Bente Bondhus frå Senterpartiet meiner rimelegare buss og bane vil gjera at færre unge får ein utrygg slutt på byturen.
– Vi høyrer omtrent kvar einaste helg om at det skjer uheldige hendingar i drosjekøar, på uteplassar eller når ein går heim på natta, seier Bondhus.
Tryggleik
Bondhus meiner også det er viktig at folk reiser kollektiv etter sola har gått ned.
– Det er greitt å kunne bruke månadskortet til å kome seg heim også på natta. Også det kan gi ein form for tryggleik, meiner Bondhus.
I tillegg håpar Bondhus tilbodet vil gjere det mindre attraktivt å bruke pirattaxiar og liknande for å kome seg heim.
– Dei som argumenterer mot seier at dette vil koste oss pengar, men eg trur det kan bidra til at fleire kjøper månadskort eller ungdomskort. Vi vil finne løysingar for å kunne gjennomføre fjerning av nattaksten.
– Feil prioritering
Avtroppande fylkesordførar, Tom Christer Nilsen i Høgre meiner fjerning av nattaksten er ei total feilvurdering.
– Vi har to utfordringar i kollektivtrafikken. Det eine er å kutte luftforureining, og det andre er å sikre at folk kjem trygt og raskt på jobb. Å fjerne nattaksten eller "festtaksten" på bussen dekker ikkje nokon av dei målsetjingane, og det reduserer ikkje trengsel i Bergen sentrum, seier Nilsen.