Freddy Eriksen - Direktør Freddy Eriksen i Airlift er glad for at Luftfartstilsynet meiner at selskapet jobbar bra med sikkerheit. NRK

Direktør Freddy Eriksen i Airlift er glad for at Luftfartstilsynet meiner at selskapet jobbar bra med sikkerheit.

Foto: NRK

Airlift håpar på eit endeleg svar om årsaka til helikopterulukka

Helikopterselskapet Airlift hadde håpa på eit klarare svar i den førebelse rapporten frå Havarikommisjonen.

Statens havarikommisjon har offentleggjort ein førebels havarirapport om helikopterulukka i Ullensvang. Fem personar omkom i ulukka som skjedde 4. juli i fjor.

Ifølgje Havarikommisjonen er det sannsynleg at ei brå manøvrering har ført til ein sekvens der helikopteret delvis kom ut av kontroll ein kort periode , og at det ikkje hadde tilstrekkeleg høgde til at fartøysjefen rakk å retta det heilt opp og flata ut i tide.

– Det me kan konstatera er at Havarikommisjonen ikkje har konkludert ennå. Dei har nokre spor dei forfølgjer, så det er ikkje ein endeleg rapport, seier direktør Freddy Eriksen i Airlift, selskapet som eigde helikopteret som var involvert i ulukka.

– Det andre er at me får høyra at dei har hatt ei anonym undersøking i selskapet vårt, og at Luftfartstilsynet seier at me driv eit godt sikkerheitsarbeid. Det er det me kan konkludera frå rapporten så langt, seier Freddy Eriksen.

– Usikkert om det kjem endeleg konklusjon

Det er ein del spørsmål Airlift gjerne ville hatt svar på, som dei håpar dei kan få svar på i den endelege rapporten frå Havarikommisjonen som kjem mot slutten av året.

– Det er ikkje noko endeleg svar på årsaka til ulukka. Det skulle me gjerne hatt, men det har me ikkje fått, og det er usikkert om det kjem noko endeleg konklusjon på det, seier Eriksen.

Havarikommisjonen har gjennomført ei anonym spørjeundersøking blant flygarar og lastemenn i Airlift. Svara dei då fekk inn tyda i hovudsak på at element som har betyding for sikkerheitskultur var godt ivaretatt.

Vrakrester etter helikopterulykka - Vrakrestar etter helikopterulukka er blitt undersøkt av Havarikommisjonen. - Foto: SCANPIX NORWAY / Reuters

Vrakrestar etter helikopterulukka er blitt undersøkt av Havarikommisjonen.

Foto: SCANPIX NORWAY / Reuters

Risikoåtferd med passasjerar ombord

I undersøkinga kom det også fram at risikoåtferd med passasjerar om bord har skjedd også i dette selskapet. Havarikommisjonen meiner imidlartid at det er grunn til å tru at tilsvarande gjeld for dei fleste operatørane i denne bransjen.

Administrerande direktør i Airlift er klar på at selskapet sine pilotar ikkje tar sjansar når dei flyr med passasjerar.

– Når me følgjer rutinar og prosedyrar så skal det vera utan risiko for passasjerar. Men me har sett i denne saka at det kan skje ting likevel, seier Freddy Eriksen.

– Det som ligg i rapporten er at det er ein kombinasjon av ein manøver frå ein pilot, og ein spesiell situasjon med helikopteret som gjer dette som ikkje skal skje. Dette som blir kalla «Servo transparency» har me retta på no. Sidan det kunne vera ei årsak blei det retta på umiddelbart etter ulukka, seier Eriksen.

Har innført avgrensingar

Fenomenet «Servo transparency» kan ha oppstått fordi hydraulikksystemet kan ha nådd si avgrensing i svingen.

Airlift har i etterkant av ulukka blant anna innført konkrete manøvreringsavgrensingar i høgder lågare enn 500 ft over bakken med passasjerar om bord.