Kvinnelige rappere til XL-sak
Foto: Anette Kronstad Sørheim / NRK

Kvinnene som vil kapre rap-trona

Glansfullt hår, raud naglelakk, heftig augesminke og ei lyst til å provosere. At hiphop- og rap-kulturen i Noreg er mannsdominert, vil unge damer endre på.

Saman vil Melodee og Sophie Krüger gå i front for å få fleire kvinner til å rappe.

– Vi skal byrje å rappe om at vi skal ta over verda. Så kjem folk til å tru på det til slutt. Dei kjem til å tenkje sånn: "dei kjem til å ta over verda". Også har me tatt over verda, seier Melodee.

Den unge bergensjenta har sjølv opplevd hets fordi ho rappa – og var kvinne.

Sophie Krüger tviler på at hip-hop-sjangeren hadde eksistert utan kvinner. Ho har fått inntrykket om at hiphop handlar om å rappe mest mogleg om sex, alkohol og dop. Det vert rappa om kjønnsorgan, både i norsk og amerikansk rap.

– Dama vert på ein måte alltid den der underdanige. Når ei jente prøver seg innan rap, vert ho berre trekt ned med ein gong. Det er eg veldig imot, seier Krüger, med sine blonde, lange lokkar.

Prøvde seg i rapmiljøet i USA

Ein rykande, svart kopp med kaffi står på bordet framfor Melody Benedicte Hamre (20). Ei nasering i krystallar, og ein dramatisk augesminke pregar ansiktet til den raudhåra jenta frå Flaktveit i Bergen. Samtalen på ein kafé på Skostredet om rapping vert lang.

Melodee

Melody Benedicte Hamre (20): Synes musikken hennar vert betre tatt imot i heimbyen Bergen.

Foto: Anette Kronstad Sørheim / NRK

Som 16-åring reiste Hamre til Atlanta i den amerikanske staten Georgia. Der blei ho verande i eitt år for å studere. Det vart eit år ho opplevde mykje rasisme fordi ho var kvit. Og kvinne.

Melody B. Hamre

Tre stripar: Klede frå sportsmerket Adidas, kombinert med fritidssko og gulldetaljar, er noko ein ser igjen i hip-hop-mote verda over.

Foto: Privat

Dette gjorde at Melody vart til artistnamnet «Melodee».

– Eg blei så provosert der nede. Ein hadde ikkje lov til å gjere enkelte ting fordi ein var av ein spesiell rase. Eg var kvinne, hadde ein annan hudfarge, og var frå eit anna land. Eg ville provosere, fordi det å provosere om dette hadde eg uansett gjort.

Studietida vart innhaldsrik. På fritida fekk ho gutekompisar, og rappa på sparket framfor gjengar med berre svarte folk. Det var ikkje alle som godtok at bergensarjenta skilte seg ut i mengda. Ho vart stempla som "ho der utanlandske jenta som berre er frå Noreg".

– Dei andre jentene likte det ikkje i det heile tatt. Dei var sånn "kven faen er ho? Kven trur ho at ho er? Kva er det ho prøver å vere?" seier Melodee.

Slik høyrest Melodee ut når ho blir beden om å rappe på open gate:

No studerer Melodee musikkproduksjon ved Høgskolen i Hedmark. Med jamne mellomrom reiser bergensaren tilbake til Vestlandet. Ifylgje Melodee er ting meir akseptabelt i heimbyen enn i Atlanta. Fordi i USA er det lett for at ting vert oversett, og mange folk er trongsynte.

– Det var heilt sjukt mykje rasisme der nede. Eg byrja jo å henge med dei kvite. Det var liksom naturleg at det var den gjengen eg sklei inn i. Der var det berre snakk om countrymusikk, øl og trucks. Dei var skikkeleg "red necks".

I am how I am I ain't talking it back

Everybody gonna see where I'm lyrically at

You used to talk shit

But now you giving me props

Always on my case like some fucking cops

Melodee

Etterpå byrja ho å henge med dei svarte. Då hadde ho plutseleg ingen kvite vener igjen.

