Hopp til innhold

Vil ha felles busskort for unge på Vestlandet

Ungdom bør kunne bruka eitt og same busskort både i Rogaland og Hordaland, meiner SV. Dei vil også at kortet skal gjelda til fylte 25 år.

Busskort

SAMARBEID: (F.v.) Daniel Charles Hextall, Hordaland SVs ungdomskandidat til fylkestinget, og Eirik Faret Sakariassen, Rogaland SVs tredjekandidat til fylkestinget, ønsker eit felles ungdomskort for Hordaland og Rogaland som er gyldig til ein har fylt 25 år.

Foto: Anne Sofie Lid Bergvall, SV

Vallogo

– No har det kome nye studentar til Bergen, mange av desse er frå Stavanger. For dei er det dyrt å reisa heim til familien i helger og feriar, noko det ikkje burde vera, seier Daniel Charles Hextall, Hordaland SV sin ungdomskandidat til fylkestinget.

Han vil saman med Eirik Faret Sakariassen, Rogaland SV sin tredjekandidat til fylkestinget, føreslå eit samarbeid på tvers av fylkesgrensa for unge opptil 25 år.

Studentar har ikkje betre økonomi enn elevar som bur heime med foreldra, snarare tvert imot.

Daniel Charles Hextall, SV

– Me kjem til å fremma sakene i våre respektive fylkesting parallelt slik at ein får knytt eit større samarbeid mellom dei store fylka på Vestlandet.

– Helst nasjonal ordning

– Sosialistisk Ungdom har lenge kjempa for eit nasjonalt ungdomskort, men no tar me til orde for ein lokal ordning. Me har ikkje tru på at Stortinget sikrar billeg kollektivtransport for ungdom og studentar, difor prøvar me å gjera det sjølv, seier Faret Sakariassen.

Hextall og Sakariassen meiner dette handlar om økonomisk fridom til å kunne bevega på seg.

busskort
Foto: ANNE SOFIE LID BERGVALL, SV

– Me ønsker at ungdomskortet skal gjelda til du er fylt 25 år, og at prisen på kortet generelt skal blir lågare. Studentar har ikkje betre økonomi enn elevar som bur heime med foreldra, snarare tvert imot.

Dei to har førebels ikkje fasiten på korleis dette skal finansierast:

– Målet må vera at ei slik ordning kan vera finansiert nasjonalt, men i første omgang må fylka gjera dette sjølv. Vi har ikkje eit endeleg reknestykke fordi vi ikkje veit kor populært dette vil bli, seier SV-duoen.

Kystbussen

VESTLANDSRUTE: Kortet bør kunne brukast på Kystbussen og andre bussruter mellom dei to største byane på Vestlandet, meiner SV.

Foto: Kystbussen

– Interessant forslag

Både Høgre og KrF er i utgangspunktet positive til forslaget.

Video - Bompengar var riktig, meiner Bømlo-ordføraren.

Inge Reidar Kallevåg er fylkestingsrepresentant for Høgre.

Foto: Nyhetsspiller

– Me er opptekne av at ungdommane skal få lettast mogleg måte å reisa på. Men me kan ikkje seia noko før me ser kva som faktisk ligg i forslaget, og kva det vil kosta, seier fylkestingsrepresentant for Høgre, Inge Reidar Kallevåg,

Pål Kårbø i KrF seier dei ønsker å sjå nærare på forslaget.

Førstekandidat for KrF i Hordaland Pål Kårbø

Pål Kårbø sit på Fylkestinget for KrF.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Forslaget er heilt klart ein spanande tanke, og det er absolutt viktig å samordna tilbodet mellom fylka. Men me må sjå på dette inn mot budsjettarbeidet.

Når det gjeld å heva grensa til 25 år er han litt meir skeptisk.

– Det vil vera ein stor auke og kosta mykje pengar å heva grensa til 25 år frå dagens 19 år. Men som sagt må me sjå på kva prisen faktisk vil blir før me kan seia noko endeleg, slår Kårbø fast.