Hopp til innhold

Vurderer dyr batteridrift for Bybanen

Byrådet vurderer kostbar batteridrift når Bybanen skal gå langs Bryggen. – Me må betala det det vil kosta å skåna verdsarven, seier byutviklingsbyråden.

Bybanen over Bryggen med batteridrift

UTAN MASTER: Slik kan det sjå ut på Bryggen om ein får ei batteridriven løysing for bybanen.

Foto: NORCONSULT

Etter tre år med intens debatt blei det i går endeleg vedtatt at bybanen skal gå over Bryggen i Bergen.

Men no startar den omfattande jobben med å gjera det forsvarleg å legga bybanetraseen framfor den verneverdige trehusrekkja.

– Dette er ei krevjande sak, slår byråd for byutvikling, Anna Elisa Tryti, fast.

Må skåna Bryggen mest mogleg

Antikvariske styresmakter har sine krav som må oppfyllast for at det ein slik trase kan gjennomførast.

Dette er nokon av krava:

  • Biltrafikken må fjernast frå Bryggen,
  • Det må ikkje blir sett opp gjerde eller hindringar framfor Bryggen.
  • Bybanen må ikkje leggast for høgt i terrenget
  • Ein må vurdera batteridrift for å unngå master og køyreleidningar framfor det verna trehusområdet.

– Viss batteridrift blir anbefalt, og det kan gjennomførast så vil me gå for det, seier Tryti.

Batteridrift krev ombygging av bybanevognene og vil auka driftsutgiftene for bybanen med mellom 25 og 40 prosent.

Villig til å betala

– Dei meirkostnadane det vil føra med seg å la bybanen gå over Bryggen må me ta både når det gjeld investering og drift, seier Tryti.

Høgre, Frp, MDG, Sp og Raudt lanserte førre veke eit nytt tunnelalternativ, der bybanen skal gå under sentrum, og ha underjordiske stopp.

Det forslaget fekk dei ikkje fleirtal for, og Høgre-leiar Martin Smith-Sivertsen er svært kritisk til traseen som blei vedtatt på bystyremøtet i går.

– Det vil vera krevjande å la den gå over Bryggen spesielt i forhold til antikvariske problemstillingar. Skal ein ha batteridrift på banen vil det blir dyrare og mindre effektivt, seier Smith-Sivertsen.

Han har ikkje tru på at forslaget lar seg realisera.

– Eg trur byråden vil få store problem, og difor er det fornuftig at ein parallelt utgreiar tunnelalternativ. Når ein ser omfanget av utfordringane kan ein heller gå for tunnelalternativet som gjev både raskare og betre bane.

Bybanen over bryggen med master

BRYGGEN: Illustrasjon av Bryggen med bybane. På dette bildet ser ein master og køyreleidningar.

Foto: NORCONSULT

Biltrafikken er det mest utfordrande

Byråden er sjølv mellomalderforskar og håpar bakgrunnen kan vera med på å gjera jobben lettare.

– Eg tenker at når dette er bestemt og ligg i byrådsplattforma, så kan kanskje min kompetanse hjelpa meg med å komma fram til den mest skånsam traseen over Bryggen, seier Tryti.

Riksantikvaren har varsla innvendingar dersom dei bøtande tiltaka ikkje blir gode nok

– Dette er den mest kompliserte saka eg nok får nokosinne. Det er store utfordringar når det gjeld å finna nye løysingar for biltrafikken.

Men byråden er optimistisk.

– Eg har fått gode råd, og hatt samtalar med dei kulturminnefaglege myndigheitene før eg sa ja til å bli byråd. Ut frå dei samtalane trur eg dette er mogleg å få til.

Anna Elisa Tryti

UTFORDRING: Anna Elisa Tryti, eller «bybanens mor» som ho også er kalla, har eit stort arbeid framfor seg. Ho håpar ho kan finne den beste løysinga for Bryggen som er på UNESCO si verdsarvliste.

Foto: Sølve Rydland / NRK