– Det er akkurat slik som du ser på film framleis. Det er synd, seier ho.

I ei trong, men lang bakgate nær Bryggen. Veggane er dekorerte av gatekunst. Lufta på kysten er mildare enn det Melodee vanlegvis pustar inn når ho studerer. Likevel er ho i kledd militærbukse, parkajakke og vintersko.

Rappen var ikkje ein kultur for kvinner. Det var ikkje greit at vi heldt på med det. Vi er i 2016 og det er framleis ikkje greit.

Melodee

Rap-musikken hennar vert tatt imot betre i heimlandet. Her skriv ho låtar annankvar dag. Tanken på at dette var tabubelagt å gjere då ho levde det amerikanske liv, gjer ho sint.

– Rappen var ikkje ein kultur for kvinner. Det var ikkje greitt at vi heldt på med det. Vi er no i 2016 og det er ikkje greitt at det er slikt, seier ho.

Sophie Krüger

DAGDRAUM OG RAP: Sophie Krüger Dagsland (18) har rapparen brukt mykje tid på å dagdrøyme, og skrive rapptekstar.

Foto: Anette Kronstad Sørheim / NRK

– Eg er blond og har eit fjortistryne. Folk vert sjokka når eg seier eg rappar

Det lukter lasagne i barndomsheimen til Sophie Krüger Dagsland (18). Dottera av Karoline Krüger og Sigvart Dagsland viser fram underetasjen i musikarfamilien sin heim.

Der er det litt mindre lukt av middag, men eit stort piano. Sjølv har ho drive med musikk sidan før ho lærde seg alfabetet. Og dans. Likevel kan ho ikkje spele eit einaste instrument.

I fjor fann ho ut at ho ville bli ein rappar. I dag vert ho ofte omtalt som ein song-artist.

Soveromsdøra til Sophie Krüger

Mykje inspirasjon: Songane til Sophie Krüger tar opp korleis ho opplev å vere ung i dag.

Foto: Anette Kronstad Sørheim / NRK

– Eg kan jo leve med tittelen å vere songar, men det er jo ikkje det eg held på med, seier ho.

– Kvifor trur du det er sånn?

– Hiphop er mannsdominert og kvinna er rett og slett underrepresentert. Vi må jobbe ekstra hardt for å få ein slags "rap-tittel", konkluderer ho.

Eg kan jo leve med tittelen å vere songar, men det er jo ikkje det eg held på med.

Sophie Krüger

Lampa i taket gjer håret til Sophie ekstra glansfullt. Ho har dandert neglene sine med raud lakk, og har på seg ein kvit, strikka genser. Éin sele av ei snikkarbukse er trekt over venstre skulder. Det er ingen tvil om at Sophie liker å pynte seg, men samtidig sjå kul ut.

– Eg er blond og har eit fjortistryne. Folk vert sjokka når eg seier eg rappar.

Og vi har oljepengar, pulevennar, frokost e stek

Alle tallene e på stell og vi ravar på en demning,

Fyrar opp no'G, og vi rullar til d'mornings

Og det e kool for d'e pappas bank

Sophie Krüger

Sjølv har ho møtt få kvinnelege rapparar, men har opp til fleire mannlege idol. Lars Vaular for sine lyriske ferdigheiter, Kjartan Lauritzen for å ikkje diskriminere kvinner, og Karpe Diem for å vere samfunnskritiske.

– Viss eg hadde møtt ei jente som sa at ho rappa, så hadde eg nok gløymd å introdusere meg sjølv, og heller berre tenkt sånn "wow", ler ho.

Ho fortel om eit minne frå då ho opptredde saman med rap-duoen KUUK på uteplassen Hulen i Bergen. Sjølv skildrar ho rapparane nokre feministar med ein sinnssjuk energi.

– Då eg stod på scena på Hulen i helga, var det ein fyr som kunne nesten alle tekstane mine utanåt. Då følte eg det var ein slags "girl power" mellom meg og han, fortel ho.

