Hopp til innhold

Her bles ferja nesten på land

Uvêr har skapt trøbbel i heile fylket i dag. Bruene på Trekantsambandet har opna att, men politiet i Sunnhordland ber folk framleis halda seg innandørs.

Ferga blir tatt av vinden på Fedje

Sjå vinden ta tak i ferja på Fedje

Storm på Fedjefjord

Slik var det å vere passasjer på ferja 'Fedjefjord' i dag.

Foto: Annie Gullaksen / Tips 03030

SISTE: Vegtrafikksentralen opplyser om at Bømlabrua og Stordabrua no er open att. Dei har vore stengt i fleire timar i dag grunna uvêret. Klokka 18.27 kan trafikantane ta seg over igjen, men Vegvesenet seier at bruene kan bli stengt på kort varsel.

Fleire meldingar:

  • Fylkesveg 7 i Tokagjelet er opna for manuell dirigering igjen.
  • Sotrabrua på riksveg 555 er open for fri ferdsel igjen. Det har lenge vore manuell dirigering der i dag grunna sterk vind. Det er framleis ein del køar i området.
  • Ferjesambandet Fedje-Sævrøy er no opna for trafikk igjen, melder Vegtrafikksentralen. Det same gjeld Leirvåg-Sløvåg.
  • Bømlafjordtunnelen på E 39 er utan lys og dei to bruene i Trekantsambandet er framleis stengt.
  • Nordnesparken i Bergen er stengt. Eit tre har velta. Brannvesen og politi ber folk halda seg innandørs til stormen har gitt seg.
  • Siste avgang for Kystbussen frå Bergen vert klokka 18.00. Dei opplyser om at dei slit med å halda rutetidene på grunn av stengde ferjesamband og vegar.

Sjå oppdaterte meldingar frå Skyss her.

– Hald dykk inne!

Politiet i Bergen ber folk om å feste lause gjenstandar og vere særleg obs på stillas. I Bergen sentrum har det vore utrykkingar til Lars Hilles Gate og Vaskerelven, på grunn av stillas som har vore i fare for å velte.

I ei pressemelding frå Bergen kommune kjem brannvesenet med den sterke anmodninga om at personar bør halda seg innandørs til stormen har gitt seg.

Sterk vind og uvêr har ført til at fleire bruer og ferjesamband har vore mellombels stengt i dag. I Bergen er det fleire tre og lyktestolpar som har velta.

- Stort etterslep

Det var lenge manuell dirigering på Sotrabrua på riksveg 555 i dag, men no er den opna igjen for fri ferdsel.

- Ut mot Sotra er det stort etterslep så folk må framleis berekne god tid, opplyser Vegtrafikksentralen.

Laster Twitter-innhold

Vinden tok tak

På Fedje tok vinden godt tak i ferja då den prøvde å legga til kai. Gjermund Havstad som har sendt inn videoen fortel at han var der tilfeldig.

– Eg er overraska over at dei i det heile tatt prøvde å legga til kai, seier han til NRK.

Sjå videoen i toppen av saka!

Bruene opna att

Vegtrafikksentralen opplyser om at Bømlabrua og Stordabrua no er open att. Dei har vore stengt i fleire timar i dag grunna uvêret. Klokka 18.27 kan trafikantane ta seg over igjen, men Vegvesenet seier at bruene kan bli stengt på kort varsel.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold