Hopp til innhold

Vil ha røykeforbod på alle kollektivstopp

Arbeidarpartiet vil nekte folk å røyke på haldeplassar for buss og bane i landets to største byar. – Det er brei støtte for slike tiltak i Ap, seier helsepolitisk talsmann.

Byparken stasjon

RØYKE HER? Arbeidarpartiet meiner eit røykeforbod på haldeplassane til Bybanen og bussar er eit godt helsetiltak.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Barn og unge skal sleppe å vere passive røykarar når dei tek buss og bane, meiner Arbeidarpartiet.

Partiet vil no ha forbod mot røyking på haldeplassane til all kollektivtrafikk i landets to største byar. Både i Oslo og Hordaland tek Ap no til orde for eit slikt forbod.

Atle Kvåle

VIL HA NYTT FORBOD: Atle Kvåle i Ap vil nekte folk å røyke på busstopp.

Foto: Runa Victoria Engen

– Busshaldeplassar og bybanestopp er noko folk ikkje kan velje vekk. Dei er nøydde til å opphalde seg der, seier Atle Kvåle, samferdslepolitisk talsmann i Hordaland Ap.

  • Kva synst du om forslaget? Bruk kommentarfeltet nedst!

– Stor støtte i Ap sentralt

Forslaget kjem etter at det no skal bli forbode å røyke på alle togstasjonar og perrongar i Noreg.

Frå 1. september vert det innført forbod mot alle formar for røyking for togreisande, etter initiativ frå Jernbaneverket. Det vert sett opp skilt om røyking forbode, oskebeger vert fjerna og elektroniske sigarettar vert til og med omfatta.

Ap vil no ta det same forslaget til resten av kollektivtrafikken. I Oslo og Akershus kom forslaget førre veke, i Bergen kjem no også den same debatten.

Forslaget får også støtte sentralt i Arbeidarpartiet.

– Vi har ikkje handsama dette konkret i partiet. Men eg meiner det er stor støtte for å gjere slike grep i Ap, seier Torgeir Michaelsen, helsepolitisk talsmann i Arbeidarpartiet på Stortinget.

Forsinkelser t-bane

OGSÅ I OSLO: Også i Oslo har ein tatt til orde for å nekte røyking på stopp for buss og bane, som her på T-banen ved Brynseng.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

– Eit helsetiltak

Torgeir Michaelsen (Ap)

STØTTE: – Dette trur eg det er brei støtte for i Arbeidarpartiet, seier Torgeir Michaelsen, helsepolitisk talsmann i Ap.

Foto: Stortinget

Michaelsen trur eit eventuelt forbod kan bli eit viktig steg for å få færre til å røyke, slik røykelova gjorde i si tid.

– Eg opplever at det er ubehageleg for veldig mange som står på eit trongt busstopp, der ein gjerne må trykke seg saman under taket i dårleg vêr, og nokon står og røyker. Røyking er noko av det farlegaste du kan påføre kroppen din, og passiv røyking er også ein helsefare, seier han.

– Men det må ikkje bli ein parodi med slike forbod. Dei som røyker må heller ikkje føle seg utstøytt eller uthengt, påpeiker han.

Kvåle, som er Arbeidarpartiet sin samferdslepolitiske talsmann i Hordaland, meiner eit røykeforbod vil vere eit helseførebyggjande tiltak.

– No er det rett før skulestart. Då meiner me det er viktig å ha ei offensiv haldning til det som er ein del av vårt førebyggande helsearbeid, seier Kvåle.

Høyr kva folk på gata i Bergen synst om forslaget:

– Kan få det til

Ingrid Dreyer i Skyss

OPP TIL POLITIKARANE: Ingrid Dreyer i Skyss meiner politikarane får ta avgjerda om eit eventuelt røykeforbod.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

Hos fylkeskommunale Skyss, som styrer kollektivtrafikken i Hordaland, vil de så langt ikkje kommentere saka.

– Dette får vere opp til politikarane å bestemme, seier kommunikasjonsrådgjevar Ingrid Dreyer i Skyss.

– Men eg må innrømme at eg sjeldan har blitt plaga av dette på haldeplassane. Men som sagt: Dette overlèt vi til politikarane.

Ap vil ta opp saka om røykfrie buss- og Bybanen-haldeplassar på neste møte i samferdsleutvalet i Hordaland. Det skjer den 20. august.

Der håpar han det kjem tydelege signal frå andre parti – og at fleire vil støtte forslaget.

– Er det politisk vilje, får me til det me vil, seier han.

Og det er det i Arbeidarpartiet, trur Torgeir Michaelsen.

– Dette er ein klassisk debatt om fridom. Skal det vere fridom for røykarane eller ikkje-røykarane? Eg synst folk skal ha anledning til å velje ikkje å få røyk rett opp i ansiktet. Dette er eit forslag eg meiner ein skal jobbe vidare med.

  • Kva synst du om forslaget? Bruk kommentarfeltet under!