Hopp til innhold

Ynskjer å forlenga elbilfordelar til 2025

Elbilane som rullar rundt på norske vegar, er gjennom klimaforliket sikra å halde på avgiftsfordelane til år 2017. No tek fleire politiske parti til ordet for å forlenga.

Elbil til lading

VIL FORLENGA: Etter at det i juni vart seld 570 ladbare bilar i Noreg, rullar no 13.147 av dei rundt på norske vegar. Flesteparten av dei er elbilar. Stortingskandidatar frå Ap, Venstre og Høgre vil forlenga avgiftsfordelane.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Eigil Knutsen

– TIL 2025: Eigil Knutsen i Arbeiderpartiet vil utvida dagens avgiftsfordelar til 2025.

Foto: Arbeidarpartiet

Som eigar av ein miljøvenleg elbil, har du fleire fordelar; du slepp å betala i bomringane, du kan parkera gratis på offentlege parkeringsplassar og du kan suse forbi køen ved hjelp av kollektivfeltet.

Klimaforliket sikrar at elbileigarar får halde på desse fordelane ut år 2017. Etter dette er det ikkje gitt at du som elbileigar slepp unna bomringen eller kan nytte deg same felt som kollektivtrafikken.

Men no tek fleire politiske parti til ordet for å forlenga avgiftsfordelane til 2025.

– Eg vil gi dobbel vrakpant til dei som byter ut ein gamal bil og kjøper inn ein ny elbil. Og så vil eg behalda støtteordningane som eksisterer i dag fram til 2025, seier stortingskandidat Eigil Knutsen i Arbeiderpartiet.

Brei politisk semje

Stortingskandidat for Venstre i Hordaland, Mathias Fischer, er samd med Knutsen i Ap.

– Så er det andre avgiftsfritak som vi ynskjer å innføra, mellom anna leasing av elbilar. I dag er det også moms på kjøp av nytt batteri til elbilar. Den momsen ynskjer vi å fjerna, slår Fischer fast.

Stortingskandidat Peter Christian Frølich seier det kan vera lurt å venta med utvidelsane, til Stortinget har fått evaluert klimaforliket.

– Men eg tek gjerne bølgja for elbilen saman med Knutsen i Ap. Det er nok ein oppfatning som fleire i Høgre deler.

– Gode forslag

Generalsekretær Snorre Sletvold i Norsk Elbilforening er veldig glad for å høyre forslaga til stortingskandidatane i Hordaland.

– Vi tykkjer dette er gode forslag som absolutt bør vera realistiske å gjennomføra. Det syner at elbilensaka står sterkt hjå norske politikarar.

Men Sletvold legg til at ein kan frykta at dette er lause forslag frå partia i eit valår.

– Men samstundes må forslag starte ein stad, og vi håpar at dette er ein begynnande trend, og at det hamnar i partiprogramma på sikt.

Forslaget Eigil Knutsen kjem med, står ikkje i partiprogrammet til Arbeiderpartiet

Partiprogrammet ville vore like langt som Bibelen om ein skulle ha hatt med alt av idear og tankar på kva ein ynskjer å gjera, svarar Knutsen.

Fristar avgiftsfordelar til 2025 nok til at du vurderar å kjøpa elbil? Sei di meining i kommentarfeltet!