Hopp til innhold

Vil saksøka Jernbaneverket etter brannen på Hallingskeid

Jernbaneverket og forsikringsselskapet Tryg kranglar om gigantrekning på 150 millionar kroner etter Hallingskeid-brannen. No går det rekordstore regresskravet mot retten.

Utbrent tog på Hallingskeid

ERSTATNING FOR TOGSETT: NSB fekk 150 millionar kroner i erstatning for det utbrente togsettet frå forsikringsselskapet Tryg. Tryg og Jernbaneverket er no ueinige i kven det er som skal betala for det utbrente togsettet.

Foto: Arnstein Karlsen

16. juni 2011 tok det til å brenna i eit overbygg på Hallingskeid stasjon på Bergensbanen. Eit passasjertog med 250 passasjerar om bord tok også til å brenna då det køyrde inn på stasjonen. Toget blei fullstendig utbrent, men ingen personar blei skadde.

Det blei gjort klare regelbrot under sveisearbeidet som kan ha starta brannen på Hallingskeid stasjon. Det meiner forsikringsselskapet Tryg som varslar at erstatningskrav etter brannen vil gå til retten.

Tog i brann på Bergensbanen

BRANN: Det var 16. juni 2011 det tok til å brenna på Hallingskeid stasjon.

Foto: Margit Karin Himle

Havarikommisjonen la i fjor fram ein rapport som sa at sveisearbeid som blei gjort på snøoverbygget på stasjonen er den mest sannsynlege brannårsaka.

Kommisjonen gav også Jernbaneverket kritikk for å ikkje ha gode nok prosedyrar for varmearbeid når det gjeld krav til risikovurderingar og etterkontroll.

NSB fekk 150 millionar kroner i erstatning for dei utbrente togsetta frå forsikringsselskapet Tryg. Etter at Havarikommisjonen hadde lagt fram rapporten sin fremma Tryg regresskrav mot Jernbaneverket og Norsk Jernbanedrift, fordi dei meiner desse er ansvarlege for brannen.

– Ulukka kunne vore avverja eller mindre

Jernbaneverket svarte i eit brev i januar i år at dei ikkje vil godta kravet på 150 millionar kroner. I brevet skriv Jernbaneverket mellom anna at dei ikkje kan sjå at dei ved eiga aktløyse har forårsaka brannen eller skadane brannen medførte for NSB.

– Me har hatt møter med dei involverte i vår der me blant anna klarla faktum, seier konstituert kommunikasjonssjef Roald Stigum Olsen i Tryg til NRK.

Dei har også gått nøye gjennom Havarikommisjonen sin rapport.

– Me har målt ulukkesrapporten opp mot reglar for forsikring og reglar som gjeld den typen arbeid som blei gjort. Me meiner det er klare brot på reglar, og at ulukka kunne ha vore avverja eller blitt mykje mindre viss regelverket var blitt følgd betre, seier Stigum Olsen.

Formell stemning etter sommaren

Tryg varsla difor Jernbaneverket og Norsk Jernbanedrift om stemning. Varselet om stemning blei avvist og neste steg er difor å formelt stemna dei.

– Då går saka til retten, og med mindre motparten ønskjer forhandling så vil ei rettssak bli fastsett, seier Roald Stigum Olsen.

– Når vil den formelle stemninga komma?

– Det er det neste trekket og det tar nok ikkje så lang tid før det ligg føre ei formell stemning, seier Stigum Olsen.

Pressesjef Jan Erik Kregnes i Jernbaneverket opplyser at Jernbaneverket ventar på stemning frå Tryg.

Synspunktet til Jernbaneverket er framleis som dei skreiv i brevet i januar i år, at dei meiner det ikkje er faktisk og rettsleg grunnlag for erstatningskravet som er fremma.

Kravet Tryg har retta mot Jernbaneverket og Norsk Jernbanedrift er på omtrent 150 millionar kroner, og det er det største regresskravet som er fremma frå eit norsk forsikringsselskap nokon gong.