Hopp til innhold

Warloe: – Kollektivtransporten må tredoblast

Bergen vil veksa med 100.000 innbyggjarar dei neste 25 åra. Men vegnettet toler ikkje fleire bilar. Byutviklingsbyråden set sin lit Bybanen.

Byutviklingsbyråden meiner kollektivtrafikken må tredoblast om nullvekstmålet i biltrafikken skal vera mogleg å nå.

SJÅ VIDEO: Aktørar innan samferdsle var i dag samla møte med søkjelys på kollektivsatsinga i Hordaland. Bergen vil veksa med 100.000 innbyggjarar dei neste år. – Skal målet om nullvekst i biltrafikken oppnås, må kollektivtransporten tredoblast, seier byutviklingsbyråd Henning Warloe.

Det er folketalsprognosane som syner at det kan bli 450.000 nye daglege reiser i bergensområdet i 2040. Samstundes er målet nullvekst i biltrafikken. Då må det store krafttak til i kollektivsatsinga.

– Viss me skal klara nullvekst i biltrafikk, må kollektivtransporten eigentleg tredoblast i denne perioden. Det er sjølvsagt ein stor utfordring, seier byutviklingsbyråd i Bergen, Henning Warloe (H).

I anledning Mobilitetsveka diskuterte Bergen Næringsråd i dag korleis bergensarane skal komme seg frå A til B i framtida – utan å bruke bilen.

– Bybanen blir ryggrada

Bybanen i Bergen - minutt for minutt

STOLAR PÅ BYBANEN: Byutviklingsbyråden seier Bybanen i enno større grad blir ryggrada i transportsystemet i Bergen.

Foto: Rune Jenssen / NRK

Eit av spørsmåla som vart stilt var korleis Bergen skal takla 100.000 nye innbyggjarar, med eit mål om nullvekst i biltrafikken.

– Skulle vi basert oss på ein kraftig auke i biltrafikken framover, så ville jo Bergen blitt kvelt av biler og eksos, seier Warloe som legg sin lit til Bybanen. Ifølgje han vil Bybanen bli ryggrada i transportsystemet i bergensområdet, i enno større grad enn i dag.

– Den vil ta unna mykje. Så må vi organisere busstilbodet rundt Bybanen, slik vi allereie har begynt å gjera. Bybanesystemet har jo kapasitet til å transportere mange fleire menneske raskare, meir effektivt og miljøvennleg enn det bussar har.

– Har dykk dårleg tid?

– Dei fleste syns jo 25 år er veldig lang tid. Men vi har dårleg tid når det gjeld planlegginga. Det er viktige grep vi skal gjera no. Vi skal lage ein ny kommuneplan, som vi har starta arbeidet med, og det er veldig mange viktige val som må gjerast. Ein må vera ganske flink når ein forsøker å sjå inn i krystallkula, svarar Warloe.

Meiner nullvekst er mogleg å nå

Tett trafikk over Danmarksplass

TETT TRAFIKK: Målet er nullvekst i biltrafikken i Bergen.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Representantar for Skyss Hordaland og samferdsleutvalet i fylkeskommunen la fram sine syn på kollektivstrategien. Leiar Bård Nordheim i Urbanet Analyse var på plass under møtet for å snakka om kva nullvekst i biltrafikken vil kosta.

Warloe meiner det blir krevjande, Nordheim meiner det er fullt mogleg – om politikarane berre får bestemt seg.

– Det krev at alle dreg i same retning. Politisk sett så må ein bestemme seg for prinsipp som ein må følge, og ikkje bøyge av kvar gong det kjem lokale protestbevegelsar. Dei må ha ein heilskapleg strategi som må vedtakast og så binde seg fast til masta på den.

Varslar tøffare line

Og Bergen kommune varslar ei tøffare line for å få oss til å reise kollektivt. Bergensarane må førebu seg på å gå, sykle eller reise kollektivt for å kome seg til og frå.

– Vi må vere tøffare med dei planane vi lagar, seier Warloe.

– Vi kan ikkje sei at alle kan bu nøyaktig der dei vil og at ein må la utviklinga skure av garde. Vi må ta sterkare grep. Ein framleis bybaneutbygging er heilt sentralt.