Hopp til innhold

Lovar 320 millionar til Sjøforsvaret

BERGEN (NRK): Forsvarsministeren hadde med seg lovnadar om over ein kvart milliard til vedlikehald av marinen sine fartøy då ho vitja Haakonsvern i dag.

BERGEN (NRK): Forsvarsministeren hadde med seg lovnadar om over ein kvart milliard til vedlikehald av marinen sine fartøy då ho vitja Haakonsvern i dag.

VIDEO: Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H) vitja Haakonsvern i dag, med lovnader om å ekstraløyvingar på 320 millionar kroner til Sjøforsvaret.

Regjeringa føreslår nemleg å løyve 320 millionar kroner ekstra til Sjøforsvaret i neste års budsjett. Pengane skal gå til sårt treng vedlikehald av fartøy i forsvaret.

– Dette er eit ekstraordinært tiltak for å sikra at Sjøforsvaret kan halda oppe ein høg operativ evne, seier forsvarsminister Ine Eriksen Søreide.

Sjøforsvaret har hatt eit etterslep på vedlikehaldet av fartøya sine, og dette har bygd seg opp over mange år. Det hjelp heller ikkje at kronekursen er så svak at det har gitt Sjøforsvaret ekstrautgift på 36,5 millionar i år. Årsaka er at dei gjer innkjøp i dollar eller euro.

Ine Eriksen Søreide på Haakonsvern

TIL VEDLIKEHALD: Pengeløyvinga frå regjeringa skal gå til vedlikehald av Sjøforsvaret sine fartøy.

Foto: Mariann Reikerås / NRK

– Kritisk

Utan meir pengar til vedlikehald neste år kunne dette gå hardt utover Sjøforsvaret sitt arbeid. Midt i valkampen kjem altså ein tresifra millionlovnad frå forsvarsministeren.

– Vi har eit moderne og slagkraftig sjøforsvar som har greidd å løysa sine oppdrag trass auka vedlikehaldskostnader. Dette er no begynt å bli kritisk, og regjeringa svarar her klart og tydeleg på ei konkret utfordring, held forsvarsministeren fram.

Sjøforsvaret

KAN FÅ MEIR Å RUTTA MED: Regjeringa vil løyve over 300 millionar kroner til Sjøforsvaret, som sårt treng pengar til viktig vedlikehald. Her frå ei øving i Altafjorden.

Foto: Petter Brenni Gulbrandsen / Forsvaret

Må spare

I førre veke skreiv NRK om Sjøforsvarets sine befalsskular i Bergen og Stavanger, som no er blitt slått saman. Det sparar dei 15 millionar kroner på. Det kjem godt med sidan Sjøforsvaret er gjenstand for dramatiske kuttforslag frå forsvarssjef Haakon Bruun-Hansen.

Bruun-Hansen kom også med ein peikefinger til regjeringa i juni, der han bad om at løyvingane vart auka om Norge skal klara å ha «truverdig og relevant forsvar i framtida».

– Bør komma meir

– Det er godt dokumentert at det er behov for ekstramidlar til vedlikehald av fartøy til Sjøforsvaret. Eg reknar likevel med at forsvarsministeren kjem med fleire midlar til Sjøforsvaret i forslag til statsbudsjett for neste år, seier leiar for Stortingets utanriks- og forsvarskomité, Anniken Huitfeldt frå Arbeiderpartiet

Huitfeldt peikar på at det var gjort kutt for budsjettet inneverande år.

– I budsjettet for i år ble forsvarsministeren påtvungen eit kutt på over 100 millionar. Det kan ikkje skje i budsjettet for neste år, seier ho.