Hopp til innhold

Skal forska på kreft blant brannfolk

Kreftregisteret opnar likevel for å forska på om brannfolk er spesielt utsette for kreft. – Mange er letta over dette, seier leiaren i gruppa «brannmenn mot kreft»

Brannmann i aksjon

KVA VERT DEI UTSETT FOR? Brannfolk i aksjon under brannen i det sårbare trehusmiljøet i Bergen sentrum i april.

Foto: Audun Humberset

– Me i Kreftregisteret er positivt innstilt til å sjå nærmare på samanhengen mellom arbeidsmiljøet hjå brannmenn og førekomstane av kreft hjå denne gruppa, seier overlege Tom Grimsrud i Kreftregisteret.

Frode Tufte

FEKK KREFT: Frode Tufte fekk kreft i 2000. Han meiner jobben i brannvesenet er grunnen til at han vart ramma av kreft.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

Etter at NRK fortalde om eit 30-tals norske brannfolk, som hevdar dei har fått kreft på grunn av jobben dei har gjort, sa Kreftregisteret at det ikkje var pengar eller politisk vilje til ei slik studie.

Men etter at fleire sentrale politikarar har tatt opp saka snur dei. No vil dei starta ei studie av gruppa.

Les òg: – Me låg og kraup i hus og piper fulle av svovel, olje og benzen

Utfordrande arbeid

Ifølgje Grimsrud skal undersøkinga skje i samarbeid med blant andre Statens arbeidsmiljøinstitutt.

– Ei av utfordringane er kva brannfolka vert utsette for i arbeidet sitt, seier overlegen.

Det er gruppa som kallar seg «brannmenn mot kreft» som har løfta spørsmålet om brannmenn er meir utsette for kreft enn andre. Eit 30-tals personar som har jobba som brannmenn hevdar dei har fått kreft grunna farlege stoff dei har fått i seg gjennom arbeidet.

Organisasjonen "Brannmenn mot kreft", krever at styresmaktene undersøker kreftfaren i brannvesenet. Over 30 brannmenn mener de har fått kreft på grunn av jobben.

VIDEO: Gruppa«brannmenn mot kreft» krev at styresmaktene undersøker kreftfaren i brannvesenet.

– Letta over snuoperasjonen

Tommy Kristoffersen som leiar gruppa er letta over at Kreftregisteret likevel vil sjå nærmare på saka deira.

Tommy Kristoffersen

LETTA: Tommy Kristoffersen i «brannmenn mot kreft» er letta over at kreftregisteret snur.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

– Eg trur dei fleste er glade for at dette vert tatt på alvor, seier Kristoffersen.

Gruppa har vorte kontakta av ei rekkje tidlegare brannfolk som har vorte råka av kreft. Pårørande til tidlegare brannmenn som har døydd av kreft har òg tatt kontakt.

– Tida vil jo visa kva resultata vert og kva som vert dei eventuelle konsekvensane. Det er uansett bra og viktig at ein får vita korleis situasjonen har vore her i landet, seier Kristoffersen.