Hopp til innhold

Væpna politi var klare til å rykke

Ekstra politimannskap blei halde skjult under seglskutearrangementet Tall Ships Races i helga.

Politi

SKJULT VÆPNA POLITI: I tillegg til sivile politifolk i folkemengda, har politiet i Bergen også vore i beredskap i nærleiken av Bryggen der arrangementet Tall Ships Races har gått føre seg.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Gustav M. Landro

VÆPNA POLITI I SKJUL: – Me har hatt væpna folk på plass, klare til å agere dersom det skulle oppstå truslar i folkemengda, seier stabssjef ved Hordaland politidistrikt Gustav Landro

Foto: Steinar Nedkvitne

I Bergen har truleg over ein halv million menneske vore innom seglskutearrangementet Tall Ships Races i helga. Politiet varsla fredag at dei kom til å ha auka vakthald på arrangementet på bakgrunn av den varsla terrortrusselen.

– Me har hatt væpna folk på plass, klare til å agere dersom det skulle oppstå truslar i folkemengda, seier stabssjef ved Hordaland politidistrikt Gustav Landro til BT.no.

Politiet har halde dei væpna patruljane skjult for ikkje å skremme nokon, seier Landro til avisa.

Var informert om dei skjulte patruljane

Haakon Vatle

FORNØGD: – Det er kjekt å sjå at publikum ikkje har halde seg heime. Folk var ute. Ser ein bileta frå kveldane, ser ein at folk ikkje har latt seg truem seier Haakon Vatle, prosjektleiar.

Foto: NRK

Arrangørane av Tall Ships Races var informerte om at politiet hadde skjult beredskap under seglskutearrangementet i helga.

– Me visste dei passa godt på, og det er me takknemlege for, seier prosjektleiar for arrangementet Haakon Vatle.

Terrorvarselet torsdag kom på same tidspunkt som Tall Ships races skulle ha ein pressekonferanse og informere om programmet.

– Det var jo sjølvsagt ikkje ein ideell eller hyggeleg start på festivalen. Men det som er bra er at me hadde ein plan for at slike uventa ting kan skje.

– Folk har ikkje latt seg true

– Me har og hatt eit fantastisk samarbeid med politiet, og me har vore sikre på at arrangementet har vore i dei beste hender, seier Vatle.

Kor mange som har besøkt arrangementet i helga, finst det endå ikkje tal på. Men Vatle meiner besøkstala frå 2008 på ein halv million er meir enn toppa.

– Det har knitra i byen, både på dagtid og kveldstid. Eg er relativt sikker på at me har hatt over ein halv million besøkande innom, slår prosjektleiaren fast.

– Det er kjekt å sjå at publikum ikkje har halde seg heime. Folk var ute. Ser ein bileta frå kveldane, ser ein at folk ikkje har latt seg true.

utfart

UTFART: Seglskutene segla ut Vågen og under Askøybrua i ettermiddag.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK