei tilsette gjer det.

– Viss det finst ein dårleg avvikskultur i Bergen kommune, er det noko eg tek på største alvor. Det er også noko me jobbar mykje med i desse dagar. Tilsette må forstå at det ikkje handlar om å finna syndebukkar, men om å betra heile organisasjonen, seier Ljosland.

Byråden har ikkje fått meldingar om hendingar som tilseier at helsetenesta er uforsvarleg.

– Er det tilfellet, treng me å vita det også oppover i systemet.

– Ingen klager på normtidene

Eli Gunhild By

– MÅ TAKAST PÅ ALVOR: Eli Gunhild By er leiar i Norsk sjukepleiarforbund. Ho ber arbeidsgjevarane ta historier slik den Silje fortel om på alvor.

Foto: Norsk Sykepleierforbund

Ljosland har heller ikkje fått negative tilbakemeldingar på dei reduserte normtidene som byrådet sette i verk frå 1. desember i fjor.

Det har heller ikkje hovudtillitsvald for helse og omsorg i Fagforbundet i Bergen, Wenche Myhre.

– Det kan vera tidkrevjande å skriva avvik, men det er einaste måten å dokumentera tilhøva og betra situasjonen for dei tilsette. Om noko er kritikkverdig, må dei tilsette melda frå til oss. Så langt me kan sjå, har ingen gjort det, seier Myhre.

Helsebyråden seier byrådet er i gong med tiltak som skal effektivisera og betra logistikken i heimesjukepleia.

Vil mangla titusenvis i 2035

Både Silje Helen Sæterdal (26) og Julie Borge (22) er døme på nyutdanna sjukepleiarar som får eit brutalt møte med verkelegheita når dei kjem ut i jobb. Men låg bemanning og tidspress kan også bli store utfordringar i framtida.

Ifølge Noregs sjukepleiarforbund vil Noreg mangla nesten 30.000 sjukepleiarar om tjue år . Studentundersøkinga blant ferdigutdanna sjukepleiarar i 2015 viser at eit fåtal vil til sjukeheim og heimesjukepleia.

Leiar Eli Gunhild By i Norsk sjukepleiarforbund (NSF) seier det er svært trist å høyra at unge sjukepleiarar i heimetenesta møter veggen. Ho forventar at arbeidsgjevarar i slike tilfelle tek signala på alvor.

– I heimesjukepleia er det ofte eit for lite fagmiljø. Nyutdanna sjukepleiarar har liten erfaring, men får eit veldig stort ansvar. Dette, i lag med stort arbeidspress, kan føra til sjukefråvær, seier By.

Ho etterlyser eit sjukepleiarløft, og ber innstendig om at politikarane tek utfordringa på alvor. Helsebyråd Rebekka Ljosland svarar at ho trur spanande omsorgsoppgåver vil trekkja til seg nyutdanna også i åra som kjem.

– Må fungera betre

Silje Sæterdal tykkjer det er leitt at heimetenesta er så lite attraktiv, og trur kommunar i heile landet må bruka meir ressursar for å gjera den veksande etaten meir attraktiv.

– Det er mange dyktige tilsette og gode menneske i heimesjukepleia, men eg vil det skal fungera betre. Eg meiner det er viktig å få fram at situasjonen i dag ikkje er god nok, seier 26-åringen. som til hausten startar i ny jobb på sjukeheim i Bergen.

Silje Helen Sæterdal og katten

NY JOBB: Silje Helen Sæterdal ser fram til å koma tilbake i jobb. Ho opplever at dyktige kollegaer gjer så godt dei kan, men at arbeidsmengda er stor og stressfaktoren høg. Til hausten startar Silje i jobb på sjukeheim i Bergen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK