Det skriv VG.no i kveld.
14. november 2011 blei åtte år gamle Monika Sviglinskaja funnen død av mora i heimen deira i Sund. Tre år etter at saka blei lagt bort av politiet, blei ein 32-år gammal mann arrestert og sikta for å ha drapet.
Politiet skal ha funne DNA-spor på eit belte rundt Monikas hals. No melder VG at det skal vere snakk om fleire DNA-funn som kan kople den sikta 32-åringen til drapet.
Politiet har heile tida hatt DNA-spora som bevis, men har fyrst i år klart å setje dei saman til ein delvis DNA-profil som kunne leie dei til ein mistenkt.
Vil ikkje kommentere DNA-funna
NRK har ikkje fått kontakt med politiadvokat Asbjørn Onarheim, eller 32-åringens forsvarar, Fredrik Verling.
Til VG seier Onarheim at han ikkje ønskjer å gå i detalj om kvar DNA-funna er gjort.
– Det er ein delvis DNA-profil, men eg kan ikkje stadfesta kva profilen syner, seier Onarheim.
Verling vil ikkje kommentere DNA-funna, og syner vidare til politiet.
LES OGSÅ:
– Mistanken styrka etter etterforskinga
19. november blei 32-åringen varetektsfengsla i fire nye veker. Onarheim fortalde då til NRK at mistanken mot den sikta er styrka etter etterforskinga.
32-åringen erkjenner ikkje straffskuld, og seier han ikkje har noko med drapet å gjere.
Mannen skal onsdag kveld sitte i nye avhøyr hos politiet.