Feminisme handler jo ikkje om å hate menn. Det handler om at det skal vere like stor sjanse for begge kjønn.

Sophie Krüger

Ordet feminisme dukkar opp i sofakroken. Eit ord ho meiner det er mange misforståingar rundt. Sjølv seier ho at ho er feminist.

– Feminisme handlar jo ikkje om å hate menn. Det handlar om at det skal vere like stor sjanse for begge kjønn. Det er jo der det "fucker" seg til i hip-hop-bransjen. Problemet er at det er så mange kvinner som vert undertrykt i hip-hop-bransjen, og alt handlar om at ein skal rappe om akkurat det og det, slår ho fast.

– Det må vere ekte

I nabolandet Sverige har fleire kvinner tatt del i landets hiphop- og rap-kultur. I Grammisgalan, som er Sveriges svar på den norske Spellemannprisen, fekk rap-artisten Silvana Imam seks prisar for året som var.

Ho fekk mellom anna pris for å vere årets beste artist, årets hip-hop-artist, i tillegg til å ha produsert årets beste song.

Marie Komissar

Marie Komissar, DJ, musikkprodusent og prosjektleiar i NRK P3.

Foto: Kim Erlandsen / NRK

Under Spellemannprisen 2015, var artistane Arif, Lars Vaular og Unge Ferrari nominerte til å få pris for beste urban-artist. Heller ingen kvinner var nominerte til å få pris innan elektro- og dansemusikk.

DJ, musikkprodusent og prosjektleiar i NRK P3, Marie Komissar, synest det er synd at Noreg har så få, aktuelle kvinnelege hip-hop-artistar.

– Det var ein slik hiphop-kveld på Rockefeller. Ingen damer stod på scena, seier Komissar.

Miss Tati til Månefestivalen

Hip-, hop- og RnB-artist, Miss Tati er ein av få kvinnelege etablerte rap

Foto: Roy Bjorge

Eg er blitt inspirert av andre, lagde mitt eige uttrykk, også håper eg at eg kan inspirere andre til å gjere det same.

Miss Tati

Miss Tati er ein av dei få etablerte kvinnelege hip-hop-artistane i Noreg. Sjølv innrømmer ho at ho ikkje er ein hip-hop-ekspert, men at ho er ein hip-hop-entusiast.

– Eg henta ikkje inspirasjon frå «VG's Topp 20-liste», men eg måtte leite i alternative kanalar på fjernsyn, radio og Internett. Eg blei kjend med folk som hadde dei same interessene som meg, men som var på eit anna nivå.

– Dei var rapparar, dei kunne freestyle, dei hadde laga låtar. I eit sånt studiomiljø blei eg så inspirert at eg òg fekk lyst til å prøve meg. Eg har alltid vore glad i hiphop, men eg trudde ikkje heilt på meg sjølv, inntil ein «tjommi» foreslo at eg burde byrja å lage musikk, seier Miss Tati.

Då ho prøvde å rappe, hadde ho fleire førbilete. Ho blei inspirert av Lauryn Hill frå The Fugees, Missy Elliott, Salt-N-Pepa, og MC Lyte, som mogleg kan omtalast som dronningane av rap. Ho henta òg mykje av inspirasjonen frå det ho såg på fjernsynskanalen MTV.

– Eg er blitt inspirert av andre, lagde mitt eige uttrykk, også håper eg at eg kan inspirere andre til å gjere det same, seier ho.

Sjølv har ho eit ynskje om at kultur- og ungdomsorganisasjonar byrjar å arrangere samlepunkt for folk som er interesserte i hiphop.

– Det er viktig at det vert laga «workshops», slik at vi som unge kvinner og jenter får ein sjanse til å uttrykke oss og lære om hiphop frå botnen av, seier Miss Tati.

Til trass for at få kvinner driv med hip-hop-musikk i Noreg, trur ho at levestandarden blant nordmenn er ein annan grunn til at rap ikkje har slått an.

