Hopp til innhold

Ville du kjøpt denne til femåringen din?

Intimbarbering for 11-åringar og «sexy» undertøy for barn. Helsepersonell slår alarm om ein aukande trend. – Kva skal jenter på fem, seks år med blondetoppar og BH-ar?, spør Irene Benjaminsen Hjelle.

Benjaminsen

UAKTUELT: Irene Benjaminsen Hjelle er overraska over utvalet ho finn i undertøysavdelinga for barn i norske kjedebutikkar. – Det er ikkje aktuelt å kjøpe undertøy til dottera mi som liknar på noko ei vaksen kvinne kunne gått med, seier ho.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Barna har fått teikna eit bilete av at det er unormalt å ha hår på kroppen.

Nina Olsen, helsesøster

«Kva er den beste måten å fjerne håra på?» Og «Korleis skal eg sei til mamma at eg må ta det vekk?».

Helsesøster Nina Olsen får desse spørsmåla om intimbarbering omtrent dagleg frå barn heilt ned i barneskulealder.

– Det er heilt kart ein aukande trend. Oppfatninga blant desse barna er klar. Håra skal vekk. Det er blitt eit enormt fokus på kropp og utsjånad blant barn, seier Olsen.

«Kven er det som kjøper dette til barna sine?»

headolsen

HEILT FEIL: – «Sexy» undertøy er ikkje noko barn skal ha, seier Irene Benjaminsen Hjelle.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Irene Benjaminsen Hjelle frå Bergen er mor til ei jente på snart to år. Ho er overraska over utvalet ho finn i undertøysavdelinga for barn i norske kjedebutikkar.

– Kva skal jenter på fem, seks år med blondetoppar og BH-ar? Kven er det som kjøper dette til barna sine på fem år? Det høyrer ikkje heime, seier ho.

Ho meiner fokuset på utsjånad blant barn har blitt for stort, og at barn blir for fort «vaksne» i dag. Ho blir opprørt når ho får høyre at intimbarbering blant barn i så ung alder er blitt vanleg ifølgje «Klara Klok».

– Intimbarbering høyrer verkeleg ikkje heime blant så unge barn. Det er heller ikkje aktuelt å kjøpe undertøy til dottera mi som liknar på noko ei vaksen kvinne kunne gått med. «Sexy» undertøy er ikkje noko barn skal ha, seier Benjaminsen Hjelle.

– Trur det er unormalt med hår på kroppen

Nina Olsen

– AUKA FOKUS PÅ UTSJÅNAD: Helsesøter Nina Olsen meiner at fokuset på utsjånad blant barn og unge har auka enormt dei siste åra.

Foto: Privat

Helsesøster Nina Olsen har jobba i spørjetenesta «Klara Klok» sidan tenesta starta i 2000. Det er ei netteneste for barn og unge der ein kan sende inn spørsmål anonymt. Ho meiner at barn er blitt mykje meir kroppsbevisste enn dei var for nokre år sidan.

– Spørsmål frå barn mellom 11 og 15 år som omhandlar intimbarbering fanst ikkje for nokre år sidan. No kjem spørsmål stadig oftare, og barna blir stadig yngre, seier Olsen.

– Spørsmåla handlar som regel om kva som er den beste måten å få håra vekk på. Nokre har allereie fjerna hår og har fått sår eller infeksjonar. Dei er redde for at dei har øydelagt seg sjølve, fortel Olsen.

Det er lett å tenke at dette er uskuldig, men det sender jo eit signal til jenter om korleis me ventar at dei skal sjå ut og oppføre seg.

Susane kaluza, redaktør foreldre.no

– Kvifor er dette blitt vanleg for så unge barn?

– Barna har fått teikna eit bilete av at det er unormalt å ha hår på kroppen. Det kjem nok frå media, seier Olsen.

– Kva svarar de barn som lurer på dette?

– Me prøver å fortelje dei at det er naturleg med hår, og at det hår på kroppen faktisk har ein funksjon.

– Eit paradoks

Susanne Kaluza

SENDER SIGNAL: – Det er lett å tenke at dette er uskuldig, men det sender eit signal til jenter om korleis me ventar at dei skal sjå ut og oppføre seg, Susanne Kaluza, redaktør i foreldre.no

Redaktør for nettstaden foreldre.no, Susanne Kaluza, seier at me tydeleg ser ei seksualisering av barn som stadig trekk seg ned i aldersgruppene.

– Tidlegare kunne ein kjøpe barneklede og vaksenklede. No kan man ikkje lenger sjå ein skilnad. Særskilt for jenter. Kleda blitt trongare og meir seksualiserte, seier Kaluza.

– Det er eit paradoks at me stadig blir meir likestilte i dette landet, samstundes som kjønnsrollene for gutar og jenter blir meir og meir segmenterte.

Kaluza legg til at det ikkje berre er kleskjeder og media som kan klandrast, men at foreldre må ta ansvar for kva dei lar barna sine gå med.

– Det er lett å tenke at dette er uskuldig, men det sender jo eit signal til jenter om korleis me ventar at dei skal sjå ut og oppføre seg, seier ho.

Ho seier ho gjerne kunne kjøpt bikini til dottera si, men bikinitoppen blir kasta.

– Kvifor skal barna dekke til noko som ikkje er der?, spør ho.

– Me som foreldre må bli meir bevisste på dette. No har det gått for langt, seier Benjaminsen Hjelle.