Hopp til innhold

Varslar tøffe forhandlingar i Nordhordland

Fleire kommunar i Nordhordland vurderer samanslåing, men plassering av tenestetilbod kan velte planane. Ordførarane varslar at forhandlingane vert knallharde.

Ordførarane varslar tøffe forhandlingar om kommunesamanslåing i Norhordland.

TØFFE FORHANDLINGAR: Om Radøy og Lindås slåast saman er ikkje sikkert, men ordførarane varslar tøffe forhandlingar.

Om det går mot slutten for Manger som kommunesentrum er ikkje sikkert, for i Radøy har dei ikkje bestemt seg for om dei vil ha ein storkommune eller ikkje.

– Nei, det har eg ikkje gjort, seier ordførar Jon Askeland i Radøy (Sp).

– I dag gjer me eit vedtak om å forhandle med nabokommunar om vilkåra for ei eventuell samanslåing, legg han til.

– Skulle helst sloppe

Astrid Aarhus Byrknes

IKKJE ENKELT: Astrid Byrknes, ordførar i Lindås, seier det nok ikkje blir enkle forhandlingar framover.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

Kommunestyret i Lindås har vedtatt at dei ynskjer å forhandle med nabokommunane, men ordføraren trur ikkje det blir så enkelt med samanslåing likevel.

– Me må byrje ein stad, og så tenkjer eg at me nok blir einige, seier ordførar Astrid Byrknes (KrF) i Lindås.

Slår Radøy og Lindås seg saman vil dei komme opp i eit innbyggjartal på 20.108 personar. Men kommunen kan verte enda større, for Meland vil truleg også vere med.

Ordførar Askeland i Radøy trur ikkje det er så mykje å spare på samanslåing, og helst skulle han vore utan forhandlingsrunden som no kjem.

– Det ville eg helst sloppe å tenkje på, for me er ein god kommune, og me driv kjempeeffektivt, seier Askeland.

Vil ta vare på tenestetilboda

Jon Askeland

VILLE SLOPPE: Ordførar i Radøy, Jon Askeland, skulle helst sloppe forhandlingane om ein storkommune.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

Kommunane har eit og eit halvt år på seg til å bli samde om alt frå skattestruktur til plassering av tenestetilbod. På butikken ved rådhuset i Radøy, er rådet å stå knallhardt på krava.

– Dei må ikkje få dårlegare tenester enn dei har i dag, seier Ansgar Valdersnes.

– Det er viktig at me har gode forhandlarar, og veit kva me vil. Me må prøve å grave mest mogeleg til oss. Me har det veldig godt i Radøy, men me skulle hatt litt meir pengar slik at me fekk oss ein kafé, seier Karina Tveiten.

– Miljø, kultur, og at ein ikkje mistar sin eigenart, seier Arne-Geir Aasheim.

Og går det slik ordføraren i kommunen vil, så blir krava til innbyggjarane viktige i forhandlingane.

– Det eine er demokratisk innverknad, og å ta vare på tenestetilbodet der folk bur på Radøy. seier ordførar Jon Askeland.