– Her i Noreg har vi det veldig trygt. Det er ikkje så mykje å klage over, samanlikna med andre stader i verda, seier ho.

Anne Danielsen

Professor i musikkvitskap ved Universitetet i Oslo, Anne Danielsen.

Foto: Terje Heiestad / UiO

Andre faktorar kan spele inn. Anne Danielsen, professor i musikkvitskap ved Universitetet i Oslo, trur ikkje det har vore lett for kvinner å ta del i hip-hop-miljøet, verken i Noreg eller i utlandet.

Når rap-kulturen er så mannsdominert i utgangspunktet, med maskuline verdiar og eit til tider eit sinnssjukt kvinnesyn, har dette mogleg gjort kulturen lukka. Det har ikkje vore ein sjanger som har ynskja kvinner velkomen, seier Danielsen.

Viss du har lyst å bli ein rapper, så må du setje deg inn i hiphop-historien. Ein må analysere artistene som har komt opp igjennom tida. Også må du få det til på din måte. Så lenge det vert fett, det er det viktigaste. Det må vere god flyt og kvalitet i det du seier. Det må vere ekte.

Miss Tati

Miss Tati trur fleire kvinner vil gripe mikrofonen, no som hiphop har blitt kommersiell, og fått populære artistar som amerikanske Nicki Minaj og australske Iggy Azalea.

– Har du nokre tips og triks til unge kvinner som vil starte med rap?

– Viss du har lyst å bli ein rappar, så må du setje deg inn i hiphop-historia. Ein må analysere artistane som har kome opp igjennom tida. Også må du få det til på din måte. Så lenge det vert feitt, det er det viktigaste. Det må vere god flyt og kvalitet i det du seier. Det må vere ekte, seier Miss Tati.

Leo Ajkic

VIL HA FLEIRE KVINNER: Journalist i NRK og leiar i NMG/G-huset, Leo Ajkic.

Foto: Kim Erlandsen / NRK

Journalist i NRK, Leo Ajkic, som òg driv plateselskapet NMG/G-huset, meiner vi lev i ei tid det er lettare for ei kvinne å bli kjend som rap-artist i Noreg. Han seier vi høyrer på dansk- og svensk hiphop, men at den norske rap-musikken slit.

– Kanskje norske unge kvinner kan gjere noko med det? Viss ein ser bra ut, har ein fin stemme og bra musikkvideoar, kan ein kanskje nå ut raskare enn det menn kan, seier Ajkic.

– Viktig å løfte kvarandre opp

Det er mykje snakk om det engelske uttrykket "girl power". Sjølv Google klarer ikkje finne eit norsk ord for dette. Både Sophie Krüger og Melodee trur det er viktig å løfte kvarandre opp, for å framme kvinneleg rap-musikk.

– Eg føler alle kvinnelege rapparar har ein sånn "girl power" som handlar om at vi alle må stå saman, anten om ein liker musikken eller ikkje, seier Krüger.

Ho draumar om ein stor felles kvinneleg hip hop-produksjon.

– Ein låt der vi kan invitere mange kvinnelege rapparar. Og produsere den saman, seier Melodee.

Sophie Krüger

PÅ JENTEROMMET: Sophie Krüger synest det er synd at kjønnsorgan skal avgjere kva ein skal gjere i livet.

Foto: Anette Kronstad Sørheim / NRK

Om eg har ein vagina og dei har ein penis. At det skal ha noko å seie for kva eg skal gjere i livet, eller korleis eg skal kome meg fram. Det er eit stort problem.

Sophie Krüger

At hiphop- og rap-kulturen er mannsdominert, meiner jentene er eit problem. Likevel legg dei ikkje skjul på at det finst større problem innan likestilling mellom kvinner og menn.

Rapparane nemner seksuelle overgrep i India, tvangsekteskap, fråfall i skulen og lågare løn.

– Om eg har ein vagina og dei har ein penis. At det skal ha noko å seie for kva eg skal gjere i livet, eller korleis eg skal kome meg fram. Det er eit stort problem, seier Sophie Krüger.